– Vi har ikke noen god, norsk term for ‘research literacy’
LUKK

Fagspråk:

– Vi har ikke noen god, norsk term for ‘research literacy’

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 25. mai 2023 kl. 15:06

Kva skal vi kalle «research literacy» på norsk? – Det er viktig at vi ikkje innfører termar som kolliderer med ord som alt finst, seier Ole Våge.

Språkspalta har fått eit godt tema i fanget frå professor Ellen K. Henriksen, som er tilknytt både Seksjon for fysikkdidaktikk ved Fysisk institutt, Universitetet i Oslo og Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved Oslomet. Ho skriv:

«I dokumentet ‘Lærerutdanning 2025’ slo Kunnskapsdepartementet fast at kandidatene fra den 5-årige grunnskolelærerutdanningen skal ‘bli bedre rustet til å etterspørre og bruke forskningsbasert kunnskap’. Dette kalles på engelsk ‘research literacy’, men vi har ikke noen god, norsk term for dette. I vedlagte notat er det listet opp noen mulige norske termer med hver sine fordeler og ulemper. Vi vil gjerne høre hva andre tenker om spørsmålet!»

Og her er framlegga:

Mulig termFordelerUlemper
ForskningslitterasitetDet ligner den engelske og den svenske termen og er presistDet er et unorsk ord som klinger unødig akademisk. Man kan ikke bruke «forskningslitterat» om en person.
ForskningskyndighetGodt norsk ord, og man kan også si at en person er forskningskyndigKyndighet er kanskje for nært knyttet til profesjonelle ferdigheter, f.eks. i definisjonen i Bokmålsordboka.
ForskningsforståelseGodt norsk ordMan kan ikke si om en person at hen er forskningsforstående.
Forsknings-(allmenn)dannelseI naturvitenskaps-sammenheng brukes «naturvitenskapelig allmenndannelse» på norsk om «science literacy»Litt tungt og høytidelig; for mye knyttet til «takt og tone»?
Forskningsferdighet, forskningskompetanseSignaliserer i for stor grad at personen kan utføre forskning slik f.eks. en akademisk ansatt i UH-sektoren kan.

Nærskylde ord

– Ein slik tabell med lister over fordelar og ulemper er førebiletleg. Eg vil seie dette er ein slags bestepraksis for dei som møter på språklege nøtter i forskingskvardagen, seier Ole Våge, som denne gongen rår grunnen aleine som ekspert i spalta.

Men før vi går laus på spesialordet «forskingsliteracy», lat oss sjå på termen «literacy». Det er ikkje fyrste gongen nokon har etterlyst eit godt norsk alternativ til dette ordet. Heidi Norland, redaksjonsleiar i Universitetsforlaget, sa til Forskerforum for nokre månader sidan: «Nokre engelske termar er så innarbeidde at vi stangar i veggen. Vi skulle til dømes gjerne hatt eit norsk ord for ‘literacy’, men det har vi måtta gje oss på mange gonger.»

– Dette er òg ein gjengangar frå den gamle jobben min i Språkrådet, så det var vel berre eit tidsspørsmål før dette ordet, som vert brukt på tvers av ulike fagfelt, vart tema i språkspalta. Etymologisk kjem literacy frå latinske literatus ‘utdanna’, som igjen kjem frå litera, ‘bokstav’, seier Våge, som held fram:

– I snever forstand er literacy evna til å lese og skrive og må forståast i motsetnad til illiteracy, som er analfabetisme. Literacy er òg i opposisjon til numeracy – talforståing – som er eit langt nyare omgrep. Dette er eit forsøk på å lage ei klynge av nærskylde omgrep, noko som har skapt problem når det gjeld å lage eit godt norsk ord for literacy. På norsk har vi jo tatt utgangspunkt i det greske ordet for bokstav, alphabetos, for å lage ord som (an)alfabetisme.

«Nærskyld» er eit så sentralt ord i denne teksten at eg vel å forklåre det for folk som er analfabetar i nynorsk: nært i slekt.

Endra innhald over tid

Så langt om den opphavlege tydinga. Etter kvart har tydinga utvikla og utvida seg, fortel Våge, som meiner ein artikkel i Store norske leksikon gjev ei fin innføring i omgrepet.

– Eit forsøk på definisjon der er «skriftspråklige ferdigheter som gjør at man kan forstå, skape, kommunisere, orientere seg og delta i samfunn som er i endring». Dette rommar mykje meir enn det opphavlege. Det har tydelegvis vore behov for eit omgrep for dette, og i dette tilfellet har det ikkje skjedd ved å lage eit nytt ord, men ved å definere eit eksisterande ord på ny. At meir og meir vert pakka inn i eit eksisterande omgrep, er eit vanleg fenomen.

– Parallelt kan ein vel seie at literacy utviklar seg til å innehalde mindre og mindre? No er det ingen som tenkjer at det berre tyder å kunne lese bokstavar eller enkle skilt?

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge er terminolog i Direktoratet for e-helse. Her uttalar han seg berre på vegne av seg sjølve. Foto: Moment Studio.

– Nei. Elles føreslår Språkrådet norske avløysarord som lese- og skrivekyndighet, å vere lese- og skrivefør. Dei nemner ord som skriftkunne og skriftkultur. Dette er breie og overordna omgrep, som ikkje er så mykje til hjelp når det gjeld å finne eit anna ord for «forskingsliteracy».

For i tillegg til det overordna og allmenne literacy-omgrepet har vi «del-literacy-ar» for visse saksområde: financial literacy, informational literacy og health literacy.

– Som vi ser, kan ordet verte tilpassa ulike område. Det har elles vore ein diskusjon om termen health literacy. Det kom etter kvart ei melding frå Helse- og omsorgsdepartementet, som med normerande kraft slo fast at den norske termen for dette skulle vere «helsekompetanse». Ifølgje departementet skal dette ordet romme «personers evne til å finne, forstå, vurdere og anvende helseinformasjon for å kunne treffe kunnskapsbaserte beslutninger relatert til egen helse». Då ser ein korleis tydinga har utvida seg veldig.

– Det er eit steg frå å lese skilt til å ha tekniske ferdigheiter til å finne fram i og gjere seg nytte av Helsenorge.no?

– Ja, med kompetanse meiner ein nok meir enn lese- og skrivekunne. Ein mistar koplinga til tekst, sjølv om det nok ligg der implisitt. Men i moderne samfunn kan ein jo òg få kompetanse til dømes ved å sjå lærevideoar på nettet.

– Er tydingsinnhaldet i helsekompetanse ein særnorsk konstruksjon?

– Nei, dette er ei direkte omsetjing av ein internasjonal definisjon. Det er eit behov for å dekkje noko meir enn å forstå ein tekst som ein har fått tildelt å lese av autoritative fagpersonar. Det ligg noko her om at innbyggjarane skal klare seg sjølve i informasjonssamfunnet. Det nærmar seg idealet om opplyste borgarar.

Elastisitet og litterasitet

Men så dukkar det opp eit problem, som Våge ser det. Fleksibiliteten literacy har på engelsk, der han vandrar mellom ulike samfunnsområde og får tilleggsnamn som «health», er ikkje noko vi problemfritt kan herme på norsk. Og no nærmar vi oss temaet til innsendaren: Kva skal research literacy heite på norsk?

– Helsekompetanse, som altså er valt til helsefeltet, kan ein ikkje utan vidare overføre til andre område. Ordet forskingskompetanse er alt i bruk og er meir knytt til å utøve forsking, det ligg ikkje langt unna «fyrstekompetanse». Literacy eller litterasitet kan ein meir direkte overføre til andre felt, men det er bryet verdt å finne betre, sjølvforklårande uttrykk. Eg er samd med innsendaren i at «litterasitet» fungerer dårleg i allmenn kommunikasjon.

– Innsendaren treng eit ord som passar i samanhengen lærarutdanning.

– Det gjev endå meir grunn til unngå litterasitet, for det er viktig at det vert forstått i skuleverket og til dømes i læreplanar. Det er ein kompetanse som skal nå ut til veldig mange, og vi treng eit ord som bidreg til det og ikkje er eit hinder.

– Kva framlegg meiner du er best?

– Eg held ein knapp på forskingsforståing. Innvendinga, som innsendaren skriv, er at det manglar eit adjektiv som høyrer til. Ein kan ikkje seie «forskingsforståande», men må ty til forskingskunnig eller -kyndig. Elles er det ikkje store omskrivinga som skal til: Ein kan seie at nokon har forskingsforståing, seier Våge.

Og då kan ein vel føye til at substantivet «forskingsforståar» heller ikkje er brukbart.

Ord som gjev innblikk

– Du har kome med framlegg til norske avløysarord for engelske termar i tidlegare spalter òg. Då har du halde fram at eit ord alt er utbreidd, eller kan verte det, som eit suksesskriterium. Spelar det inn her?

– Ja, for forskingsforståing er litt i bruk allereie.

– I denne tydinga?

– Ja, forskingsforståing om å kunne lese forsking og vurdere kva tyding ho har, er noko ein kan sjå til dømes i læreplanar, seier Våge, som på ny kjem inn på det springande punktet: «nærskylde omgrep».

– Når ein skal vurdere nyord, er det viktig å ikkje lage ord som like godt kunne ha vorte brukte om eit nærskyldt omgrep. Det kan forvirre. Difor bør ein ta omsyn til slike nærskylde omgrep når ein skal lage nyord, slik innsendaren har gjort med science literacy. Elles risikerer ein at orda byrjar å kollidere med kvarandre.

– Det må vere plass i språklandskapet til det nye ordet?

– Ja, og ein må ikkje danne nye ord for noko som finst frå før. Ord og faguttrykk er som pålar eller koordineringspunkt i kunnskapslandskapet. Dei skal hjelpe oss å forstå fagomgrepa og skilje dei frå kvarandre.

– Men literacy finst altså frå før. Du meiner det er verdt bryet å finne eit norsk avløysarord?

– Literacy eller litterasitet i akademiske tekstar for fagfellar er heilt greitt, men skal ein gjere noko elles i samfunnet ved hjelp av det, trengst ord som gjev innblikk.

  • Les også: