Ut med referee-en! Inn med…??
LUKK

Ut med referee-en! Inn med…??

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 11. januar 2021 kl. 14:11

Vi kan ikkje setje ei ku til å gjere framifrå vurderingar av framifrå forskingsmiljø.

Aldri anna enn språk er ei spalte om språket i kunnskapssektoren. Vi har fått fast hjelp frå to terminologar, som her uttalar seg som språkmenneske og berre på vegner av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i språkspalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Tre nemningar under eitt

Etter spalter om enkeltorda campus og paper, feirar eg den tredje spalta med å ta tre nemningar under eitt. Dei to fyrste – referee og reviewer – har liknande tydingar, personar som vurderer fagleg kvalitet. Den tredje er med på slep: peer review.

Fakta
Tema denne månaden: orda referee, reviewer og peer review
Lovnad om innhald: Å velje eit godt ord handlar om å velje eit ord som er lettare å forstå, lettare å bruke og lettare å skrive. Det meiner iallfall Ole Kristian Våge.

Medan vi så langt truleg har hatt ein lett klagande tone om korleis høgt utdanna folk så medvitslaust og upresist bruker engelske småord, anar eg denne gongen visse ljospunkt. Norsken slår tilbake! Kvifor? Korleis? (Vi lovar å oppretthalde eit visst nivå av klaging.)

– Vi startar med referee. Kva historie har ordet brukt i akademisk samanheng?

Våge: Historisk sett har ein brukt reviewer om kritikarar av ulike tekstar etter publisering heilt tilbake på 1600-talet, medan ein referee i same tidsperiode var ein som vurderte patentsøknader. Bruken av dei har endra seg mykje sidan då. Anglisisme-ordboka (med undertittel Engelske lånord i norsk, utgitt på Universitetsforlaget i 1997, journ.mrk.) nemner referee som ‘faglig bedømmer’, altså ein som vurderer vitskaplege artiklar. Den tydinga av referee som er mest kjend i dag bortsett frå den akademiske, er den sportslege, til dømes frå fotball, nemleg dommar.

Kristiansen: Det gjev meining. Enkelte fagfellevurderarar oppfører seg òg som dommarar!

Våge: Hah! Men akkurat der ligg det ein skilnad mellom tydinga i akademia og sport. I akademia skal ein verte vurdert av ein kollega, ein likemann. I sport har dommaren ein annan status enn spelarane.

– Og i akademia er det kanskje ingen som skrik ref! til referee-en. Men ein reviewer driv òg med vurdering. Kva er skilnaden mellom ein referee og ein reviewer i dag?

Kristiansen: Ifølgje engelske ordbøker vert «referee» på britisk engelsk brukt i tydinga dommar, om ein referanse – til dømes ved jobbsøk – og om ein som meklar i konfliktar. På amerikansk engelsk vert «referee» i tillegg nytta om fagleg vurdering både som substantiv og verb.

– Verken referee eller reviewer er offisielle ord i norske ordbøker. Kor mykje er dei i bruk?

Kristiansen: I tekstar frå Forskingsrådet finn eg mange døme på bruk av referee, men ordet førekjem sjeldan i offisielle korpus som vi bruker i ordboksarbeid, altså søkbare tekstsamlingar frå blant anna aviser og skjønnlitteratur. Referee er nok utbreidd munnleg som sjargong i sektoren.

– Medan referee og reviewer vert brukt om personar, siktar peer review til aktiviteten dei utfører. Eg har inntrykk av at «fagfellevurdering» har fått innpass på kostnad av peer review dei siste åra. Kan det stemme?

Våge: Ja, det er fantastisk at fagfelle og fagfellevurdering har fått fotfeste. Kanskje bokstavrimet har hatt ein viss appell? Fagfelle tek opp leddet felle som vi kjenner frå til dømes ektefelle, meiningsfelle og jaktfelle. Ein «peer» er òg ein felle, ein likemann.

– Har nokon sett inn ein støyt for å få oss til å gå over til fagfellevurdering?

Kristiansen: Nja, det har vore svært få støytar når gjeld norsk terminologi generelt og i norsk akademia spesielt. Store norske leksikon har fagfellevurdering som oppslagsord, men det er ikkje mykje brukt i norsk tekst.

– Eg tenkjer på fagfellevurdering som eit vellykka alternativ til peer review, men at vi manglar eit godt alternativ til referee og reviewer. Dersom du er historikar, kan ein fagfelle rett og slett vere ein annan historikar, uavhengig av om vedkommande vurderer deg. Og fagfellevurderar er så langt eit ord.

Våge: Men fagfellevurderar er ei naturleg avleiing av fagfellevurdering og er dessutan allereie i bruk i sektoren. Tenkjelege alternativ som fagfellekontrollør, fagfellegranskar eller liknande tykkjer eg ikkje høver særleg godt, og det er ikkje noko poeng å introdusere heilt nye ordkandidatar når vi har ein som kan duge trass ordlengda.

Kristiansen: Dei ulike universiteta bruker uttrykk som til dømes kollegial vurdering og fagvurdering. Når det oppstår mange norske synonym, styrkar heller det engelske seg. Eg har vokse opp med peer review, og eg tek meg sjølv i å bruke reviewer. Men eg tykkjer vi må svelgje å seie det norske, og det er viktig å ende med eitt uttrykk.

– Ok. Kva tykkjer de vi skal kalle ein som vurderer ein artikkel? Fagfelle eller fagfellevurderar?

Kristiansen: Det er vanskeleg å kome unna «fagfellevurderar» sidan fagfelle er vi jo enten vi vurderer eller ikkje.

Våge: Ja. Det vert ei naturleg kopling mellom aktivitet (fagfellevurdering) og utøvar (fagfellevurderar).

– Kva med ein som vurderer eit fagmiljø eller forskingsprogram. Ekstern fagvurderar?

Kristiansen: Forskingsrådet nyttar stundom «(internasjonale) (fag)ekspertar» eller «panel» om dei som kvalitetsvurderer eller evaluerer eit program.

Våge: Å velje eit godt ord handlar om å velje eit ord som er lettare å forstå, lettare å bruke og lettare å skrive.

Ja vel, kjære lesarar. No har de fått noko å tenkje på. Kva ordkandidatar tykkjer de er best, eller har de eigne framlegg? Send meg gjerne ein e-post. De som tykkjer at engelskpåverknaden i norsk akademia er kritikkverdig liten, les eg med ekstra stor interesse.

Les også: