Publisert 17. juni 2015 kl. 13:58
– Eg reknar med at planane om universitetsmuseum går i orden. Vi satsar på å få dette i hamn i løpet av hausten 2015, seier rektor ved Universitetet i Agder (UiA) Torunn Lauvdal til Forskerforum.
Agder naturmuseum og botaniske hage (ANM) har i fleire år jobba med planane om å bli universitetsmuseum under UiA.
– Eigarane, som i dag er Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune, ønskjer å overdra museet til universitetet, og vi er no i forhandlingar med Statsbygg om overtaking av bygningane, fortel Lauvdal.
Trur på klarsignal frå KD
Ei samanslåing med universitetet vil medføre skifte av departement, frå Kulturdepartementet til Kunnskapsdepartementet (KD).
– Museet har i dag statsfinansiering frå Kulturdepartementet, og vi er i ein prosess no der vi ønskjer å sikre at denne finansieringa vil halde fram i KD sine budsjett. Kulturdepartementet har ingen prinsipielle innvendingar mot skifte av departement. Vi har enno ikkje fått klarsignal frå KD, men eg reknar med at dette går i orden, seier Lauvdal.
Ho fortel at dei tidlegare eigarane framleis skal gje økonomisk støtte til museet.
– Dessutan har både Grimstad kommune og Aust-Agder fylkeskommune stilt seg positive til å bidra økonomisk.
– Vil kjenne oss meir heime
Roar Solheim er førstekonservator i zoologi ved ANM. Han håpar at museumsplanane endeleg blir realiserte.
– Det ville bli ein ekstrem nedtur om planane skulle strande i siste sekund, seier Solheim.
Han er ikkje tvil om at museet passar betre inn under KD.
ANM har nemleg kjend seg nedprioritert av Kulturdepartementet over svært lang tid.
– Problemet er også at vi er det einaste reine naturhistoriske museet under Kulturdepartementet, og alle planar og innstillingar frå Kulturdepartementet er tilpassa dei kulturhistoriske musea. Museumsfagleg vil vi utan tvil kjenne oss meir heime som universitetsmuseum under UiA, seier Solheim.