Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Kva er fritid for forskarar? Kan dei drive aktivisme i fritida?

– I undervisinga er det sjølvsagt ikkje rom for å drive med slikt, seier førsteamanuensis Alexander Sønderland Skjønberg.

Den britiske forskaren Charlie Gardner går ikkje av vegen for aktivisme. – Det tek for lang tid å endre samfunnet gjennom forsking og undervising, sier han. Foto: Louise Jasper

Sjølv forskarar forlet av og til kontoret for å demonstrere i gatene. I en reportasje i Forskerforum seier miljøaktivist Jonas Kittelsen i Extinction Rebellion at akademia Akademia lyt trappe opp samfunnsengasjementet.

Forskarar må gjerne drive aktivisme i fritida, meiner universitetsleiarane vi har snakka med.

Men det finst ingen klare reglar for kva det vil seie, ifølgje Alexander Sønderland Skjønberg, førsteamanuensis ved Institutt for rettsvitenskap og styring på BI.

– I undervisinga er det sjølvsagt ikkje rom for å drive med slikt, og der kan institusjonen sette krav. Men elles er det vanskeleg å gjere tydelege avgrensingar i så uavhengige stillingar som forskarar har, seier han.

Det følgjer av den akademiske fridomen at grensa for kva tid fritidsaktivisme et seg inn i arbeidstida, i stor grad vil vere opp til den einskilde forskarens skjønn og etiske vurderingar, meiner han.

– Det er ikkje uvanleg å ha reglar for kva tid tilsette skal vere til stades på kontoret, men det er oftast fordi dei skal vere tilgjengelege for studentane. Og det kan stillast krav til møtedeltaking og liknande. Kva ein gjer med resten av tida si, er stort sett opp til den enkelte, så lenge ein leverer på kjerneoppgåvene.

Formidling er som kjent ei kjerneoppgåve, men heller ikkje her er det klare reglar for korleis ein skal skilje mellom forsking, formidling og politisk engasjement.

Les også:

– Den der ynkeliggjøringa og at man har det så jævla vanskelig når man er akademiker, det provoserer meg

– Livet mitt ble bedre da jeg skjønte at man ikke trenger å takke ja til konferansemiddag. For noe møkk.

Viola Lobert har et dilemma: Hvor lenge kan hun la stipendiat Maja Buchholz bære risikoen med et ambisiøst forskningsprosjekt?

– Uten øyfolkene i Stillehavet hadde jeg ikke vært professor i sosialantropologi

På en svensk herregård får forskerne ro til å skrive

Finst det rom for fri og kritisk forsking på norsk utanrikspolitikk?

Du skal gjøre verden til et bedre sted med teksten din. Gjør du det, oppnår du evig lykke. Jeg lover.

Hva er egentlig en god akademisk tekst? Og hva gjør man, helt konkret, når man skal skrive en sånn?

Lukk meny