– Ordet campus er ein påfugl
LUKK

– Ordet campus er ein påfugl

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 19. november 2020 kl. 09:46

– Mange seier «kæmpus» med engelsk uttale. Det gjer ordet til ein framand fugl, og det er ein påfugl, seier terminolog Ole Kristian Våge.

Forskerforum startar ei eiga spalte – Aldri anna enn språk – om språket i kunnskapssektoren og har fått fast hjelp frå to terminologar.

Her uttalar dei seg som språkmenneske og berre på vegne av seg sjølve. Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog i Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse. Inntil nyleg var han seniorrådgjevar i Språkrådet.

Kva ord eller språkspørsmål ynskjer de at vi skal ta opp i språkspalta? Send gjerne framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Denne månadens tema: ordet campus

Eg møtte ordet campus som student på 1990-talet. Studentar som hadde vore på utveksling i engelskspråklege land kunne bruke ordet just like that. Kvifor sa dei ikkje berre universitetet eller universitetsområdet?

Fakta
Aldri anna enn språk

Denne månadens tema: ordet campus

Lovnad om innhald: at terminolog Marita Kristiansen bruker det forunderlege ordet «snedde».

campus m1 (kam´pus el. kæm´pus; gjennom engelsk, frå latin campus' leir, mark') område (utanfor bykjernen) der bygningane til ein høgare utdanningsinstitusjon ligg samla opphalde seg på campus

Dei måtte meine noko meir, og eg gjekk assosiasjonsrundar om leirstad eller i det minste universitet der studentar budde på hyblar nær auditoria, som ein kan sjå frå Oxford i den framifrå tv-serien Brideshead Revisited.

No er Campus-uskulda over. Ordet vert mykje brukt i Noreg både som særnamn, med stor forbokstav, og samnamn, med liten forbokstav. Til dømes har Universitetet i Stavanger Campus Ullandhaug, NTNU har Campus Gjøvik og Campus Ålesund, og på eit skilt ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet les eg Campus Ås. Universitetet i Agder skriv på heimesidene at «Faddergruppene møtes på campus», og Petter Aaslestad, tidlegare leiar i Forskerforbundet, tvitrar at «studenter må kunne møtes på campus, – også i digitaliseringens tidsalder.» Og kva veit eg: Seier studentar i dag «ser deg på campus»?

Det er på tide å kople inn terminologane.

Kristiansen: «Campus» kom inn som eit offisielt norsk ord i 2008. Det står i bokmåls- og nynorskordboka på nett, med forklåring (sjå ramme). Som ordboksredaktør for bokmåls- og nynorskordboka har eg tilgang til korpus, altså søkbare tekstsamlingar frå blant anna aviser, skjønnlitteratur og transkriberte innlegg frå stortingssalen. Det viser seg at ordet for alvor kjem inn i tekstar frå år 1999 til 2000. Universitets- og høgskulerådet har ei eiga terminologigruppe med representantar frå høgskular og universitet. Medan eg deltok der, var dette blant orda vi tok stilling til, og vi ende med å ikkje leggje inn ordet i termbasen. Vi ville eigentleg finne eit godt avløysarord på norsk, men kom til kort. Det vil seie at Språkrådet har gått lengre i å normere «campus» som eit norsk ord enn fagmiljøa har gjort.

– Kvifor fekk ordet ein slik oppsving rundt år 2000?

Kristiansen: Eg trur det kom av at folk som hadde vore ute i den store verda og lært seg noko nytt tok det med seg heim. No skal eg kanskje vere varsam her, men eg har nok hatt kollegaer ved Noregs Handelshøgskole med ei viss beundring for det typisk amerikanske.

Våge: At terminologien for enkelte fag som medisin er prega av mykje engelsk, er ei kjend sak. Det nye på 2000-taleter at heile UH-sektoren fekk eit nytt språk. Den studieadministrative terminologien er full av omgrep som «joint degree» og «free mover». I tråd med kvalitetsreforma og Bologna-prosessen skulle ein leggje til rette for auka utveksling av tilsette og studentar. Universiteta har språkpolitiske retningsliner, men dei vert fort skrivebordsøvingar. Dei har passivt tilpassa seg det engelske. Det er freistande å pynte seg, og no lurer eg på om tydinga av ordet campus har forskuva seg i ein norsk samanheng.

Kristiansen: Vi er vel like i hovudet eg og du, for det ville eg òg inn på. Eg vart sjølv kjend med ordet gjennom opphald ved universitetet i Surrey. I Storbritannia brukast campus om store universitetsområde der alt går føre seg: Studentane bur der, og der er kafear og pubar. No har campus vorte lausrive frå alt dette fysiske. Ein talar om virtuelle campus og campusbasert eller nettbasert undervising.

Våge: Tradisjonelt bruker ein campus om universitet med studentbustader og store grøntområde rundt. Campus Ålesund til dømes ligg langt frå denne tydinga. Bruken av ordet har auka i takt med samanslåingane i universitets- og høgskulesektoren, der ulike filialar av ein institusjon vert kalla campus.

At campus står i ordbøkene, vil ikkje seie at det er eit godt ord. Mange seier «kæmpus» med engelsk uttale. Ordet har ikkje innordna seg norsk språkbruk. Det gjer det til ein framand fugl, og det er ein påfugl som brusar med fjøra sine, for dette handlar mykje om status. På norsk har vi frå før to ord vi kan bruke om dei to hovudtydingane campus no har fått: universitetsområde og studiestad.

– Seier campus noko som universitetsområde eller studiestad ikkje kan seie?
Kristiansen: Nei. Men det er kort og «snedde».

– Som tyder?

Kristiansen: Fengande, kanskje.

Våge: Svaret mitt er òg nei, men eg kan kome med ei nyansering. I eit samansett ord som «campusstudent» i motsetnad til nettstudent forstår eg at det vert langt med «universitetsområdestudent», men dette er ikkje eit godt argument for å bruke campus.

– Kva ord kan ein bruke i staden for universitetsområdestudent?

Våge: I praktisk språkbruk vil ein kunne bryte opp termen og nytte til dømes «student på studentområdet» ved behov.

Kristiansen: Eg vil òg stille spørsmål ved kor ope ordet campus er for dei som ikkje er inne i sektoren. Skjøner besteforeldra det? Campus er eit ord som ein må lære seg kva tyder.

– Men trur du ikkje studentane, som har vakse opp med mykje amerikansk populærkultur, har ordet innanbords?

Kristiansen: Det er nok godt kjend i ungdomskulturen. Det veit eg, for eg har sett tv-serien Gossip Girl med dottera mi.

Les også: