Kva kjem professor-tittelen av?
LUKK

Ein heilproff tittel:

Kva kjem professor-tittelen av?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 24. april 2024 kl. 15:30

Professoren var ikkje berre ein ekspert. Han stod fram med ekspertisen.

Etter at dei siste spaltene har surra rundt blant amanuensar og dosentar, er vi endeleg der. For sjølv om professor er berre éin av tre toppstillingar i akademia (forskar 1 og dosent er dei andre), er det ikkje tvil om kva som kling mest fornemt.

Korleis kom tittelen hit? I likskap med titlane vi har omtalt før, har ordet eit latinsk opphav.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge er terminolog i Helsedirektoratet. Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagleg leiar ved Termportalen, Universitetet i Bergen. Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve.

Våge: På latin er professoren ein som står fram som ein ekspert innanfor eit område. Eg tykkjer dette med å stå fram er interessant, og implisitt er det kunnskap ein står fram med. Opphavet til ordet er profetiri, som tyder å deklarere, og dette har vorte til substantivet professor. På ein del språk tyder professor lærar, ikkje nødvendigvis på eit universitet, men altså ein som har kunnskap. Dette kjenner vi òg att i ordet profesjon.

– Så det var ikkje nok å ha kunnskap, ein professor måtte stå fram med han?
Våge: Ja, og dersom eg skal spekulere, kan dette vere knytt til den munnlege tradisjonen som vi kjenner mellom anna frå Sokrates: Ein vedkjenner seg kunnskap og står fram med han i ein samtale.

– Ingen komitear og ikkje noko NOKUT som avgjorde om kunnskapen var god nok?
Våge: Nei, dette måtte ein gjere sjølv.

– Dette står i ein viss motstrid til bruk av ord som professortype i daglegtalen. Eg har sett det vorte brukt i tydinga introvert eller asosial.
Kristiansen: Ja, i dag tenkjer vi nok meir på at professoren heller løyner seg og vil ha fred til å forske enn å vere ute og formidle eller undervise.

– Då vi tok for oss dosent, lærte eg at det på latin var ein som underviste. Var det ein distinksjon mellom professoren og dosenten i antikken?
Våge: Eg kjenner ikkje til om det var eit skilje med praktiske implikasjonar, men det er iallfall to ulike perspektiv på kunnskap: å stå fram med han, eller å undervise.

– I Noreg har vi berre professor, og rett nok professor 2 om du har ei lita stilling ved ein annan institusjon. Men i ein del andre land er det mange slags professorar?
Kristiansen: I USA har ein «assistant professor», «associate professor» og «junior professor». Eg har sett «assistent-professor» brukt på norsk om ein amerikansk professor, men det er berre ei slapp omsetjing.
Våge: På tysk er det ikkje måte på kor mange grader av professorar som finst, titlar som startar med «Junior-», «Senior-», «Sonder-» og Stiftungs-», – og «Honorarprofessor».
Kristiansen: I Noreg har vi professor. Punktum.
Våge: At vi ikkje har grader av professorar i Noreg, kan det tyde på at tittelen har ein spesiell status hjå oss?
Kristiansen: Det er vel iallfall ein konsekvens. Men at vi ikkje er samkøyrde internasjonalt når det gjeld titlar, kan føre til forvirring. Eg er fyrsteamanuensis, og i mange land tilsvarar det noko som har «professor» som ein del av namnet. Då eg deltok digitalt på eit seminar i India nyleg, vart eg introdusert som professor, og i deira samanheng kan eg vere det. Men professortittelen er verna, og det har vore diskutert om ulovleg bruk av nemningar skal verte straffa med opptil to gonger folketrygdas grunnbeløp, så no vil eg ikkje straffeforfølgast.

– I ei tidlegare spalte snakka vi om at ein ikkje kan professorere som ein kan dosere, men ein kan vere professoral. Kva ligg i det?
Kristiansen: Ved søk i korpus (tekstsamlingar frå blant anna aviser og skjønnlitteratur journ.mrk.) ser eg at det er brukt i ein del samansetningar som «professoralt visvas». Mange av koplingane er negative, som «professoral hovering» eller «professoral pedant». Mykje av det peikar på ei overlegen haldning.
Våge: André Bjerke skriv om «professoral distraksjon». Det er noko anna enn å vere hovmodig. Og rollefiguren Klein i skodespelet Semmelweis av Jens Bjørneboe seier: «En høyt aktet kollega – hun har så å si en professoral syfilis.»

– Den klarar eg ikkje å tolke i farten. Men finn de òg «professoral» brukt i positive samanhengar?
Våge: Alf Nordhus har skrive om «professoral hukommelse».
Kristiansen: «Professoralt kledelig», «professoralt innblikk», «professoralt intellektuelt» Medan denne frå ein leiar i Fædrelandsvennen vel er både metaforisk og syrleg: «en professoralt kledelig men påtatt bekymring».

– Før var professortittelen knytt til eit avgrensa tal professorat. No kan ein få personleg opprykk til professor. Har tittelen dermed vorte devaluert?
Kristiansen: Ja, før var det få professorat, som dermed hang høgt. Om eit institutt berre hadde eitt professorat på eit fagområde, vart det ikkje ledig før professoren vart pensjonert. Då eg jobba ved Noregs Handelshøgskole, høyrde det store professorkontor til professorata. Dei hadde forværelse med sekretær. Ved ei utbygging var det eit institutt som motsette seg at professorkontora skulle gå ned i storleik. Dermed rauk stipendiatrom og grupperom! No er det mange vitskapleg tilsette som får opprykk i løpet av arbeidslivet. Dersom vi skulle ha tenkt oss ulike kontorstorleikar ut frå titlar i dag, måtte vi ha flytta mange veggar.

  • Les også: