Kronikk | Totalberedskap


Publisert 29. april 2026 kl. 11:59
Kulturarv er mål, middel og motstandskraft. I ei tid råka av krig og konflikt er arkiv og historiske kjelder både viktige og sårbare. Derfor treng vi ressursar til å sikre kjeldene – og musea som jobbar med å ta vare på dei.
Langt vekke er det fotoa som trøyster. Slik er krafta i kulturarven.
Fortid og kulturarv bygger fellesskap og identitet, særleg i krig og krise. For menneske på flukt er eit fotoalbum kanskje det einaste ein får med seg. Eit album er minne om landet ein flykta frå. Langt vekke er det fotoa som trøyster. Slik er krafta i kulturarven. Den gir håp og bygger motstandskraft. Mot krefter som dehumaniserer.
Det er lenge sidan vi har hatt krig i Noreg. Men med krig i Ukraina – og urovekkande signal frå land vi vanlegvis deler verdiar med, har det meldt seg bekymring for om krig på ny kan råke også oss. Derfor må musea ruste seg, ikkje berre med planar og strategiar. Dei må styrke magasinkapasiteten og den digitale infrastrukturen, dei må sikre alle fysiske objekt, ikkje minst dei 5000 historiske bygningane som musea i Noreg forvaltar, og dei må sikre at institusjonane fortsatt får vere frie og uavhengige kunnskapsinstitusjonar.
Det er ikkje berre det palestinske folket israelarane vil til livs. Også kulturen deira står i fare for å bli borte.
Slik er det ikkje alle stader. Derfor må vi hjelpe dei som er hardast råka. Det har vi ei plikt til. På Gaza, til dømes. Her bombar israelarane det aller meste; kyrkjer og moskear, arkiv, museum og universitet. Det er ikkje berre det palestinske folket israelarane vil til livs. Også kulturen deira står i fare for å bli borte.
Derfor må musea i Noreg engasjere seg, også utanfor landegrensa. Vern av kulturarv er eit globalt ansvar og ei plikt som dei fleste nasjonane i verda har tatt på seg. Sterkast kjem dette til uttrykk gjennom Haag-konvensjonen om vern av kulturverdiar i væpna konflikt. Konvensjonen slår fast at øydelegging av kulturminne i væpna konflikt er ei krigsforbryting.
Den kollektive plikta til å sikre kulturarven for ettertida kjem òg til uttrykk gjennom musea si tilslutning til The International Council of Museums (ICOM). Gjennom ICOM har verdas museum utvikla etiske retningsliner og standardar for korleis ein skal jobbe med kulturminne, og ein har engasjert seg i spørsmål om kulturminne i krig og konflikt.
Verda står i ei ny førkrigstid.
Derfor skal musea i Noreg halde fram med å protestere på dei kulturelle øydeleggingane på Gaza. Og i Ukraina. Og dersom ukrainske eller palestinske styresmakter ber om det, så bør norske museum stille til rådvelde ressursar til sikring av arkiv og kjelder i trygge norske magasin. Musea i Noreg tilhøyrer ein internasjonal museumsfamilie. Når krisa er stor for eit land i krig, må vi andre bidra til at kulturarven blir teke vare på for ettertida. Verda står i ei ny førkrigstid. Då må vi samle oss om felles beredskap og hjelpetiltak.
Krig og konflikt påverkar oss kvar dag. Og ein dag kan vi sjølve bli ramma. Derfor må vi førebu oss på tøffare tider. Kva gjer vi om vi blir angripe? Greier vi å beskytte musea og kulturminne? Greier vi å stå i mot trugsmål og press, og bevare eigen integritet? Det siste er særleg viktig. I krig er det viktig at vi vernar om autonomien til arkiva og kjeldene, og dei frie og uavhengige kunnskapsleverandørane. Det er i fredstid vi må investere i desse verdiane.
Dei mange konfliktane utfordrar nemleg spørsmålet: kva er sannheit? Det er krevjande å vite kva som er sann informasjon, og å manøvrere i flaumen av påstandar. Grensa for kva som er rimeleg åtferd blir i dag utvida og utfordra, også av land vi historisk har delt verdiar med. Musea kan i tider med usikkerhet vere samlingspunkt der ein kan søkje fellesskap, og sjølv bidra til å utfordre desinformasjon. I Ukraina er musea viktige møteplassar. Fordi folk har tillit til dei.
Kunnskaps- og forskingsberedskap er derfor ein viktig del av totalberedskapen.
Forsking og kunnskapsutvikling er uløyseleg knytt til arbeidet med å drøfte og etablere sannheiter. Forsking i musea bidreg til kunnskap – som dannar utgangspunkt for store, komplekse samtalar – om oss sjølve og plassen vår i verda. Forsking i musea bidreg òg til å kontekstualisera og forstå historia slik den utfaldar seg framfor auga våre. Kunnskaps- og forskingsberedskap er derfor ein viktig del av totalberedskapen.
Men tilgangen til forskingslitteratur har i lang tid vore begrensa for mange museum. Dette bidreg ikkje til å styrke kunnskapsutviklinga i musea, slik staten gjennom Stortingsmelding 23 (2020–2021), Musea i samfunnet, har bede om. Stadig fleire museum tilset forskarar med doktorgrad, og omfanget av prosjekt og publiseringar aukar. Likevel blir tilgangen til forskingslitteratur i nasjonale og internasjonale tidsskrift trongare og trongare.
Manglande tilgang hindrar god forskingsutvikling i musea, og dei tilsette i musea får ikkje forske og utvikle seg på likeverdig måte som kollegaer i universitets- og høgskolesektoren, om dei ikkje har greidd å skaffe seg tilgangar på anna vis. Denne røyndomen vart stadfesta i ei undersøking blant medlemmane gjennomført av Museumsforbundet i februar i år.
Forsking i musea bidreg til kunnskap – som dannar utgangspunkt for store, komplekse samtalar.
Tilsette i musea har tilgang til digital forskingslitteratur berre gjennom personlege kanalar eller gjennom tidsbegrensa samarbeidsprosjekt. Skal musea ta ut effekten av stadig nye doktorgradsprosjekt og samarbeid med UH-sektoren, er ein slik situasjon lite berekraftig.
I staden bør staten sjå til gode døme på samarbeid mellom museum og universitet, som i Vestland og Troms og Finnmark. Norges museumsforbund har òg foreslått at universiteta og universitetsmusea bør ta ansvar og opne den digitale forskingslitteraturen for musea.
2026 er Totalberedskapsåret. I åra framover skal musea i Noreg bidra til å bygge eit tryggare, sterkare og klokare samfunn. Eit samfunn for alle. Skal musea greie det, treng dei ressursar til forskingsinfrastruktur, og ressursar til sikring av arkiv og samlingar. Musea treng eit kraftig nasjonalt løft.