«Midlertidigheit»: Ordet har vorte intern sjargong i sektoren og har eit preg av stammespråk – men no kjem det i ordbøkene
LUKK
Annonse
Annonse

«Midlertidigheit»: Ordet har vorte intern sjargong i sektoren og har eit preg av stammespråk - men no kjem det i ordbøkene

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 20. september 2022 kl. 13:06

«Midlertidighet» er eit ord som skurrar. Men er det skurring berre i eit noko for sart sinn?

Lovnad om innhald: Eit ekteskap varer ikkje evig.

Di Derre får halde på med «Jenter som kommer, og jenter som går», eg held på med ord som skurrar. Ta til dømes «midlertidighet», som Forskerforum og andre media i akademia skriv mykje om. Ei typisk setning kan vere: «Midlertidigheten har gått ned med ett prosentpoeng» (eller som regel har midlertidigheten gått opp).

Nyleg oppdaga eg at dette substantivet ikkje står i dei offisielle ordbøkene på nett. På nynorsk er det rette adjektivet «mellombels», men verken «midlertidigheit» eller «mellombelsheit» kling godt.

Eg tykkjer den nemnde bruken av ordet skurrar i bokmålsform òg. For det er ikkje universiteta, arbeidslivet eller forskinga som er midlertidige, og heller ikkje nødvendigvis personane som jobbar der, men arbeidsforholdet deira. Er «samantrekkinga» mellom det ordet tyder – «bruk av midlertidige ansettelsesforhold» – og sjølve ordet «midlertidighet» for stor? Eller er dette berre skurring i eit noko for sart sinn? Marita Kristiansen, som er den einaste eksperten i spalta denne gongen, gjev meg iallfall noko støtte:

Marita Kristiansen er førsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved UiB og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Foto: NHH

– Ordet har vorte intern sjargong i sektoren og har eit preg av stammespråk. Det er ikkje nødvendigvis forståeleg for andre, og dette temaet – kva slags arbeidsforhold folk har – er relevant for samfunnet generelt, seier ho.

– Er komprimeringa av innhaldet til eitt einaste ord – «midlertidighet» – for stor?

– Ja, det er vanskelege å skulle seie alt kort og samtidig få fram innhaldet på ein god måte.

Kristiansen fortel at ved søk i korpus – databasar over språkbruk i mellom anna aviser og skjønnlitteratur – dukkar ordet opp i 38 ulike samansetnader, som stort sett har med tydinga frå arbeidsliv og tilsettingar å gjere.

– Døme på dette er midlertidighetsperiode, midlertidighetsvilkår og midlertidighetsstatistikk. «Midlertidighet» er mest brukt i aviser. Det er logisk i og med at bruken er forholdsvis ny. Det tek lengre tid før orda kjem inn i skjønnlitteraturen.

Då kan ein leggje til: Med mindre Helene Uri eller andre skriv fleire romanar frå akademia. Ordet finst i Naob (Det Norske Akademis Ordbok), og tydinga her er meir generell. Døma er nettopp frå skjønnlitteraturen, som i dette frå ein roman av Finn Alnæs: «denne sitrende stemning av midlertidighet.»

Det er uvisst om ordet vil nå dei offisielle ordbøkene.

– Det er mykje meir omstendelege prosessar før ein legg ord ut der, seier Kristiansen. Ho veit kva ho snakkar om, for ho har tidlegare vore tilknytt «revisjonsprosjektet» ved Universitet i Bergen. Ein ordbokredaksjon fekk det mellombelse (!) oppdraget frå Kulturdepartementet om å revidere ordbøkene på nettet, noko som sist hende i 1990-åra.

– Det er ein del ein sa i 1980-åra, ein ikkje lenger seier eller skal seie. Eg var sjølv med på å revidere ordet «ekteskap». Forklåringa hadde ein veldig tradisjonell ordlyd som ikkje lenger passar, ettersom ein i mellomtida har opna opp for ekteskap mellom to av same kjønn. I tillegg legg redaksjonen altså til nye ord, fortel Kristiansen.

– Etter at ordbokredaksjonen har kome med framlegg, må orda gjennom ei omfattande sløyfe av kvalitetssikring hjå Språkrådet. «Midlertidighet» må ein nok diskutere grundig. Det er eit uttrykk som er danna i bokmålsdrakt, og på nynorsk kjem ein ikkje unna endinga «heit».

Fagfolka arbeider seg framover bokstav for bokstav, og har no kome til nettopp M, dei har til og med vore gjennom ord som startar på «mi».

– Ein kollega av meg, Gunn Inger Lyse Samdal, sa at vurderinga av ordet «midlertidighet» ikkje var fullført, men at sjansen for at det kom inn i ordbøkene var 60–40.

Eg har framlegg til alternative nemningar sjølv. På bokmål: midlertidige tilsettinger (eller ansettelser, dette kan bokmålsfolket diskutere). På nynorsk: mellombelse tilsettingar.

Til slutt må vi lenger inn i språkjungelen. Eitt av dei raraste, mest krokete trea der heiter «fast midlertidig» ansatt/tilsett. Nemninga, som har oppstått dei siste åra, vert brukt om folk som er tilsette med ekstern finansiering, men som risikerer å miste jobben når prosjektperioden eller pengane tek slutt. Ein noko meir formell variant er «fast eksternt ansatt», men «fast» er vel å merke i hermeteikn.

– Vi diskuterte denne saka på felleskontoret til revisjonsprosjektet. Der fekk nokre toårig mellombels stilling, medan andre fekk «fast», som ikkje var så fast likevel. Det var «fast enn så lenge». På lønsslippen til folk kan det stå «fast tilsett» sjølv om dei har trugsmålet om oppseiing hengande over seg.

– Meiner du at «fast»-nemninga førte til reell forvirring?

– Ja, folk kan late seg lure. «Fast eksternt tilsett» er ein håplaus term. Det er ikkje lett å forstå det underliggande innhaldet når ein ser ei slik nemning i kontrakten. Ein kan ikkje vere både fast og mellombels, seier Kristiansen.

PS: Rett før Forskerforum går i trykken, fortel Marita Kristiansen, som har misunningsverdig gode kjelder i ordbokmiljøet, at det no er klart at midlertidighet (bokmål) og midlertidigheit (nynorsk) kjem inn i ordbøkene.

– Heilt tilfeldig? spør eg.

– Nei. Her skjedde ting fort etter at du tok opp temaet, seier ho.

  • Les også: