Agder naturmuseum vil bli universitetsmuseum under UiA, men Kunnskapsdepartementet får ikkje bestemt seg.
solheim-roar-privat
– Vi ventar berre på at departementa skal få ut fingeren, seier ugleforskar Roar Solheim ved Agder naturmuseum. Foto: privat

– Det er umogleg å vite kvifor, men det må sitje nokre byråkratar i departementet som trenerer denne saka. Både eigarane og Universitetet i Agder (UiA) seier at dei ønskjer eit universitetsmuseum. Då er det kjempefrustrerande å ikkje få dette på plass, seier Roar Solheim, tillitsvald i Forskerforbundet ved Agder naturmuseum og botaniske hage.

Museet har i mange år jobba for å bli universitetsmuseum under UiA, og dei noverande eigarane, som er Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune, har sagt seg villige til å fortsatt vere med på å støtte museet økonomisk.

Men om Agder naturmuseum skal bli ein del av UiA, må museet få sine tilskott frå Kunnskapsdepartementet (KD), og ikkje Kulturdepartementet slik som i dag.

– Vi er ganske fortvila og oppgitt over at det går så treigt! Vi har berre venta på at departementa skal få ut fingeren og at pengane skal flyttast til KD. Men så kom statsbudsjettet og der ligg vi fortsatt under Kulturdepartementet! seier Solheim.

– Ufatteleg vanskeleg

Torill Gjelsvik er museumsdirektør ved Agder naturmuseum og botaniske hage:

– Dette er svært frustrerande, for så lenge det formelle vedtaket ikkje er i orden, kan ikkje museet investere eller legge nye planar. Alt står på vent. Og vi forstår ikkje at det skal vere nokon grunn til å hindre ein overgang til KD, for UiA har informert departementet om at det ikkje lenger er pengane det står på, seier ho.

Men det skal tydelegvis ikkje vere lett å bli universitetsmuseum, for Forskerforum skreiv om denne saka alt i 2011.

– Nei, det er visst ufatteleg vanskeleg, og det er merkeleg at KD ikkje kan klare å gje eit svar, seier Gjelsvik.

– Styreleiaren vår har vore i kontakt med begge departementa, og KD seier at saka fortsatt er til vurdering. Då vil det kanskje seie at dei ikkje har tenkte så mykje på det?

Også UiA-rektor Frank Reichert er overraska over at overføring av Agder naturmuseum frå Kulturdepartementet til KD ikkje er nemnd i framlegget til statsbudsjett.

– Dette bør vere ei kurant sak som vi håpar Stortinget kan hjelpe til med at no blir realisert, uttaler Reichert i ei pressemelding.

– Eit prinsipielt spørsmål

johansson-toril-kd
– Det er eit prinsipielt spørsmål om KD skal ha fleire universitetsmuseum, seier ekspedisjonssjef Toril Johansson. Foto: Kunnskapsdepartementet

Ekspedisjonssjef Toril Johansson i universitets- og høgskuleavdelinga i KD stadfestar at UiA har sendt departementet ein oversikt over kva det vil koste å overta Agder naturmuseum.

– Universitetet har òg presisert at dei vil ta desse kostnadane over eiga budsjettramme.

Ho seier departementet vurderer søknaden, men viser til at det først og fremst er eit prinsipielt spørsmål om KD skal ha fleire universitetsmuseum.

– Denne saka handlar difor ikkje berre om UiA, men om korleis vi bruker ressursane best i heile sektoren, seier Johansson.

– Ved dei eldste universiteta har musea vore mykje av grunnlaget for universitetsbyggingsprosessen. Arkeologisk  museum i Stavanger vart for nokre år sidan universitetsmuseum under Universitetet i Stavanger, men ved det museet hadde dei same forvaltningsoppgåvene etter kulturminnelova for Rogaland, som dei andre universitetsmusea har i resten av landet. Agder naturmuseum er ikkje av denne typen museum, seier ho.