Kva er ein dosent? Doser for oss, ekspertar.
LUKK

Kva er ein dosent? Doser for oss, ekspertar.

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 29. februar 2024 kl. 13:46

Nesten professor. Er det ikkje fortærande å alltid vere i skuggen?

Då eg studerte, fanst det ein og annan dosent ved dåverande Universitetet i Trondheim. I den grad nokon av oss studentane ante kva det var, trur eg det maksimale kan ha vore ei førestilling om at dei ikkje var heilt professorar. Den aninga var rett, men dosentane har vore noko anna enn professor på to ulike måtar i to periodar. Den som les, får sjå.

Kva er ein dosent? Doser for oss, ekspertar.

Våge: På same måte som professor og amanuensis kjem dosent frå akademias lingua mater (morsmål, journ.mrk.), latin. Ordet har kome til norsk via tysk og dansk-norsk. Heilt sidan vi fekk eit universitet i Christiania i 1811, har vi hatt dosentar. Dette er språkvitskapleg snadder: Ordet dosent er presens partisipp av dosere. Stillingstittelen skildrar ein aktivitet, å dosere, akkurat som studentar studerer. Vi seier ikkje at nokon professorerer. På latin var dosere å undervise, lære bort, og ligg slik tett opp til tydinga på norsk. I Noreg er det å førelese ein konnotasjon.

– På norsk er dosent ein som underviser studentar, altså vaksne. Var det slik på latin òg?

Våge: Eg finn ikkje noko om at å dosere på latin var spesifikt for vaksne.

– Men då ordet kom til norsk, var «dosent» eit ord for lærar som var ledig?

Våge: I ordbøker frå 1800-talet er iallfall dosent avgrensa til den akademiske stillinga og ikkje andre lærarar.

To ulike klatreruter

På dette punktet må eg kome inn med ei fortetta historisk framstilling. Det vert ikkje plass til alle krinkelkrokar, og ein hovudkrinkelkrok er fenomenet «høgskuledosent». Dei som vil lære seg meir, kan slå opp på dosent i dei to kjeldene eg sjølv har brukt mest, Store norske leksikon og Wikipedia.

Dosent var frå 1800-talet av ei lågare vitskapleg stilling enn professor. Medan professorane var embetsmenn utnemnde i statsråd, var dosentane tenestemenn og hadde lågare løn. Denne stillingstypen vart fasa ut på slutten av 1900-talet, men dosenten var ikkje død. I 2003 innførte styresmaktene stillingstypen undervisingsdosent. Som tittelen indikerer, låg vekta på undervising, og dette er ein nøkkel. Sjølv om tittelen i 2006 vart krympa til berre «dosent», var innhaldet i stillinga annleis enn den opphavlege frå 1800-talet. Då hadde dei, noko forenkla sagt, dei same oppgåvene som professorar, men var underordna dei i hierarkiet.

No er dei sideordna med professorane, og dei er på toppen av kvar si klatrerute. Ein fyrsteamanuensis har jamn fordeling mellom forsking og undervising, og kan rykke opp til professor. Ein fyrstelektor har større vekt på undervising og pedagogiske kvalifikasjonar, og lågare krav til vitskapleg kompetanse. Hen kan rykke opp til dosent.

Dersom dette partiet vart for langt og kjedeleg for deg, lesar, må du tenkje på underhaldningsverdien i dei vitskaplege artiklane du les.

Draumen om likeverd

– Er ikkje dette ein noko dristig måte å lage ein tittel på? Det opnar for forveksling eller at nokon kjenner seg opp- eller nedgradert?

Kristiansen: Det var iallfall ein god buffer i tid mellom dei to tydingane. Eg veit ikkje om det finst aktive dosentar av den gamle typen, det måtte kanskje helst ha vore «dosent emeritus».

– Kjenner de til noko tilsvarande, at ein tittel som har vore trekt tilbake, kjem att med nytt innhald?

Våge: Ikkje direkte, men lektortittelen har òg vore i utvikling. Før hadde vi lektorar både i akademia og i vidaregåande skule. No heiter det enten universitets- eller høgskulelektor i akademia, medan berre «lektor» er reservert for vidaregåande.

Kristiansen: Når det gjeld undervisingsdosent, som har vorte til berre «dosent», var det nok frå starten eit behov for å kunne markere to ulike innhald i dosentstillingane. Slike forledd kan ein kvitte seg med når ein ikkje har behov for dei lenger.

– Men sist snakka vi om at det ikkje var så lett å droppe «fyrste» i fyrsteamanuensis sjølv om amanuensane er nesten borte?

Kristiansen: Her vert det motsett. Amanuensis hadde lågare status enn fyrsteamanuensis. Den nye dosenten skal vere på nivå med professoren og har ei vel så flott stilling som den tidlegare.

– Formelt, men kan hende ikkje symbolsk? Forsking ragar ofte høgare enn undervising i status, og her er det ein interessekamp. Dosentane har til og med starta si eiga foreining.

Kristiansen: Liksom universitets- og høgskulelandskapet endrar seg, med stadig fleire universitet, er stillingane – og statusen dei har – òg i ein viss flyt. Teljekantsystemet, med sterk vekt på kor mykje og kor ein har publisert, er på veg ut, medan føringar om at undervising skal ha større vekt, er på veg inn. Det kan føre til at vi ser på dei to stillingane som meir likeverdige enn vi har gjort før.

– Til slutt: Vel er dosenten ei bitter hårsbreidd frå å vere professor, men å dosere kan ha noko lett arrogant over seg?

Våge: Ja, men ein dosent treng ikkje dosere på ein arrogant måte, og ein professor treng ikkje vere professoralt distré. Sjølv er eg distré utan å vere professor.

  • Les mer: