Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

No samlar amerikanske forskarar seg til motstand

– Forskarane tek til å vakne frå sjokk-kjensla, men no gjeld det å bygge ei rørsle som kan utrette noko, seier kreftforskar Emma Courtney.

March for Science mobiliserte folk i 2017: – No har eg inntrykk av at vi ikkje ser åtak på vitskapleg informasjon om enkelttema, men heller åtak på forsking og vitskap i seg sjølv, seier doktorgradsstudent Emma Courtney. Ho er ei av organisatorane bak ei storstilt mobilisering av demonstrasjonar på fredag. Foto: NTB

Straks etter presidentinnsettinga byrja åtaka på amerikansk forsking: Store føderale pengestraumar til forsking vart stogga, mangfaldstiltak vart ulovlege og tilsette i forskingstunge forvaltingsorgan var sagt opp.

No samlar forskarane seg til motstand. Fredag 7. mars er det planlagt demonstrasjonar over heile USA under slagordet «Stand Up for Science». Det er også planlagt støttedemonstrasjonar i Europa.

Emma Courtney er doktorgradsstudent ved Cold Spring Harbor Laboratory i New York, og ein av initiativtakarane til protestaksjonen. Forskerforum fekk ein prat med henne onsdag denne veka.

Emma Courtney er kreftforskar og ein av organisatorane bak «Stand Up for Science». Foto: CSH

Korleis ligg de an akkurat no?

– Eg og dei andre i kjernegruppa kom til Washington DC i går. Nett no er det planlagt 32 demonstrasjonar i ulike statar, i tillegg til eit par solidaritetsmarkeringar som ikkje er koordinert av oss. Det er også planlagt internasjonale solidaritetsmarkeringar, som har vore veldig oppmuntrande å sjå. Nett no fokuserer vi på å spreie bodskapen om demonstrasjonane så godt vi kan, og håpe at folk kjem ut i gatene fredag.

De har sett i gong eit stort apparat på berre nokre veker. Korleis starta det?

– Dei første presidentordrane som gjaldt forsking, til dømes med spesifikke ord som ikkje var lov å bruke i prosjektsøknader, kom veldig fort etter presidentinnsettinga. Mange visste at Trump-administrasjonen var antivitskapleg, men det var ei generell kjensle i forskingsmiljøa av at «vi kom oss gjennom den første Trump-perioden, vi kan greie det denne gongen også». Men det har vist seg at situasjonen er heilt annleis denne gongen. Ein var nok ikkje førebudd på at forsking var noko av det første administrasjonen ville gå til åtak på ved å stogge finansieringsmekanismar, noko som kom heilt uventa på forskingsmiljøet. Denne gongen er det tydeleg at Trump-administrasjonen har ein strategi dei har brukt lang tid på å førebu. Så det er ein heilt annan situasjon enn i 2016.

– Åtaka skjedde overalt, og eg såg kor sjokkerte og makteslause alle kjende seg. Folk sa, men kva kan vi gjere? Så ein dag la Colette (Delawalla, doktorgradsstudent ved Emory University, journ.mrk) ut ein post på Bluesky der ho spurde: Kvifor er det ingen som gjer noko? Eg ville bidra med noko meir enn å berre lufte frustrasjon. Kjernegruppa vår er sett saman av folk som svara på innlegget til Colette.

Trump la nettopp ut ei melding på sitt eige sosiale medium Truth Social, der han truga med å stogge føderale midlar til alle universitet og høgskular som tillet «ulovlege» demonstrasjonar, og med å deportere utanlandske demonstrantar. Har dette hatt effekt på planane dykkar?

– Vi har vore opptekne av tryggleik heilt frå starten. Administrasjonen er ny og dristig og prøver seg fram med kor mykje dei kan kome unna med, så vi ville vere sikre på at alle demonstrasjonane våre anten hadde skriftleg løyve, eller dokumentasjon på at dei ikkje trong løyve. På nettsida vår har vi lagt ut ressursar om korleis ein kan demonstrere på ein trygg måte, og kva rettar ein har om ein kjem i kontakt med ordensmakta. Vi vil ikkje at utanlandske forskarar skal risikere sine visa eller arbeidsforhold. Men administrasjonen er uføreseieleg og det er vanskeleg å vite akkurat kva dei vil gjere. Retten til å protestere er slått fast i det første grunnlovstillegget, men Trumps innlegg seier ingenting om kva som blir rekna som ulovleg. Vi har gjort alt vi kan for at det skal vere trygt å demonstrere på fredag, men det er noko vi må vere merksame på.

Forskarar protesterte under den første Trump-administrasjonen også, det vart organisert ein verdsomspennande March for Science i april 2017 i protest mot kutt i forskingsfinansiering og til støtte for vitskapleg integritet. Blir Stand Up for Science ein repetisjon?

– Vi har snakka med dei som organiserte March for Science, og har fått gode råd om organisering. Dei gav også innsikt i ting dei meinte dei sjølve kunne gjort betre. Eg var 15 år den gongen og gjekk i tiande klasse. Eg såg tusenvis av forskarar i gatene og oppfatta det som ein stor suksess og noko vi kunne prøve å gjenskape. Men mange av dei var skuffa over at dei ikkje greidde å oppnå verkelege politiske endringar. Det var store demonstrasjonar, men dei greidde ikkje å halde trykket oppe, og meinte det var fordi dei ikkje samla seg om noko felles mål. Så vi bestemte oss tidleg for nokre konkrete krav, til dømes skikkeleg forskingsfinansiering, ingen politisk sensur av forsking, og gode mangfaldstiltak for å sikre at alle som vil, kan bli forskarar. Vi håpar at folk kan samle seg om dei.

March for Science var mellom anna ein protest mot «alternative fakta» og for vitskaplege sanningar. Men denne administrasjonen verkar ikkje å vere interessert i kva som er sant i det heile?

– Nei, det er tøft å prøve å finne ut korleis vi kan kjempe. Mykje av kontroversane rundt forsking har handla om nokre få, politisk kontroversielle forskingstema som klimaforsking, vaksinar og no sist covid. Klimaendringar var ein viktig bakgrunn for March for Science i 2017, fordi Trump erklærte at han ikkje trudde på dei. No har eg inntrykk av at vi ikkje ser åtak på vitskapleg informasjon om enkelttema, men heller åtak på forsking og vitskap i seg sjølv. Åtaka skjer på alle frontar, frå å kutte i finansiering og opplæring, til å sensurere ord som av ein eller annan grunn er blitt politiserte og difor blir brukt som påskot for å kutte prosjekt uavhengig av kva dei eigentleg handlar om. Og kutta vil ikkje berre bli følt ved amerikanske institusjonar, men internasjonalt. På ein måte er det lettare for oss å organisere oss denne gongen. I 2017 protesterte forskarane mot retorikk og klimaskepsis, denne gongen er det konkrete trugsmål mot finansiering og jobbar.

De som organiserer, er alle doktorgradsstudentar eller yngre forskarar. Kvifor?

– Det har eg lurt på sjølv. Men mykje av retorikken frå administrasjonen handlar om å fjerne finansiering, anten det gjeld pengar til mangfaldstiltak, eller innføring av høge skattar på universitetsfond, eller kutt i støtte til indirekte kostnader ved forskingsprosjekt. Eg trur institusjonsleiarane veit at dei kan bli straffa økonomisk om dei snakkar høgt om dette. Og det same gjeld mange etablerte professorar som har store prosjekt finansiert gjennom National Institutes of Health eller National Science Foundation. Mister dei prosjektfinansiering, går det ikkje berre ut over dei sjølve, men også andre som er tilsett på prosjekta. Vi unge har ikkje store pengesummar som kan bli tekne frå oss. Og når vi ser framover, ser vi at det er vanskeleg å planleggje ei forskingskarriere, for ingen veit korleis forholda vil vere. Så for oss unge er situasjonen prekær, samtidig som vi er i posisjon til å gjere noko sidan vi har mindre å miste.

– Men vi fått støtte frå både professorar og etablerte folk frå andre bransjar som hjelper oss med kompetanse vi ikkje har sjølve, og det har vore fantastisk.

Hadde de ønska meir støtte frå universitetsleiarane?

– Eg forstår at det er tøft for dei, og eg tykkjer dei gjer det rette når dei prøver å verne dei tilsette og ikkje miste finansiering. Eg har vore litt overraska over at dei store vitskaplege organisasjonane, slik som American Association for the Advancement of Science, som tradisjonelt har teke politiske standpunkt, ikkje har vore tydelegare. Men dette er ukjend landskap. Eg reknar med at mange av organisasjonane og leiarane har forskingas beste på hjarte, og at det blir gjort mykje arbeid no bak kulissane som vil kome til syne etter kvart.

March for Science makta ikkje å bygge ei varig rørsle. Korleis skal de greie det?

– Det jobbar vi med no. Vi har samla inn ein god del pengar dei siste vekene, nok til å dekkje arrangementa på sjølve dagen og kanskje litt meir. Men det vi må gjere framover, er å bygge bru mellom forskinga og folk flest, elles vil vi ikkje greie å stå imot åtaka frå styresmaktene. Dessverre er det mange som tenkjer at forsking er noko litt hemmeleg og suspekt som skjer i laboratorium og som ikkje er i deira interesse. Så vi må finne måtar å møte folk og gjere felles sak, ikkje berre spytte ut vitskapleg informasjon som om det er nok. Vi må hugse at ingen er for kreft, ingen er for at ein skal stå utan behandlingstilbod når ein blir alvorleg sjuk. Eg trur det er veldig viktig å gå tilbake til hovudgrunnane til at forsking finst.

Har di eiga forsking blitt påverka av presidentordrane dei siste vekene?

– Ikkje enno, heldigvis. Eg har framleis nok av ting eg kan gjere på laben. Men eg har sett at nokre av praktikantstillingane hos oss, som National Science Foundation finansierer, kan bli kansellerte denne sommaren fordi pengane uteblir. Eg hadde ei slik stilling sjølv for nokre år sidan. Eg studerte ved eit universitet som ikkje dreiv forsking, og for å ta doktorgrad må du ha forskingserfaring, så utan den praktikantperioden ville eg ikkje kunne kome hit. Det er slike ting som viser at sjølv om alt som gjeld finansiering skulle normaliserast neste år, så vil effektane av avbrotet forplante seg nedover i systemet i lang tid.

Kva kan folk i Noreg gjere?

– Det er eit godt spørsmål. Vi har snakka mykje om at det som skjer no, ikkje berre vil få konsekvensar for forsking, og ikkje berre for USA. Vi ser stor demokratisk tilbakegang fleire stader i verda, også i Europa. Det er vanskeleg å seie kva vi kan gjere som enkeltpersonar for å bevare demokratiske verdiar, men eg har lært at det er viktig å byggje fellesskap, same kvar ein er.

– Elles trur eg at land med sterk forskingsinfrastruktur og eit stabilt politisk system, har ein stor sjanse no til å rekruttere amerikanske forskarar og byggje internasjonale alliansar for å løyse samfunnsproblem med forsking. Eg har spøkt med at dersom eg fekk tilbod om å gjere ferdig doktorgraden min i eit anna land, ville eg vurdert det sterkt.

Kva gjer du sjølv på fredag?

– Då er eg på hovudarrangementet vårt i Washington og spring mellom dei som står på scena, og talarane som ventar på å sleppe til, og passar på at alt går bra. Vonaleg kjem det også ein del medie. Og så skal eg prøve å ha det kjekt og tenkje at same korleis det går, så har vi gjort noko, ting har skjedd, og vi har bidrege på måtar vi kanskje sjølve ikkje ser effektane av.

  • Les også:

Fakta

«Stand Up for Science» 7. mars 2025
Demonstrasjonar mot kutt og åtak på forskingssektoren planlagt over heile USA fredag.
Støttedemonstrasjonar blir også helde i Europa.

EUs tidligere utenrikssjef går av som rektor for EU-universitet etter korrupsjonssiktelse

Folkehelsemyndigheit skapar uvisse om vaksinar

Harvard-professor sier fra seg alle verv etter Epstein-eposter

Britisk universitet stanset Kina-forskning etter press

Forskningsape på rømmen

Nederland returnerer oldtidsskulptur til Egypt

Tysk museum merker Taylor Swift-effekten

EU-sanksjoner mot Moskva-universitet

Lukk meny