Vil bli universitetsmuseum

Av Av Johanne Landsverk

Publisert 10. juni 2014

Agder naturmuseum vil bli del av Universitetet i Agder. - Vi ønskjer å bli universitetsmuseum for å styrke oss fagleg, seier direktøren.

vil-bli-universitetsmuseum


– Dette er viktig for heile Agder-regionen, meiner UiA-rektor Torunn Lauvdal.

Fakta
  • er det einaste naturhistoriske museet i landsdelen
  • er eigd av Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune
  • har 14 tilsette
  • har tre fagavdelingar innanfor botanikk, zoologi og geologi
  • ønskjer å bli del av Universitetet i Agder

– Det er ved universitetsmusea vi har nettverket vårt og samarbeidspartnarar innan same forskingsfelt, ikkje ved museum under Kulturdepartementet, held museumsdirektøren fram.

Sigmund Spjelkavik er direktør ved Agder naturmuseum og botaniske hage (ANM), som i dag er eigd av Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune. Forskerforum skreiv om museumsplanane for tre år sidan, men først no kjem saka opp politisk.

– Viktig å ta stilling

Kulturutvalet i Kristiansand har nyleg uttalt seg positivt til framlegget om at ANM blir gjort om til universitetsmuseum under Universitetet i Agder (UiA). I juni kjem saka opp i bystyret i Kristiansand.

– Det er viktig at alle eigarane no tek stilling i saka, seier Stein Tore Sorthe, kulturdirektør i Kristiansand. Han har leia arbeidsgruppa som er sett saman av representantar for museet, UiA, Kristiansand kommune, Vest-Agder fylkeskommune, Grimstad kommune og Aust-Agder fylkeskommune.

Arbeidsgruppa går også inn for ei utviding av museet slik at også Norsk hagebruksmuseum på Dømmesmoen ved Grimstad blir del av eit framtidig universitetsmuseum.

– Vi trur ikkje at staten utan vidare tek over all finansiering. Difor ser vi for oss ein modell der kommunen og fylkeskommunen framleis vil yte økonomisk tilskott, seier Sorthe.

– Har ingen kompetanse

Spjelkavik trur det største hinderet blir å få avklart ein overgang frå Kulturdepartementet til Kunnskapsdepartementet.

– Vi må jo også vere sikre på at pengane følgjer med, seier han.

– Det vi ønskjer, er at museet blir ei ny avdeling ved UiA. Fagleg sett har Kulturdepartementet lite med naturhistoriske museum å gjere, og har ingen kompetanse til å vurdere kva vi driv med innanfor fagfeltet vårt.

For å få informasjon og tilgang til andre naturhistoriske samlingar, har ANM i dag fått til ein førebels avtale med Universitetet i Oslo om å kanalisere data inn i MUSIT, som er ein felles IT-organisasjon for universitetsmusea. MUSIT skal sikre drift, vedlikehald og utvikling av felles samlingsdatabasar.

– Utan ein slik tilgang til basen som ein no har gjennom UiO, blir Agder ein kvit flekk på kartet. Som del av eit universitet får vi full tilgang til databasen, og datamaterialet vårt blir tilgjengeleg for forskingsmiljøa både nasjonalt og internasjonalt.

Hadde statlege oppgåver

Arkeologisk museum i Stavanger var tidlegare eit sjølvstendig museum direkte underlagt Kulturdepartementet, med eigen post på statsbudsjettet. Men frå 1. januar 2009 vart museet del av Universitetet i Stavanger (UiS).

– Vi var allereie finansiert av staten gjennom Kulturdepartementet. Om Agder naturmuseum har finansiering frå ulike eigarar, er det ein meir krevjande situasjon, seier Arne Johan Nærøy, tidlegare direktør ved Arkeologisk museum, UiS.

Han fortel at Arkeologisk museum hadde dei same arbeidsoppgåvene som universitetsmusea også før dei vart del av UiS, med ansvar for arkeologiske utgravingar i Rogaland.

– Vi har samarbeidd tett med dei andre universitetsmusea i alle år.

– Men Agder har ikkje statleg forvaltningsansvar slik de hadde?

– Nei, men det er ikkje sikkert det er eit viktig argument i diskusjonen om Agder skal bli del av universitetet eller ei.

Nærøy seier det har vore ein stor styrke for museet å bli del av universitetet.

– Det har utløyst nye forskingsressursar og større samarbeidsnettverk for forsking. Ikkje minst har vi fått tilgang til betre infrastruktur og administrative ressursar, til dømes får vi administrativ støtte frå forskingsavdeling ved UiS. Så eg forstår godt ønsket dei har i Agder.

– Vil styrke miljøet

UiA-rektor Torunn Lauvdal seier at universitetet ikkje kan gå vidare med saka før eigarane har bestemt seg.

– Om Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune seier ja, blir det endeleg litt fortgang i saka. For oss er det likevel ein føresetnad at dagens eigarar forpliktar seg til å vere med og bidra økonomisk. Deretter må vi forhandle om overgang til Kunnskapsdepartementet.

– Men dette er vel inga viktig sak for universitetet?

– Jau, dette vil styrke det naturvitskaplege miljøet ved UiA. Og det er viktig for heile Agder-regionen, for tanken er at museet skal tene begge Agder-fylka.