Før var det moro med utvikling. No er forskinga invadert av innovasjon.
LUKK

Språkleg innovasjon:

Før var det moro med utvikling. No er forskinga invadert av innovasjon.

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 19. januar 2024 kl. 11:11

– Det kan hende det har vore ein viss språkleg kannibalisme her, foreslår vår språkekspert Ole Kristian Våge.

Det slår meg at ordet «innovasjon» vert stadig meir brukt i språket om forsking. Tyder det noko anna enn dei gamle travarane «anvend forsking» (motstykket til grunnforsking) og «utvikling», kjend frå «forsking og utvikling»? I den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning står «innovasjon» 128 gonger. Det har fleire treff enn «forsking og utvikling» (24) og forkortinga «FoU» (52) har til saman. «Anvendt forskning» står berre seks gonger. Kor kjem denne innovasjonen frå?

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse. Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve. Foto: Moment og NHH
Ole Kristian Våge er terminolog i Helsedirektoratet. Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve. Foto: Moment og NHH

Våge: Ordet kjem ikkje overraskande frå latin. Novus tyder ny, og verbet innovare tyder å fornye. På 1800-talet var ikkje «innovasjon» utbreidd i vanleg, norsk språkbruk. Vi må derfor lene oss på ordbøkene. I ei ordbok frå 1842 er «innovere» forklåra som å fornye, istandsette eller oppfriske. Fyrst utover på 1970-talet vart «innovasjon» eit levande ord i språket, som i avistekstar, men det var framleis eit visst behov for å forklåre ordet. I ein avisartikkel frå 1972 står det til dømes at «selve ordet innovasjon er en arv fra det engelske sprog, direkte oversatt betyr det ‘fornyelse’ eller ‘nyskapning’». No tek vi for gitt at lesaren skjøner omgrepet, og det har kome inn som namn på institusjonar. Vi har til dømes fått eit eige helseinnovasjonssenter og sjølvsagt Innovasjon Noreg.

Kristiansen: Det ser ut til at «innovasjon» er i ferd med å presse vekk «utvikling», som i langtidsplanen eller den gjeldande strategien til Forskingsrådet. Innovasjon er vanleg i samansetnader som innovasjonsaktør, -satsing eller -innsats, og i sektoren vår har ordet fått stor utbreiing. Det har vorte noko ein må skrive seg inn i dersom ein skal vise at ein strategi eller eit forskingsprosjekt har rett retning. Men både FoU og innovasjon har faktisk vore i tilbakegang i språkbruken generelt. FoU var på topp på byrjinga av 1990-talet, medan innovasjon var mest i bruk rundt 2015. Kanskje det aukar på no i og med at det blømer for fullt i langtidsplanen?

– Er overgangen frå utvikling til innovasjon ei rein språkleg endring, eller er endringa eit uttrykk for eit endra syn på forsking med krav til at forskinga skal kaste av seg noko?

Kristiansen: Eg vil iallfall seie at det ligg ei styrkt forventning om at forsking skal føre til innovasjon, og at det ligg større krav i måten «innovasjon» vert brukt på no. Eit døme er frå ein kronikk eg fann, av Torunn Linneberg ved dåverande Høgskolen i Gjøvik i 2013: «Ved Høgskolen i Gjøvik definerer vi innovasjon som en ny idé som er satt ut i livet slik at den skaper verdi i samfunnet, det være seg økonomisk verdi, sosial – eller kulturell verdi.» Ein slik definisjon av innovasjon skil seg frå utvikling: Det ligg ein verdiauke i innovasjonen.

Våge: Det kan hende det har vore ein viss språkleg kannibalisme her – ei tredemølle der ein tykkjer ein må bruke nye ord for å få det til å verke som om ein peikar på noko nytt, innovere ord for innovasjon.

– Eg har òg sett forkortinga FoUI (forsking og utvikling og innovasjon). Kan U-en i den kjære FoU-nemninga forsvinne til fordel for I-en?

Kristiansen: Eg har iallfall enno ikkje sett det som kortforma FoI. Vi skal hugse at forkortinga FoU er svært etablert i stammespråk, til dømes at ein har FoU-tid.

– Har omgrepet «anvend forsking» òg tapa terreng?

Kristiansen: Vi er vane med å bruke det som ein del av paret «grunnforsking og anvend forsking». I universitetskrinsar er gjerne anvend forsking ikkje noko ein tykkjer like mykje om som grunnforsking. Det kan hende det er meir akseptabelt å snakke om innovasjon.

– Eg har lurt på om omgrepa anvend forsking og innovasjon er synonyme, eller omtalar dei ulike stadium i prosessen, som at anvend forsking fører til innovasjon?

Våge: Innovasjon er eit svært fleksibelt omgrep, og det er vanskeleg å fastsetje ei snever tyding. Det er nok eit tidsspeglande statusord på linje med berekraft og grønt skifte. Men dersom ordet skulle ha vore verkeleg levande, burde det ha vore meir i bruk som verb òg: Innovere er merkeleg lite utbreidd. Det kjennest framand å seie at «eg innoverer» eller «du innoverte». Livsvilkåret til ordet innovasjon ser ut til å vere kategoriord.

– Alle skal drive med innovasjon, men ingen innoverer?

Våge: Å bruke det som verb er meir nakent og forpliktande. Det kan hende at dette er ei tydeleggjering som ein ikkje ønskjer, for då ansvarleggjer ein nokon, det er nokon som faktisk må gjere det. Og det kan ikkje vere det latinske opphavet som gjer det vanskeleg å bruke på individnivå, for det er ikkje framandt å seie at eg demonstrerer, obstruerer eller abstraherer.

Kristiansen: Det er eit godt poeng. At det er så lite i bruk som verb, tyder på at vi ikkje vil ha det som ein del av allmennspråket.

– Eg har inntrykk av at «innovasjon» er meir i bruk av politikarar og leiarar enn av forskarar. Det skal mykje til å seie at ein «innoverer», medan det er flott og luftig å ynskje «innovasjon».

Kristiansen: Innovasjon i samband med forsking medfører som regel noko meir enn individet kan gjere aleine, som samarbeid og kanskje investeringar. Det kjennest løye, og er ein dryg påstand for mange forskarar å seie at «eg innoverer».

  • Les meir om språk: