Alle er samde om at norske studentar lærer best på norsk, likevel er stadig meir av pensum på engelsk
LUKK
Annonse
Annonse

Alle er samde om at norske studentar lærer best på norsk, likevel er stadig meir av pensum på engelsk

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 12. september 2022

No møter institusjonane sterkare krav om å ta ansvaret for norsk fagspråk på alvor.

Eivind Støeng studerer samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen (UiB) og er innom bokhandelen for å kjøpe ei svindyr engelsk fagbok.

– Dette året er det meste av både undervising og pensum på engelsk, seier han.

Annonse

Støeng fortel om stor engelskdominans på studiet, noko som står i ein viss motstrid til rådande politikk. Regjeringa sa i Hurdalsplattforma at norsk fagspråk skal løftast fram, og statsråd Ola Borten Moe har sjølv lagt vekt på saka. I årets tildelingsbrev skriv Kunnskapsdepartementet (KD) at regjeringa forventar at institusjonane følgjer godt med på språksituasjonen både i forsking og undervising, set inn tiltak om nødvendig, og omtalar arbeidet i årsrapporten.

– Eit godt norsk fagspråk opnar for at fleire kan delta i den faglege samtalen, seier Heidi Norland i Universitetsforlaget.
Foto: Jeanette B. Gravdahl

Tilfeldig pensumspråk

– Vi merkar godt teljekantsystemet og at dei vitskapleg tilsette ikkje får utteljing for, og ikkje kan prioritere, å formidle faget sitt på norsk. Det gjeld særleg unge akademikarar, og det er ei utvikling som ikkje blir betre, seier redaksjonsleiar i Universitetsforlaget, Heidi Norland.

Samstundes kan verdien av norsk fagspråk på pensum knapt overvurderast, meiner ho.

– Vi veit jo at det fører til betre forståing. Ofte dreier det seg om såkalla terskelomgrep, altså omgrep som er sentrale for å opne opp eit nytt fagfelt. Å få desse omgrepa serverte på eins eige språk gjev ei heilt anna forståing, og redaktørane våre arbeider heile tida med det.

I april i år la Opinion fram ei intervju-undersøking av pensumfastsetting i høgare utdanning, som var gjort på oppdrag for Kopinor. Biletet som teikna seg, var at pensum blir bestemt av den emneansvarlege, ut frå kriterium som relevans, tilgjengelegheit og moglege støtteressursar. Kvar dei får informasjonen sin frå, varierer veldig.

Sjølv om alle informantane i undersøkinga var samde om at norske studentar lærer best på norsk, er likevel stadig meir av både pensum og undervising på engelsk. Mange faktorar dreg i same retning: Pensum blir meir fragmentert og inneheld fleire tekstutdrag, bokkapittel og forskingsartiklar framfor heile lærebøker. Digitalisering forsterkar tendensen. Samstundes manglar det insentiv til å skrive lærebøker.

Engelsk er innarbeidd

– Når eit omgrep ikkje finst på norsk, må vi få forfattarane til å undersøke i fagmiljøet sitt om det finst ein god måte å omsetje omgrepet på, seier Norland.

– Men nokre engelske termar er så innarbeidde at vi stangar i veggen. Vi skulle til dømes gjerne hatt eit norsk ord for «literacy», men det har vi måtta gje oss på mange gonger. Det kan fagmiljøa gjerne ta som ei utfordring: Gje oss eit norsk ord!

Ansvaret for å utvikle gode norske fagomgrep ligg på fagmiljøa, men UiB har fått ei rammeløyving til å bygge opp ein digital infrastruktur, Termportalen, der ein kan få tilgang til dei ulike termlistene i eit felles søkebilete. Til dømes er den studieadministrative termbasen til Universitets- og høgskulerådet no tilgjengeleg gjennom Termportalen.

Bruken av engelsk i pensumlitteratur varierer mellom fagfelt, fortel Norland. Psykologi er eitt av dei som er spesielt utsette. Eit anna er IT-faga, der dei skriv om program som er koda og fungerer på engelsk.

– Fleire hevdar at folk på feltet har arbeidd så lenge med desse programmeringsspråka at dersom vi no tek til å innføre norske omgrep, vil det berre forvirre. Men sjølv på dette området finst det folk som arbeider seriøst med å få til eit norsk fagspråk.

Psykologi er eitt av fagområda med mykje engelsk pensumlitteratur. Her ein smakebit frå Akademika på Studentsenteret i Bergen.
Foto: Kjerstin Gjengedal

Fragmentert ansvar

– Vi ser av den tilbakevendande debatten i media at mange fagleg tilsette er opptekne av norsk som fagspråk, og av at det skal finnast norske termar som studentar kan lære og ta med seg ut i norsk arbeidsliv, seier Ane Landøy.

Ho er seniorrådgjevar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

– Og når dessutan departementet legg vekt på det, blir også institusjonane meir opptekne av det.

På oppdrag frå KD fekk Diku (forgjengaren til HK-dir) i oppgåve å gjennomgå språkstrategiane ved institusjonane og vurdere korleis dei skjøttar ansvaret sitt for norsk fagspråk. Rapporten, som kom i fjor, viste at sjølv om nesten alle institusjonar har språkpolitiske retningsliner, så er dei sjeldan synlege i den overordna strategien. Forfattarane fann dette forbausande, med tanke på dei sterke styringssignala frå KD.

– I gjennomgangen såg vi også etter korleis ansvaret er plassert ved institusjonen. Peikar ein tydeleg på eit språkutval eller ei kommunikasjonsavdeling, eller er det opp til den enkelte vitskapleg tilsette? Det dominerande inntrykket var at ansvaret ikkje var tydeleg plassert hos éin bestemt funksjon, seier Landøy.

Treng betre oversikt

Eit fleirtal av institusjonane slo fast at norsk er undervisingsspråket, framfor alt på bachelor. Når det gjeld læremiddel, er det derimot vanskeleg å få noko detaljert bilete.

– I 2013 gjorde NIFU ei undersøking der dei leitte fram pensumlister frå utvalde fag og institusjonar og talde sider, og dette er det siste som eigentleg er gjort. Vi tilrådde at dette blir betre kartlagd, men sjølv om institusjonane nok kan få oversikt over sin eigen situasjon, så er det vanskeleg å få eit nasjonalt bilete, fordi faga er ulikt organiserte ved institusjonane, seier Landøy.

Gjennomgangen av språkstrategiane munna ut i fleire råd: Mellom anna bør språkpolitikken forankrast på institusjonelt nivå, fagspråk- og terminologiarbeid bør inn i universitetspedagogikken, og det bør lagast insentivordningar som premierer arbeid med terminologi og skriving av læremiddel på norsk.

– Men det aller viktigaste er nok at institusjonane sjølve held eit auge med eigen språkbruk. Mange vitskapleg tilsette fungerer som vaktbikkjer og engasjerer seg på eige initiativ, og det er bra, men det skal jo ikkje vere opp til den einskilde, det er eit leiaransvar, seier Landøy.

– Vi ser for oss ei ny kartlegging av språkbruken ved HVL om to år, seier leiar av språkutvalet ved HVL, Geir Kåre Resaland. Foto: Eivind Senneset

Norsk ved HVL

Høgskulen på Vestlandet (HVL), som skil seg ut i sektoren med ein tydeleg språkpolitikk, gjorde i 2020 ei kartlegging av eigen språkbruk, inkludert pensumlitteratur og undervising. Den viste at kring 70 prosent av pensumlitteraturen var på norsk, men med store variasjonar mellom fakulteta. Kartlegginga dekte berre lærebøker, ikkje artiklar og digitale ressursar, så den reelle fordelinga er truleg litt annleis.

Prorektor og leiar av språkpolitisk utval ved HVL, Geir Kåre Resaland, opplyser at HVL ikkje har eigne retningsliner for språk i pensumlitteratur utover dei generelle språkpolitiske retningslinene. Der heiter det at høgskulen skal finne ein rimeleg balanse mellom bruken av norsk og engelsk i undervisinga, og leggje til rette for bruk av norsk som vitskapleg språk.

– Merksemda om dette arbeidet er styrkt, seier Resaland, som fortel at planen er å gjennomføre nye kartleggingar med jamne mellomrom.

HVL lagar allereie eigne årsrapportar om språkarbeidet, slik HK-dir tilrår. Midt i september deltek rektor Gunnar Yttri på eit seminar i regi av direktoratet, om korleis institusjonane kan konkretisere ansvaret sitt for det norske fagspråket. Landøy i HK-dir fortel at dei vil bruke seminaret til å hente inn signal om kva institusjonane har behov for i språkarbeidet.

– I gjennomgangen såg vi at dei treng meir støtte. Seminaret er starten på ei slik satsing frå vår side, seier Landøy.

  • Les også: