Publisert 23. januar 2025 kl. 12:33
Korleis kan fagforeiningar jobbe med berekraft? I førre nummer kom det fram at tillitsvalde ofte tykkjer mandatet for å ta opp berekraftsspørsmål lokalt, er uklart. Samstundes løfta tidlegare nestleiar i Forskarforbundet, Kristian Mollestad, tanken om at det kanskje er på tide å bruke trepartssamarbeidet til å kjempe for andre gode enn høgast mogleg løn, som driv eit ikkje berekraftig forbruk.
– Eg meiner at Forskerforbundet treng ein idedugnad. For dette er jo komplekst, ulike interesser skal vegast mot kvarandre, seier Kjellrun Hiis Hauge.
Ho er professor i klimadanning og berekraft ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), og har lokalt prøvd å lansere forslag til korleis forbundet kan jobbe med berekraft. Forslaga inkluderer til dømes:
– Forslaga vart til som ein reaksjon på at vi stadig blir minna om å finne gode argument for at vi fortener høgare løn. Men vil vi eigentleg auke kjøpekrafta når vi ligg aller høgast i privat forbruk? Fagforeiningar har vore viktig for å kjempe for arbeidsstokkens gode og for rettferd, men kanskje vi kan tenkje på andre gode enn berre løn, seier ho.
Innspelet får full støtte frå Hanno Sandvik, forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).
– Fagforeiningar kan jobbe med berekraft på mange måtar, men eg tykkjer lønspolitikken er den store elefanten i rommet, seier han.
Som lokallagsleiar i Forskerforbundet ved NINA har han løfta tanken om å kjempe for til dømes redusert arbeidstid. Dei har mellom anna fått lokalt gjennomslag for at ein skal kunne søke om redusert stilling også utan at det føreligg sosiale grunnar som sjukdom eller omsorgsoppgåver.
– Vi som jobbar ved NINA forskar jo på berekraftspørsmål dagleg, så mange er veldig medvitne om det. Dei fleste hos oss tykkjer dei tener godt og er ambivalente til lønsauke – vi har til dømes fleire som er kvalifiserte til å vere seniorforskarar, men som er heilt nøgde med å sitte som forskar II og ikkje søker opprykk, seier han.
Lokallaget har diskutert om ein i lønsforhandlingane kunne stilt krav om eit par ekstra feriedagar, eller kortare arbeidsdagar, mot å krevje mindre lønsauke.
– Vi tenkte også på om det er nokre grupper vi burde starte med, og småbarnsforeldre peikar seg ut. Så vil nok nokon seie at det er urettferdig mot andre grupper, men det gjeld jo dagens tilkjempa ordningar også. Sjukeløn er urettferdig mot dei som alltid er friske. Men ein stad må ein byrje, seier han.
Sandvik deltok på sitt første representantskapsmøte i Forskerforbundet i november 2024. Møtet vart innleia med eit foredrag av Bjørn Samset ved Cicero, som snakka om klimakrisa.
– Han nemnde tre punkt vi må jobbe med om vi vil unngå katastrofe: Få ned utsleppa, tilpasse oss eit endra klima, og få ned forbruket. Eg tenkjer at Forskerforbundet medverkar til dei to første punkta gjennom forskinga medlemmane utfører. Men som fagforeining er vi med på å forverre det siste punktet gjennom fokuset vårt på lønsauke, seier han.
Sandvik foreslo difor ei lita endring i arbeidsprogrammet: Å gjere «løns- og arbeidsvilkår» om til «arbeids- og lønsvilkår».
– Det kunne gje eit bittelite signal om at løn kanskje ikkje er det viktigaste. Det er andre ting, som jobbtryggleik eller forskingstid, eg og mange andre er opptekne av, seier han.
Men forslaget fall mot 80 prosent av stemmene.
– Så 80 prosent av medlemmane tykte den vesle endringa var altfor stor. Det er skremmande, meiner Sandvik.
Kjellrun Hiis Hauge fortel at Unio-streiken i juni 2024 fall saman med ein internasjonal sommarskule der eit hundretals ph.d.-kandidatar frå heile verda kom til Bergen for å delta på kurs i spørsmål som gjeld globale utfordringar. Sjølv hadde ho ansvar for eitt av kursa.
– Her har vi altså folk frå Afrika og Asia som har fått økonomisk støtte for å kome hit, og så møter dei eit amputert program fordi fleire av oss er tekne ut i streik for høgare løn. Det var så absurd og flautt, seier ho.
– Spør du om det er lurt å ta spørsmålet om kor høg lønsvekst som er berekraftig, inn i lønsforhandlingane no, så er svaret vårt eit krystallklart nei, seier Forskerforbundets leiar Steinar Sæther.
– Det er dokumentert at ein stor del av medlemmene våre jobbar godt over 45 timar i veka, utan å bli skikkeleg kompensert for det. Det ville verke uansvarleg om vi i lønsforhandlingane ikkje har fokus på å sikre medlemmene våre deira rettmessige del av lønsveksten.
Han er likevel samd i at trepartssamarbeidet kan utnyttast betre i arbeidet med berekraft, slik fleire etterlyste i førre utgåve av Forskerforum.
– Vi kan medverke både på arbeidsplassane og i vår eigen organisasjon, ved å løfte klimasaka, redusere miljøfotavtrykket og få til raskare omstilling til grøn teknologi. Det er også viktig å arbeide for sosial berekraft. Men når det gjeld løn og tariff, er det uklokt å endre strategi no, seier han.
I mellomtida ligg det moglegheiter for å jobbe med berekraft i partssamarbeidet. Gun Hafsaas er forhandlingssjef i Spir, eit forbund etablert i 2025 etter samanslåing av Presteforeningen, Diakonforbundet og Kirkelig Undervisningsfordbund, og leier forhandlingane for Unio i det kyrkjelege tariffområdet. Ho fortel at Presteforeningen før samanslåinga jobba aktivt i fleire år med å få klima og berekraft inn i tariffområdet.
– Vi fekk inn ei formulering i formålsparagrafen i hovudavtalen om at partane erkjenner at verda er i ei klimakrise og ser det som sitt felles ansvar å verne om skaparverket og livsgrunnlaget for framtidige generasjonar, seier ho.
Hovudavtalen seier også at partane jamleg bør drøfte tiltak som betrar klimapåverknden i verksemda. I etterkant av endringane er fleire særavtalar blitt reforhandla.
Særleg den reviderte særavtalen for reiseregulativet gjev lokale tillitsvalde større rom enn før for å innføre utsleppsreduserande tiltak i samarbeid med arbeidsgjevar. Til dømes opnar avtalen for å ta i bruk kilometergodtgjersle for bruk av sykkel og el-sykkel.
– Dette var forslag som vart utarbeidd av eit partssamansett utval med medlemmar frå både by og land. Lokalt har ein jo ulike behov og moglegheiter, seier Hafsaas.
I arbeidet har ein vektlagd at klimatiltak må innehalde både gulrot og pisk:
– Fjernar du ein gratis parkeringsplass for tilsette, må du vurdere tiltak som å lage tørr og god sykkelparkering. Ein kan ikkje berre fjerne gode, ein må gje noko også, seier ho.
Hennar råd til andre tillitsvalde som vil jobbe med berekraft, er å vere systematisk og realistisk i arbeidet, ikkje berre kome med slagordprega overordna krav.
– Berekraftsutvalget i Presteforeningen gjekk inn og las avtaleverket og prøvde å finne konkrete stader der ein kunne få inn tekst. Og ein skal hugse at dersom arbeidsgjevar er positiv, kan ein få til mykje lokalt. Det viktige er at arbeidet er forankra hos medlemmene, seier Hafsaas.