NHH får 555 millionar til oppussing
LUKK
Annonse
Annonse

NHH får 555 millionar til oppussing

Av Forskerforum

Publisert 18. september 2018 kl. 13:58

NHH har fått klarsignal til å gjennomføre rehabiliteringa av hovudbygget som eit såkalla kurantprosjekt. Det betyr at finansieringa er på plass, og arbeidet kan starte som planlagt i 2019.

– Dette er ein viktig milepæl for NHH.  Som ein handelshøgskule med internasjonale ambisjonar, treng vi moderne bygg og fasilitetar som står i stil, seier rektor Øystein Thøgersen i ein pressemelding.

NHH flytta til nytt campus i Sandviken i 1963. Den opphavlege bygningsmassen treng no rehabilitering og oppgradering til dagens standard.

Framtidsretta campus

Både statsminister Erna Solberg og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var på høgskulen tysdag for å fortelje at rehabiliteringa kan starte våren 2019.

– NHH har ein evne til å utvikle leiande internasjonale fagmiljø. Det krev strategisk arbeid å heve seg internasjonalt, og fasilitetar som legg til rette for god forsking og undervisning er difor viktig. Studentar og tilsette vil få mykje betre lokalar. Om to år vil bygget stå ferdig og det vil gi auka trivsel og endå betre samarbeid, sa statsministeren.

Fakta
<
Statsbygg har fått oppdraget med å gjennomføre rehabiliteringa.

– NHH er ein av landets leiande utdanningsinstitusjonar. Vi gler oss til å sette den i stand og skape dei beste føresetnader for både studiar og forsking, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Etter planen skal bygget vere klart til innflytting igjen 1. januar 2021.

– NHH ønskjer eit framtidsretta og levande campus som matchar vår undervisning og forsking. Rehabiliteringa vil bidra til utviklinga av eit framifrå lærings- og forskingsmiljø til glede for både studentar og tilsette. Vi er trygge på at Statsbygg vil forvalte bygget profesjonelt og framtidsretta, og i tråd med våre behov og interesser, seier rektor Øystein Thøgersen.

Case-auditorium

Ved hjelp av nye arbeidsformar og fleksible kontorløysingar vil arealeffektiviteten bli auka med 20-25 prosent. Studentane vil få oppgraderte undervisningslokale som legg til rette for moderne undervisningsformar.

– Vi byggjer om fleire klassiske auditorium og klasserom til student-aktive læringsrom. To av desse er case-auditorium etter Harvard-modellen. Dette vil gje oss stor fleksibilitet i val av undervisningsform seier Øystein Thøgersen.

Prosjektet har også som mål å gje høgare tilfredsheit med både arbeidsmiljø og inneklima for studentar og tilsette.

  • Les meir: