
Etter å ha arbeidd med energiomstilling i meir enn tretti år er eg slått av kor lite det er forska på det å slutte å gjere skadelege ting, seier Jennie C. Stephens over ein videolink frå Irland.
Ho er professor i klimarettferd ved National University of Ireland, Maynooth og har lenge forska på, mellom anna, sosial rettferd i omstillinga til fornybare energikjelder. Ho har også arbeidd med utfasing av fossile brennstoff.
På intervjutidspunktet er ho i ferd med å førebu ein EU-søknad om «eksnovasjon».
– Det er eit sterkt fokus i akademia på innovasjon og endring gjennom å kome opp med noko nytt heller enn å oppnå endring ved å slutte med noko. «Eksnovasjon» er blitt brukt som konsept her og der, men ikkje i stor grad. Eg meiner det er verd å utforske det meir, og ikkje minst framheve det som eit nytt forskingsområde, seier ho.
Omgrepet «eksnovasjon» vart danna tidleg på åttitalet for å skildre det som skjer når ei bedrift eller ein organisasjon fasar ut innovasjonar dei tidlegare har teke i bruk, fordi dei ikkje lenger tener føremålet, eller fordi det må gjerast plass til nye innovasjonar. Men dei siste åra er omgrepet så smått blitt plukka opp av folk som arbeider med berekraftig omstilling. Fleire definisjonar sirkulerer, men det kan forståast som å gå vekk frå destruktive teknologiar, praksisar og infrastrukturar på ein planlagd måte før det skjer av seg sjølv ved hjelp av marknadskreftene. Forbod mot miljøgifter er eitt døme, eit anna er debatten om det er på tide med ei planlagd utfasing av norsk oljeproduksjon.
Utfasing av oljeproduksjon er nok det mest openberre feltet vi burde hatt mykje forsking på, men ikkje har.
I prinsippet skulle ein tru at samfunnet hadde mykje å tene på å slutte med ting som ein gong kanskje var banebrytande innovasjonar, men som med tida har vist seg å vere destruktive. I ein kommentarartikkel i tidsskriftet Nature Energy frå 2019 skriv til dømes Debra Davidson, professor ved University of Alberta i Canada, at den manglande evna vår til å handtere klimakrisa ikkje først og fremst kjem av mangel på innovasjon, men av mangel på eksnovasjon. Likevel, skriv ho, er vestlege samfunn mykje meir tilbøyelege til å omfamne innovasjon som løysinga på alle problem, fordi innovasjon ikkje trugar etablerte strukturar på same måten som eksnovasjon gjer. Dessutan er innovasjonar nye og spennande ting som kan vinne finansiering, skape karrierar og stimulere børsane, skriv Davidson. Eksnovasjon, derimot, er ikkje eigna til noko av dette.
– Utfasing av oljeproduksjon er nok det mest openberre feltet vi burde hatt mykje forsking på, men ikkje har, seier Stephens.
– Det er sterke interesser som vil halde fram med oljeproduksjon, så difor har vi i staden forska på karbonfangst og -lagring, eller på såkalla geoengineering. Vi prøver å redusere verknaden av oljeproduksjonen utan å måtte fase han ut. Det var det som gjorde meg interessert i eksnovasjon.

I fjor gav Stephens ut boka Climate Justice and the University, der ho skriv om korleis høgare utdanningsinstitusjonar kunne ha spela ei meir aktiv rolle i omstillinga til eit berekraftig og sosialt rettferdig samfunn. Der har ho eigna eit eige kapittel til eksnovasjon, som i neste omgang inspirerte den komande prosjektsøknaden. Eksnovasjon i forsking, skriv ho, involverer å identifisere ulemper ved måten vi gjer ting på i dag, og aktivt prøve å redusere eller fase ut nokre av dei.
Eksnovasjon kan vere ein fruktbar innfallsvinkel på mange nivå, frå teknologiar til heile system, hevdar ho.
– Ta plast, til dømes. Vi veit at han skapar ei mengd problem og påverkar vår eigen livskvalitet. Han finst overalt i naturen og i kroppen. Men vi har ingen eksnovasjonsplan. Det treng vi, over heile spekteret frå teknologi til system og strukturar, men det er sjølvsagt vanskeleg. Vi har så lett for å henge oss opp i dei små tinga som vi trur det er mogleg å endre, seier ho.
Men ein føresetnad for meir forsking på eksnovasjon er at ein ser nærare på korleis institusjonane er finansierte, trur ho.
– Kven set forskingsagendaen, og kvar kjem pengane frå? Høgare utdanningsinstitusjonar spelar dessutan ei viktig rolle i å forme narrativ, og i dag er universiteta veldig opptekne av innovasjon og entreprenørskap. Det er nokså snevert når vi tenkjer på utfordringane som møter menneskeslekta.
Nyleg har Stephens og kollegaer byrja å kartleggje korleis petroleumsindustrien har investert i ulike former for samarbeid med utdannings- og forskingsinstitusjonar for å prøve å styre forteljinga om fossile brennstoff, etter mønster som er kjende frå til dømes tobakks- og legemiddelindustrien.
– Kven set forskingsagendaen, og kvar kjem pengane frå?
– Desse investeringane har ført til at forskinga hovudsakleg har handla om å redusere utslepp frå teknologien, og dermed har vi fått tilsvarande lite forsking på utfasing, illustrerer ho.
– Eg trur vi treng å framheve rolla universiteta kan spele for vårt felles beste. Korleis det kan gjerast, vil variere. I Noreg er til dømes utdanningssystemet offentleg finansiert, men styresmaktene er nært knytte til fossilindustrien, så dette er komplekst. Men når universiteta får vere uavhengige, kan dei gjere ting som andre institusjonar ikkje kan.
Stephens får støtte frå Fernando Racimo, førsteamanuensis i evolusjonær genetikk ved Københavns Universitet. Ved sida av genforskinga brukar Racimo mykje tid på aktivisme for berekraftig omstilling og har teke initiativ til eit nordisk forskarnettverk som skal undersøke eksnovasjon som omstillingsstrategi.
– Dei siste tiåra har snakk om innovasjon teke over akademia slik at universitet no blir verdsette i den grad dei er nyttige for kapitalismen, hevdar han når vi møter han på Blindern, der han deltek på ein konferanse i økologisk økonomi.

Racimo fortel at han har hamna i diskusjonar om korleis berekraftig omstilling ofte køyrer seg fast i teknologiske løysingar og grønvasking.
– Samstundes er det ingen diskusjon om korleis vi kan slutte å forureine. Det finst ingen forskingssenter som forskar på korleis ein kan avslutte og erstatte oljeproduksjon, seier han.
Saman med ein kollega etablerte Racimo ein studiesirkel om «degrowth» («nedvekst») og eksnovasjon under paraplyen til Nordic Summer University (NSU). NSU er eit tverrfagleg og forskarleidd nettverk som organiserer forskingsaktivitetane sine i form av studiesirklar som møtest eit par gonger årleg.
– På første samling samla vi akademikarar, aktivistar, beslutningstakarar og organisasjonar for å diskutere slikt som: Korleis eksnovere private jetfly? Korleis mobilisere fagrørsla? Kva kan vi lære av End Cement, ei tysk rørsle som kjempar for å fase ut den utsleppsintensive tyske sementindustrien? Kva rolle spelar elitane i å oppretthalde fokuset på innovasjon?

Førebels er det lagt eit treårig program med samlingar i ulike land, der dei vil sjå nærare på korleis ein kan eksnovere masseturisme og oljeindustri. Draumen hans er at forskarnettverket ikkje berre skal utforske eksnovasjon som konsept, men også gjere forskinga tilgjengeleg for aktivistar. Og ikkje minst trekke til seg teknologar. Førebels er det humanistar og samfunnsvitarar som dominerer debattar om utfasing, «degrowth» og eksnovasjon, meiner han.
– Men vi treng naturvitarar som vil forske på det tekniske arbeidet som er involvert i å slutte med noko. Det må gjerast konkret, seier han.
Også Racimo meiner at å gje større plass til forsking på eksnovasjon vil krevje endringar ved universiteta.
– Eg skulle gjerne sett meir demokratiske avgjerder rundt forskingsprioriteringar, og at fleire av dei økonomiske avgjerdene ved institusjonane vart tekne av tilsette og studentar, seier han.
– Det blir kanskje mindre straumlineforma, men også meir livleg.
Ideen om eksnovasjon er motkulturell i sin natur, meiner Jennie Stephens. Det inneber å utfordre dagens økonomiske maktstrukturar.
– Eksnovasjon er å gå mot straumen, men eg trur også at det lett kan knytast til heilskaplege, relasjonelle tankemåtar som får fram korleis vi menneske er del av planetens økosystem. Eg trur ideen vil kunne få spreiing, seier ho.
– Mange vil gjerne slutte å gjere skadelege ting, dei greier det berre ikkje, fordi vi alle heng fast i systemet slik det fungerer i dag. Difor treng vi forsking som viser oss korleis vi kan kome oss ut av det.