Publisert 8. januar 2021
Ikkje før vi var ferdige med ordet campus, gjev vi oss i kast med eit ord som fell akk så lett i munnen på mange norske forskarar: paper.
Ser ein norsk forskingssektor under eitt, tippar eg at ordet vert sagt og skrive ti–femten gonger i sekundet (då reknar eg med natta). Vel er forskarsamfunnet i Noreg internasjonalt, men ikkje nok til å grunngjeve dette omfanget.
I Forskerforum lever vi midt i denne smørja, og korrekturlesaren vår føreslår utrøytteleg å erstatte det med til dømes «artikkel» eller «vitskapleg artikkel». Problemet er at slike alternativ stundom vert misvisande. Eg høyrer ofte ordet brukt om noko du legg fram på eit seminar eller konferanse, før det er ferdig, og iallfall ikkje fagfellevurdert.
Treng vi ordet? Har vi gode alternativ? Let’s ask the eksperts.
Våge: Paper kjem naturlegvis av papir, og etter kvart har tydinga forskuva seg til kva som stod på papiret. Frå 1600-talet av har paper, i engelskspråkleg samanheng, vorte brukt om vitskapleg artikkel eller avhandling.
Kristiansen: På engelsk vert paper brukt i mange samanhengar, til dømes «white paper», «examination paper» eller «to show your papers». På norsk treng vi ulike ord for desse tydingane: stortingsmelding, eksamensoppgåve, å vise identifikasjonspapir. I den akademiske verda, derimot, har vi ein tendens til å bruke dei engelske termane sjølv om vi har gode, norske alternativ. Paper er elles ikkje eit offisielt ord som står i ordbøkene, og det er ikkje heilt avklåra om det skal vere inkjekjønn eller hankjønn.
Våge: Paper er eit godt døme på at engelske ord ikkje nødvendigvis er meir presise enn norske. I akademia er statusen til engelsk tydelegvis høgare enn statusen til å uttrykke seg presist.
Våge: Det spørst kva ein meiner. Det kan til dømes vere konferansebidrag, forskingsartikkel eller seminarrapport.
Kristiansen: Ofte kan ein bruke innlegg eller konferanseinnlegg. Då eg var på den fyrste faglege konferansen min midt i 1990-åra, las eg opp innlegget mitt. Den gongen var kutymen å lese opp det skrivne innlegget sitt på ein snakkande måte, «read your paper». No er det større avstand mellom foredrag og endeleg artikkel.
Våge: Dette er ei ny forskuving av tydinga. Fyrst gjekk paper altså over frå å referere til materialet (papir) til innhaldet (vitskapleg tekst). No er det nok at føremålet er ein vitskapleg artikkel.
Kristiansen: Men eit paper er ikkje noko du arbeider med heime og ikkje viser til nokon. Det tyder som regel foredrag eller artikkel til ein konferanse.
Kristiansen: Det har iallfall endra seg sidan eg debuterte som konferansedeltakar. Kan det ha med utbreiinga av PowerPoint å gjere? Det har vorte ein større skilnad mellom presentasjonar på ein konferanse, med kulepunkt og bilete – som mange altså omtalar som paper – og den mogelege artikkelen som kjem etterpå. Paper vert ofte brukt om work in progress.
Våge: Men dekkjer ikkje eit ord som konferanseinnlegg stort sett behovet?
Våge: Det kan vere eit poeng at det er eit stutt ord, og slik sett fleksibelt å bruke i samansetningar med andre ord. Dette kan forklåre at ordet er så populært, men ikkje rettferdiggjere det. Ordet underkommuniser om du har skrive eit innlegg eller ikkje.
Våge: Det er éin ting å bruke ordet i ein samanheng mellom forskarar, til dømes. Går ein utover dette, utvidar ein radiusen ein god del. Å bruke norske avløysarord har ein oppdragande funksjon. Dessutan kan eit høgare presisjonsnivå vere av interesse for lesarane – er det til dømes tale om ein artikkel eller eit innlegg på ein konferanse?
Kristiansen: Forsking på norsk for ein rein norsk samanheng har vorte sjeldnare, og vi har bruk for omgrep vi kan bruke i internasjonale samanhengar. Sjølv har eg aldri hatt behov for å snakke på den måten. Eg skjøner at ein kan venje seg til det dersom det er sjargongen rundt deg, men eg seier «no jobbar eg med ein artikkel».
Les også: