Namn på norske universitet: – Det kunne like godt ha vore ein klinikk
LUKK

Namn på norske universitet: – Det kunne like godt ha vore ein klinikk

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 15. mars 2021 kl. 11:44

Eg ser det for meg: Det vert bygd store datahallar med serverar som durar og går heile døgnet. Kapasiteten trengst for å handtere dei nye, lange universitetsnamna.

Tema denne månaden: namn på norske universitet

Lovnad om innhald: Namnet Oslomet får ikkje berre kjeft.

Korleis kunne vi ende opp med namnet Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet?

Førre språkspalte slutta ulideleg spennande med ein telefonsamtale i 2013 mellom dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen og Tromsø-rektor Jarle Aarbakke. Kunne han godta det nye namneframlegget?

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

I boka Veien til Norges arktiske universitet fortel Aarbakke at han ringde direktøren sin, Lasse Lønnum og la fram namnet: «’Vi har to minutter, Lasse, hva sier vi?’ Han sier, som jeg også tenker: ‘Vi sier ja.’»

Før hadde vi rolege og logiske namn på universiteta, og lenge var dei fire: Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø. Dei var store prikkar på kartet, ein for kvar region, og med omland som ikkje overlappa kvarandre. Mellom dei hadde vi mange mindre prikkar – høgskular, oftast med namn etter fylket dei låg i, som Høgskolen i Buskerud eller Høgskolen i Finnmark.

Fakta
Aldri anna enn språk er ei spalte om språket i kunnskapssektoren.

Vi har fått fast hjelp frå to terminologar, som her uttalar seg som språkmenneske og berre på vegner av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.
Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Tilbake til Tromsø. Namna vart «Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet» eller «UiT Noregs arktiske universitet». Ulempa med den fyrste varianten er at han er så lang. Ulempa med den andre er at forkortinga U ulogisk nok kjem før ordet det er ei forkorting for – universitet. Ulempa ved båe er gjentaking av U eller universitet. Det vert som ein undertittel eller krykke. Er UiT nødvendig i ein overgangsperiode, som ei forklåring av kva Noregs arktiske universitet er – med von om at ein kan droppe fyrste del av namnet etter kvart?

Kristiansen: Før hadde vi ein stabil namnegrammatikk der namna på universitet, vitskaplege høgskular og høgskular sa noko om kor dei låg eller kva dei dreiv med. Fusjonsprosessar og omkalfatring har ført til namneendringar, og sterkare konkurranse om studentane nasjonalt og internasjonalt har gjort merkevara viktigare. Dermed har vi fått slike hybridnamn. Men det er ikkje føremålstenleg å ha så lange namn at heile namna ikkje vert brukte. Når to fusjonerer, og ein bruker båe namna ei stund, veit alle at ein kvittar seg med siste del etter kvart.

– Dette tilfellet er noko meir komplisert. Namnet er ikkje sett saman av to tidlegare namn, men eitt nytt og eitt gamalt, og båe inneheld universitet.

Kristiansen: Ja, namnet ser snodig ut. På nettsida deira skriv dei konsekvent UiT i forkorta form. Det må tyde på at «Universitetet i Tromsø» er i ferd med å forsvinne.

Våge: Eg har ei anna innvending som gjeld praktisk bruk, nemleg tankestreken. Mange klarer ikkje å skilje mellom tankestrek og bindestrek, og det kan dessutan vere vanskeleg å finne fram til det rette teiknet på tastaturet.

– Samanslåingane har gjort dei geografiske innslaga i namna meir…rotete?

Kristiansen: Ja, kva skal ein seie om geografien i namnet Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet? Den er noko rundt omkring.

– I tillegg til UiT (eller kva det no heiter) har vi Nord universitet med hovudsete i Bodø.

Kristiansen: Ja, «arktisk» og «Nord» – eg klarar ikkje å heilt å skilje dei geografisk. Namna seier ikkje kor grensene går.

Våge: Eg reagerer på syntaksen i namnet Nord universitet med geografi – «Nord» – og universitet i ubunden form. Det kling ikkje bra. Men eg vil minne om ein annan veg ein kan gå i namngiving av universitet: oppkalling etter personar. I Sverige ligg Linnéuniversitetet, oppkalla etter Carl von Linné. I Frankrike har dei Université Paris-Diderot, som skal heidre den store enyclopeden Denis Diderot, og i Spania finst Universidad Rey Juan Carlos oppkalla etter den tidlegare kongen.

– Burde Noreg ha bygd opp eit nytt ryddig sett av namn bygd på dette prinsippet?

Våge: Nei, eg er glad for at vi ikkje har gått i den retninga. Eit namn bør seie noko om universitetet, som den faglege profilen eller geografisk avgrensing. Dersom du heidrar ein person, går ein over i rein merkevaretenking og bruker ein person som tilfeldigvis er fødd i området.

Kristiansen: Og då må du ha ein Linné!

Våge: Men som Marita var inne på, har endringane i universitets- og høgskulelandskapet gjort at vi treng nye namn. Til dømes vart Høgskolen i Oslo og Akershus svært langt, og vi fekk Oslomet – storbyuniversitetet*. Som merkevare kling Oslomet godt, men det seier ikkje noko om kva dei driv med, og det kunne like godt ha vore ein klinikk. Det er ein skandale at dei ikkje heller valde Profesjonsuniversitetet i Oslo.

Kristiansen: I praktisk bruk er namnet ein suksess. Dei ser ut til å ha kvitta seg med det som gjer namnet for langt: «storbyuniversitetet». Dersom Oslomet hadde landa på Profesjonsuniversitetet i Oslo, eit namn som reflekterer både profilen og geografien, kunne det ha bana veg for andre.

– Høgskulen på Vestlandet arbeider for å verte universitet. Kva namn bør dei i så fall ta?

Kristiansen: Ein kunne ha tenkt seg Universitetet på Vestlandet, men det svelger nesten Universitetet i Bergen. Eg tykkjer det er flott å fronte seg som det ein er eller ynskjer å verte sterk eller god innanfor. Framlegget mitt er Profesjonsuniversitetet på Vestlandet.

Våge: Så lenge det ikkje vert Vest universitet…

*Språkrådet tilrår skrivemåten Oslomet. Den offisielle forma er OsloMet.

Les også: