«Korleis kunne ein ende opp med det hjelpelause namnet Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet?»
LUKK
Annonse
Annonse

«Korleis kunne ein ende opp med det hjelpelause namnet Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet?»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 18. februar 2021 kl. 13:22

Dersom nokon hadde fått eit barn, og pappa høyrde at det skulle heite til dømes Tone, kunne han seie: Det var eit greitt namn. Eg tykte Universitetet i Tromsø var eitt slik.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Men fyrst til eit spørsmål frå den førre språkspalta: Kva kan vere gode, norske alternativ til orda reviewer og referee?

Fakta
Aldri anna enn språk er ei spalte om språket i kunnskapssektoren.

Vi har fått fast hjelp frå to terminologar, som her uttalar seg som språkmenneske og berre på vegner av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.
Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.
Vi har fått ein velkomen reaksjon frå Ellen K. Henriksen ved Universitetet i Oslo, som omtalar seg sjølv som språknerd. Ho er ikkje samd med terminologane våre: «De foreslår «fagfellevurderer» – men jeg mener at språkets logikk tilsier at en fagfellevurderer vurderer fagfeller, akkurat som en billettkontrollør kontrollerer billetter. Da er det bedre med «artikkelvurderer» eller bare «fagfelle».

Deltidsarbeidar og gruvearbeidar

– Kva seier de til dette? Var de for raske på avtrekkjaren?

Våge: Nei, eg tykkjer ikkje det. Henriksen kjem med ein god observasjon, men eg har to moment eg vil spele inn: For det første har «fagfellevurderar» etablert seg i sektoren, og det talar for å nytte dette avløysarordet. Det er ikkje føremålstenleg å introdusere eit alternativ til (og dermed fleire synonym) med mindre «fagfellevurderar» er feil eller misvisande. Mange norske synonym gjer det vanskelegare å stå imot presset frå engelske ord. Så kjem det andre: Er «fagfellevurderar» feil, reint språkleg? Henriksen tek opp parallellen «billettkontrollør». Om vi legg til grunn at dette er det gyldige mønsteret, ville «fagfellevurderar» tyde ‘ein som vurderer fagfeller’. Men tilhøvet mellom første- og andreledd i samansetjingar er ikkje heilt fastlåst, det kan variere. Ein gruvearbeidar arbeider i gruver, og ein fabrikkarbeidar arbeider i fabrikkar. Ein deltidsarbeidar arbeider ikkje i deltid, men er tilsett på deltid. Samansetjingar er fleksible og kan opne for fleire tydingsmønster. Men Henriksen er inne på at mønsteret i «billettkontrollør» er det mest vanlege, vil eg tru.

– Treng å gå oss ein tur

Kristiansen: Det er ei vellykka erstatning på den måten at den norske termen har fått godt fotfeste som avløysarterm på norsk (spesielt forma fagfellevurdering). Å introdusere eit nytt, eller fleire, synonym som skal kjempe om plassen, kan lett styrkje bruken av anglisismen. Og sjølv om ein heilt konkret vurderer ein tekst, så er det samstundes ei vurdering av fagpersonen, er det ikkje? Vurderinga går jo tilbake til personen og kvaliteten på arbeidet. Det er jo derfor me av og til treng å gå oss ein lengre tur etter å ha fått tilbake ei fagfellevurdering – for å samle mot til å ta fatt på teksten, og forskarlivet igjen.

Eg takkar på ny både innsendar og terminologar. Har de fleire framlegg eller argument i dei tusen heimekontor – send inn!

Spalta er så lita og havet så stort at vi berre rekk å starte på neste emne: namna på institusjonane i sektoren. Universitetet i Tromsø (UiT), eller kva det no heiter, skal få den tunge jobben med å starte tematiseringa av kva som har gått gale. Eg trur ikkje vi i Forskerforum er aleine om denne røynsla: Omtrent kvar gong vi skal omtale dette universitetet, vert vi i tvil om kva vi skal kalle det.

På heimesida til UiT finn eg: «Fra 1. august 2013 har vi fått et nytt navn! Det offisielle navnet til det fusjonerte universitetet er: Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. I det daglige og i brev vil følgende navnetrekk brukes: UiT Norges arktiske universitet. Merk! UTEN bindestrek.»

Kristin Halvorsen på tråden

Bakteppet for namneendringa var at UiT, som i 2009 slo seg saman med Høgskolen i Tromsø, på ny skulle fusjonere, denne gongen med Høgskolen i Finnmark. I Nordlys fann eg ei grundig skildring om korleis det nye namnet vart til etter den sistnemnde fusjonen.

Dåverande UiT-rektor Jarle Aarbakke i 2013. Foto: Erik Norrud

Avisa baserer seg på boka Veien til Norges arktiske universitet redigert av dåverande UiT-rektor Jarle Aarbakke. Dei to institusjonane var samde om fusjonen, men ikkje om namnet, og sende framlegga Universitetet i Tromsø eller Universitetet i Nord-Noreg til Kunnskapsdepartementet, men det låg i korta at desse ikkje var aktuelle.

Studiestaden til UiT i Harstad. Biletet er frå 2015. Foto: UiT/Høgskolen i Harstad

Nordlys skriv: «Mens høyskolemiljøet i Finnmark ikke ville finne seg i å legges inn under Universitetet i Tromsø, ville det andre alternativet verken falle i god jord i universitetsmiljøet i Tromsø eller i Nordland.» Kristin Halvorsen, som var kunnskapsminister på den tida, lufta Universitetet i Tromsø – nordområdeuniversitetet for rektor Aarbakke, som kunne godta det, men ikkje var entusiastisk. Han skriv i boka, som er open tilgjengeleg på heimesida til UiT, om korleis avgjersla til slutt fall då han var på eit møte i Haag og fekk telefon frå Kunnskapsdepartementet:

«Jeg har ministeren i andre enden. Hun sitter i regjeringskonferanse. Hva sier du til Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet?»

Jeg svarer at jeg trenger litt betenkningstid, hvor lang tid får jeg?

«To minutter», sier hun, «Kristin er i andre enden.» Jeg ringer min universitetsdirektør Lasse Lønnum og forelegger navnet for ham. «Vi har to minutter, Lasse, hva sier vi?»

Kva seier Jarle? Kva seier terminologane? Kva ville faren min ha sagt? Soga om UiT, eller kva det no heiter, og namneskikken elles i sektoren held fram neste månad.

Les meir: