Lærer «sjukepleienorsk» på kurs
LUKK
Annonse
Annonse

Fagspråk:

Lærer «sjukepleienorsk» på kurs

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 27. november 2022

Å arbeide med fagspråk er særleg viktig i profesjonsutdanningar som sjukepleie. Fleire institusjonar har sett i verk tiltak for å styrke språkkompetansen til studentane.

Mange studentar, særleg dei med norsk som andrespråk, har vanskar med å tileigne seg fagspråket. Anne Valen Skisland, dosent og studieprogramleiar for masterprogrammet i avansert klinisk allmennsjukepleie ved UiA, fortel at vanskane typisk kjem til syne når studentane skal skrive refleksjonsoppgåver og bygge bru mellom praksis og teori.

– Då strevar dei, fordi dei ikkje har forstått innhaldet i omgrepa. Det er ikkje anatomi og fysiologi som er problemet, for slikt kan puggast, og dette er flinke studentar, seier ho.

Dette er ei kjent utfordring ved sjukepleieutdanningane, der prosentdelen med norsk som andrespråk er høg. UiA har kartlagt erfaringane sjukepleiestudentane gjorde seg i møte med studiespråket, og har utforma tiltak på bakgrunn av resultata derifrå.

Samansett språkkompetanse

– Å meistre sjukepleienorsk inneber å kunne sjonglere med orda så dei passar i ulike kontekstar, seier Ingrid Gilje Heiberg. Foto: Grethe Nygaard

Ved Høgskulen på Vestlandet har førstelektor Ingrid Gilje Heiberg dei siste to åra undervist sjukepleiestudentar ved Campus Haugesund i «sjukepleienorsk». Kurset er eit frivillig tilbod til alle studentane, men det er spesielt mynta på fleirspråklege studentar.

«Sjukepleienorsk» er ein svært kompleks språkleg kompetanse, fortel Heiberg.

– Ein må meistre kvardagsnorsk for å snakke med kollegaer og forstå vitsane på lunsjrommet. Samstundes skal ein meistre medisinsk norsk, som er eit heilt eige fagspråk.

I tillegg kjem akademisk norsk, som set ein i stand til å skrive fagoppgåver, og pasientnorsk, som set ein i stand til å kommunisere godt med pasientar.

Lytt, les, snakk og skriv

– Vår hovudidé er at fleirspråklege studentar ikkje først og fremst treng å lære verbbøying og helsefaglege gloser. Dette kan ein del frå før, og då blir kurset lite treffsikkert. Vi er opptekne av at studentane skal få verktøy til å utvikle språket dei treng i dei ulike språkbrukssituasjonane, som del av eit fagmiljø, seier Heiberg.

Kurset nyttar ingen lærebøker eller gloselister. I staden tek undervisinga utgangspunkt i podkasten Sykepleieprat, som blir laga av Rådet for sykepleieetikk. Studentane lyttar til utvalde episodar, og så møtest dei og diskuterer.

– I podkasten blir studentane tekne inn i ei lydverd som tilsvarar den dei møter i auditoriet. Før gruppediskusjonen har alle lese om temaet på norsk, og diskutert det med ein norskspråkleg ven eller studentassistent. På gruppesamlinga legg dei fram tankane sine om temaet, og skriv ein kort tekst for å øve seg på å bruke omgrepa, fortel Heiberg.

Lærar Ingrid Gilje Heiberg (i midten) har samla nokre av studentane som har meldt seg til årets kurs i sjukepleienorsk. F.v: Gabriele Urbonaviciute, Ronja Bull, Saido Mohamed Warsame og Jocelyn Rivera Johannesen. Foto: Grethe Nygaard

Elementa i kurset byggjer på det felles europeiske rammeverket for språk, der skalaen går frå A1 til C2. Søkarar med norsk som andrespråk må vere på nivå B2 eller betre for å sleppe inn på høgare utdanning, men mange oppdagar at sjølv om dei har godt grep om kvardagsnorsk, blir møtet med fagspråket vanskeleg.

Førebuing til praksis

Av studentane som så langt har meldt seg på årets kurs i sjukepleienorsk, fortel fleire at dei ønskjer å vere godt budde til dei kjem ut i praksis.

– Eg vil kjenne meg så trygg på språket at eg kan skrive journalar på rett måte. Det er viktig for å kunne utføre ein trygg jobb som sjukepleiar, seier Saido Mohamed Warsame, som ikkje kunne skrive i det heile då ho kom til Noreg frå Somalia for ti år sidan.

Nigat Mihretu Bulti frå Etiopia har allereie jobba ein del i norsk helsevesen som assistent, og har opplevd å måtte handtere akutte hendingar.

– I slike tilfelle må ein kunne kommunisere godt og bruke medisinske uttrykk rett, ikkje berre daglegspråk, seier ho.

Alle dei påmelde har utanlandsk bakgrunn bortsett frå éi: Ronja Bull er oppvaksen i Noreg og har studert japansk før ho starta på sjukepleieutdanninga.

– Eg har aldri vore borti noko som har med helse å gjere, og hadde ikkje eingong biologi på vidaregåande. Alt er nytt, og eg merkar at det kan vere overveldande. Når eg skal ut i praksis, vil eg sleppe å måtte google ord og omgrep i pausane. Eg vil ha overskot til å konsentrere meg om det sjukepleiefaglege, seier ho.

Studentane i Haugesund tek kurs i sjukepleienorsk. Bak f.v: Saido Mohamed Warsame, Ingrid Gilje Heiberg (lærar), Makda Teferi Mekonnen, Nigat Mihretu Bulti og Gabriele Urbonaviciute. Framme f.v: Jocelyn Rivera Johannesen, Ameneh Khedri og Ronja Bull. Foto: Grethe Nygaard

Fleire språk, same utfordring

Når fagspråk i akademia er tema i debattspaltene, handlar det oftast om forholdet mellom engelsk og norsk. Heiberg meiner mange av utfordringane fleirspråklege studentar møter i utdanninga, er dei same som norskspråklege studentar og tilsette opplever i møte med engelsk.

– Då sjukepleieutdanninga hos oss byrja å ta imot mange utvekslingsstudentar, vart det nødvendig med kurs i helsefagleg engelsk for dei tilsette. Mykje av innhaldet i det som seinare vart «sjukepleienorsk», kjem frå dette kurset, seier ho.

Ein vitskapleg tilsett som er vand med å lese artiklar på engelsk, kan likevel kome til å kjenne seg utanfor når dei skal småprate på engelsk på ein internasjonal konferansemiddag.

– Den kjensla er akkurat den same for ein student som ikkje greier å finne orda når dei skal forklare noko for ein rettleiar. Eg trur det er lurt å tenkje at i akademia er vi alle fleirspråklege. Som utdanning har vi kanskje vore for lite medvitne om kva for ein ressurs fleirspråklegheit er, seier ho.

  • Les også: