Å kalle studentane late, er som å kritisere sin eigen unge for å vere «bortskjemt» utan tanke på kven som har kjøpt for mykje is til ungen.
LUKK

Leiar:

Å kalle studentane late, er som å kritisere sin eigen unge for å vere «bortskjemt» utan tanke på kven som har kjøpt for mykje is til ungen.

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 19. april 2024 kl. 09:40

For kven kjøper isen?, spør redaktør Kjetil Brottveit.

– Vi har to bøker på pensum. Er det nok å lese den eine?

Dette er eit typisk spørsmål frå ein student no for tida, skal vi tru ein universitetstilsett eg nyleg snakka med. Hen understreka at det ikkje treng vere studentane sin «feil». Studentane veit nemleg at dei må ha bachelor eller master for å i det heile kunne kome i nærleiken av eit jobbintervju.

I førre nummer av Forskerforum hadde vi ein reportasje med tittelen «Diagnose: laber egeninnsats». Sjeldan har ei sak ført til eit større bål av reaksjonar på Facebook-sida vår. Mange kjende seg att framstillinga til Oddveig Storstad, ein av hovudfigurane i saka. Storstad er professor ved lærarutdanninga til NTNU, og etter å ha sensurert oppgåver ved ulike universitet i 30 år, meiner ho at noko har endra seg: Svara på eksamensoppgåvene har vorte tynnare, og mange studentar leitar etter minste motstands veg. Ho meiner det er for mange, og ein aukande andel, som eigentleg ikkje er motiverte og derfor heller ikkje legg ned ein innsats. Ho etterlyste fagleg forankring og bruk av begrepsapparatet i faget. I diskusjonar med andre sensorar kunne ho høyre at vi ikkje kan krevje meir no, og då seier ho stopp: «Da har vi en spiral på vei nedover i krav som ender med en parodi.» Storstad kallar det ei instrumentalisering av utdanning og læring som ho òg trur skjer i grunnskulen og vidaregåande. Føremålet vert å få eit papir på ein grad, og læringa vert i beste fall sekundær.

Diagnose: Laber studentinnsats
«Det er veldig, veldig viktig for meg å få fram at det fortsatt er mange dedikerte studenter som legger ned mye tid og er drevet av en indre motivasjon», sa Oddveig Storstad i denne saka:
Diagnose: Laber studentinnsats

Eit slikt samband tilbake til skuleverket dreg òg sosiologiprofessor Ann Christin Eklund i den innsiktsfulle og morosame teksten «En faglærers bekjennelser» i Sosiologen.no. For ungdomsskuleeleven som skal setje seg inn i perestrojka, vert det viktigaste at kjelda ein leitar seg fram i er påliteleg – som SNL.no. Kva med glasnost? Nei, det var ansvaret til ein annan elev. Som ei slags forlenging av denne haldninga skildrar Eklund kor ivrige dagens studentar er etter å gjere ting raskt og rett. Målet er å gjennomføre og få ein akademisk grad effektivt og utan for mykje motstand: «Det bør ikke være ‘for mye å lese’, undervisningen bør være ‘engasjerende’, og canvas-rommet må være lett å finne frem i.»

Bernt Hagtvet, professor i internasjonale studiar, går lengre og har fleire ærend. I Klassekampen-kronikken «Et varsko og åtte gode råd til Hoel» målar han fram ei undergangsskildring av norsk akademia. Plagiatsakene knytt til to statsrådar er for han symptomatiske for tilstanden, og i den samanhengen ser han krympinga av ex.phil. som underleg underkommunisert: «Vi brukte ett semester på dette enorme ex.phil.-stoffet; i dag snuser studentene på det i løpet av noen uker. Det er absurd og gir en illusjon av kunnskap. Det som undervurderes, er at litt dannelse er farlig. Studentene kan komme til å tro at de har grepet sannheten.»

Vi fylgjer vi opp temaet om innsatsen til studentane. Karl Fredrik Tangen, fyrstelektor i marknadsføring, meiner dei unge er del av eit utdanningsimperativ: «Imperativet sier utdanning, utdanning, utdanning. Og så sier det at jo mer utdanning, desto bedre. Dette kan ikke de unge noe for selv.»

Det står i kravspesifikasjonen til middelaldrande og eldre akademikarar at dei skal vere misnøgde med dagens studentar. I denne teksten har eg plukka mange kirseber som passa saman, og det finst meir vitskaplege metodar. Dersom diagnosen over høgare utdanning er at nivået er for lågt, kva er årsakene, og kva er botemidla? Ein kan som Hagtvet peike på studenteksplosjon, masseuniversitet og på den utskjelte kvalitetsreforma, men kor godt er eigentleg kunnskapsgrunnlaget? No har vi ein diskusjon gåande, og det er iallfall ein start. Som ein av kommentatorane på Facebook-sida vår sa: «Dette er tema som jeg oppfatter som vanskelig å ta opp på min arbeidsplass»

I den grad mi meining er interessant, sluttar eg meg til folka nemnde over her, som passar på å ikkje redusere saka til eit haldningsproblem. Å kalle studentane late, er som å kritisere sin eigen unge for å vere «bortskjemt» utan tanke på kven som har kjøpt for mykje is til ungen. For kven kjøper isen? Det gjer fader meg heile samfunnet.

  • Les meir: