På verveturne for å få fleire til å skrive for Store Norske Leksikon
LUKK
Annonse
Annonse

På verveturne for å få fleire til å skrive for Store Norske Leksikon

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 22. november 2022 kl. 14:40

Det er gjerne dei som er glade i å undervise eller skrive lærebøker, som blir dei beste fagansvarlege, seier sjefredaktør Erik Bolstad i Store Norske Leksikon.

Det ville vere løgn å seie at møterommet på Høgskulen på Vestlandet er overfylt denne novemberføremiddagen, men nokre er det som har møtt opp når sjefredaktør Erik Bolstad i Store Norske Leksikon er innom i samband med det han kallar «den store verveturneen»: Han har vitja mange universitet og høgskular i år, og fleire står for tur før årsskiftet. Målet er å rekruttere fagfolk til leksikonet.

Demokratisert kunnskap

Store Norske Leksikon (SNL) er eigd og drive av Foreningen Store Norske Leksikon, som mellom anna inkluderer alle dei norske universiteta. Mange av dei fagansvarlege i leksikonet kjem derifrå, fortel Bolstad i presentasjonen sin.

– Vi har altså ein tilsvarande eigarmodell som Forskning.no og Khrono, og eg kjenner ikkje til liknande akademiske fellesprosjekt i andre land, seier han.

Ein forskar som skriv leksikonartiklar, kan trygt rekne med å bli mykje meir lesen enn ein som nøyar seg med å skrive vitskaplege artiklar. Bolstad fortel at kjennskapen til SNL i aldersgruppa 15-19 år ligg oppunder 90 prosent. Det er fleire enn dei som kjenner til nettstaden til NRK.

– Før overgangen til nett, selde SNL 270 000 papirleksikon på 30 år. Det er mikroskopisk samanlikna med kor mange som les oppslagsverk i dag. Modellen med ope nettleksikon har medført ein enorm demokratisering av kunnskap, seier han.

Artikkel merka med «krise»

Ein av dei interesserte frammøtte er Ingebjørg Birkeland, pensjonist og tidlegare tilsett ved Senter for internasjonalisering i utdanninga (som no er ein del av Sikt – kunnskapssektorens tenesteleverandør). Ho er spesielt interessert i Spania og spansk historie.

– Når du slår opp artiklar om spansk litteratur eller historie hos SNL, så står det at dei manglar fagansvarleg. Spansk historie er kompliserte saker, og det er langt mellom ekspertane, seier ho.

Birkeland har til dømes mykje å utsetje på SNL-artikkelen om den spanske diktatoren Francisco Franco.

– Den forsøker å vere nøytral, slik på den eine og andre sida, men forskinga er vel nokså eintydig etter kvart.

Bolstad vedgår at Franco-artikkelen er ein av dei som er merka med «krise» i det interne kvalitetsvurderingssystemet som fagansvarlege brukar for å halde styr på kva for artiklar som treng forbetring og oppdatering. Redaksjonen har nyleg hatt ein stor gjennomgang der tusenvis av artiklar vart oppdaterte og mange sletta.

– Då fann vi mykje rart som låg rundt i krokane, seier han.

Kvite flekkar på kunnskapskartet

– Ein god del handlar om vekting. Vi har veldig mykje stoff om Frankrike, men knapt noko om Spania. Dei frankofile akademikarane har fått slå seg laus, med det resultatet at det finst hundrevis av biografiar om folk frå den franske revolusjonen. Vi anar ikkje kva vi kan slette, kva som er viktig og mindre viktig.

Leksikonartiklar skal ikkje vere flammande innlegg for noko som helst. Dei skal vere kjedelege.

Erik Bolstad

Noko av oppgåva til dei fagansvarlege, er nettopp å identifisere hol i kunnskapsmengda. Det er lettare sagt enn gjort. Ingebjørg Birkeland trur kanskje ho har noko å bidra med på det området.

– Eg tenkjer meg ikkje å vere fagansvarleg, for eg har ikkje oversikt, er ikkje fagperson, men eg kan vere med å finne hol og peike på faktafeil, seier ho.

Før møtet er over, har Bolstad lagt henne inn i systemet så ho kan starte arbeidet. Det hender ofte at ein liten gjeng redaktørar og fagfolk sit på kveldane og fiksar og rettar på artiklar, kvar for seg, men likevel i eit fellesskap gjennom redigeringsverktøyet. «Strikkeklubben», kallar han det. Nye skribentar og fagansvarlege må gjennom ein bakgrunnssjekk før dei får slå seg laus i artiklane.

For nokre av deltakarane gjekk informasjonsmøtet over i ein uformell lunsj. F.v. Ingebjørg Birkeland, Erik Bolstad og Ugnius Vizgirda Mikucionis. Foto: Kjerstin Gjengedal

Oppgåva er ikkje å skrive flammande innlegg

– Når vi får tips om namn, sjekkar vi om det er plass til dei i landskapet, og om dei er nokolunde rennomerte og ikkje galne.

Bolstad fortel at dei ofte er litt skeptiske til folk som melder seg sjølve og gjerne vil vere fagansvarlege, for det viser seg gjerne at dei har ein agenda og vil gå inn og endre på definisjonar eller argumentere for sine eigne kontroversielle teoriar.

– Difor vil vi helst ha folk som er midt i fagfeltet. Oppgåva til ein leksikonskribent er å generalisere og referere konsensus. Ikkje skrive flammande innlegg om kvifor ein sjølv har rett og dei andre tek feil. Leksikonartiklar skal ikkje vere flammande innlegg for noko som helst. Dei skal vere kjedelege.

Kontroversar om kvinnelege dvergar

Ein annan som har møtt fram på møtet, er Ugnius Vizgirda Mikucionis, førsteamanuensis ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved HVL. Han forskar på norrøn mytologi og litteratur og har mellom anna bak seg fleire publikasjonar om dvergar.

Han kan godt tenkje seg å bli leksikonskribent eller fagansvarleg.

– Ja, kvifor ikkje? Eg har ingen sterk agenda, eg er ikkje spesielt ute etter å overtyde folk om eksistensen av kvinnelege dvergar, sjølv om eg personleg meiner dei må eksistere. Men eg har kompetanse, særleg på norrøn litteratur og norsk i eit kontrastivt perspektiv, altså norsk grammatikk samanlikna med til dømes litauisk. Eg kan bli med i strikkeklubben. Kanskje eg kan bruke FoU-tid på dette etter kvart.

Dei kvinnelege dvergane er eit tema det er kontroversar rundt i dvergforskarkrinsar. Mange meiner det berre finst mannlege dvergar, mellom anna fordi dvergekatalogen i eddadiktet Voluspå berre inneheld mannlege namn – og at dvergane difor ikkje kan ha noko familieliv. Mikucionis meiner den teorien ikkje tek omsyn til fakta frå andre delar av litteraturen.

Men han har altså ikkje planar om å bruke leksikonartiklar til å argumentere for sitt eige syn. Derimot meiner han det er forska for lite på dei mytologiske dvergane, og når han først sit med fagkunnskapen, kvifor skulle den ikkje kome til nytte i eit oppslagsverk?

– Skal eg oppsummere det viktigaste eg har lært om dvergane, så er det at vi menneske ofte er avhengige av hjelp frå dei i møte med andre magiske skapnader, og då gjeld det å vere klok og snill slik at dvergen får lyst til å hjelpe deg. Ein kan ikkje kjøpe tenestene til ein dverg, for slikt driv ikkje dvergar med, forklarer han.

Å skrive utan referansar

Dermed får altså redaktør Bolstad to ny fagpersonar til leksikonet denne dagen, med ei kjønnsfordeling på femti/femti. Elles er det ei stor utfordring at kvinner er underrepresenterte mellom leksikonskribentar.

– I SNL har vi om lag 35 prosent kvinner, og den prosenten er svært stabil, men det må jo berre gjerast noko med, seier han.

Ei anna utfordring er å lære akademikarar å skrive i leksikonformat, fortel han.

– Som oftast får vi dytta folk inn i falden, men det er ikkje alltid det går. Det vil alltid vere nokon som ikkje greier å slutte med å putte ei mengd referansar inn i teksten. Problemet er at det ikkje fungerer. Når det står «ifølgje Olsen (2002), s. 23…» – så opplever lesarane at det som står, er usikkert, noko det er tvil om. For skribentane er det ofte det å slutte med referansar som gjer mest vondt.

  • Les også: