Publisert 16. januar 2025 kl. 09:04
– Alle hovudavtalane har gode formuleringar om berekraft, særleg innanfor klima og miljø, der det heiter at berekraft skal vere ein del av det som blir diskutert i verksemdene, seier Kristian Mollestad, nyleg avgått nestleiar i Forskerforbundet.
– Men nøyaktig kva er det ein skal ta opp? Korleis skal berekraft settast i verk lokalt? Det blir lett til at ein snakkar om dei tinga ein er vand med, seier han.
Før jul arrangerte Forskerforbundets berekraftutval, som Mollestad leia fram til nyttår, seminar om berekraft for medlemmar og tillitsvalde. Utvalet skal gje råd til Forskerforbundet om korleis berekraftsstrategien dei vedtok tidleg i 2024, kan konkretiserast. Mange tillitsvalde opplever mandatet for å drive berekraftsarbeid som uklart.
Ifølgje strategien skal Forskerforbundet konsentrere innsatsen om tre område:
– Prøver ein å gjere det lett for seg ved å berre halde fram med det ein allereie gjer – å arbeide for betre løns- og arbeidsvilkår for medlemmane – men seie at no handlar det om berekraft?
Mollestad vedgår at det kan vere noko i det.
– Men fagrørsla er bunden av berekraftsmåla, på lik line med alle andre sektorar. Så det er viktig å sjå på korleis det vi allereie gjer, også kan dekke berekraftsmåla, seier han.
Samstundes er han svært nøgd med at seminaret bidrog til å løfte diskusjonen opp på eit høgare nivå og utfordre noko av tankegangen rundt berekraft i forbundet.
– Kor forsvarleg er det til dømes å jobbe for høgast mogleg løn, som fører til høgare forbruk? Arbeid for betre lønsvilkår ligg i ryggmargen vår, men det kan vere på tide å sjå dette i ein større samanheng. På den andre sida kan ikkje Forskerforbundet åleine seie at no skal vi ikkje lenger kjempe for høgare løn, men kanskje heller hente ut andre gevinstar enn auka forbruk. Det er noko ein må diskutere på tvers av fagforeiningane, seier han.
På seminaret vart forbundet mellom anna utfordra på korleis ein kan bruke trepartssamarbeidet meir aktivt til å løfte berekraft. Samfunnsgeograf David Jordhus-Lier har tidlegare undersøkt om og korleis dette fungerer i kommunesektoren.
– Og der finn vi veldig lite. Kommunar jobbar mykje med berekraft, og dei tillitsvalde er gjerne opptekne av det på eit personleg plan og jobbar kanskje med det som tilsette i kommunen, men ikkje i partssamansette utval der ein deltek i rolla som arbeidstakar og arbeidsgjevar, seier han.
Men det ligg det eit spennande potensial her, meiner Mollestad.
– Trepartssamarbeidet og frontfagsmodellen går ut på å finne ut kva slags lønsvekst den norske økonomien kan tole, men kva om ein også diskuterte kva slags lønsvekst som er berekraftig? spør han.
– Har forbundet støtte frå medlemsmassen for å gå meir radikalt til verks når det gjeld berekraftsarbeid?
– Eg trur vi har ein del medlemmar med oss på å tenkje radikalt, medan andre vil seie at fagforeininga sin jobb er å ta vare på meg og mine interesser. Så det er ei konflikt der, seier Mollestad.
Han dreg fram eit enkelt døme som gratis parkering for tilsette: Å innføre parkeringsavgift kan vere ein måte for organisasjonen å redusere eige klimafotavtrykk på. Men fordi eit slikt tiltak vil gå ut over dei tilsette, er ryggmargsrefleksen til fagforeiningane gjerne å protestere.
– Men vi treng å sette slike diskusjonar på dagsorden for å kunne sjå ulike handlingsrom, seier Mollestad.
Samstundes meiner han at saker som tradisjonelt er viktige for Forskerforbundet, som akademisk fridom, også er viktige i eit berekraftperspektiv.
– Vi har medlemmar som har erfaring med å utfordre styresmakter og utbyggjarar i spørsmål om naturforvalting, til dømes. Vi veit at mange som forskar på berekraft, har tøffe vilkår.