Burde dei akademiske titlane ha vore samkøyrde i Europa?
LUKK

Burde dei akademiske titlane ha vore samkøyrde i Europa?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 16. februar 2024 kl. 09:17

Heile Europa tek graden kalla «master», men tittelen fyrsteamanuensis er vi aleine om.

Førre gongen lærte vi om opphavet til stillingstitlane amanuensis og fyrsteamanuensis. Liksom dei fleste titlane på vitskaplege stillingar i norsk akademia – lektor, professor, dosent – er dei låneord. Men dei har ein lang tradisjon i Noreg, slik som andre europeiske land har eigne system av termar, såkalla nomenklaturar, for slike stillingar.

Bolognaprosessen er eit internasjonalt samarbeid innanfor høgare utdanning i Europa. Ein del av samarbeidet er eit felles gradssystem, som vart innført i Noreg for 20 år sidan.

Reformjubilant
Les meir om då Bologna kom til Noreg:
Reformjubilant

– Dersom ein legg vekt på akademia som ein marknad, med fagleg utveksling og mobilitet av studentar, krev det standardisering og harmonisering. Endringane som har skjedd i det felles omgrepsapparatet med gradene bachelor, master og ph.d. er inspirerte av USA. Det er interessant at denne utdanningskulturen har påverka oss meir enn Storbritannia, seier Marita Kristiansen.

– Ein grunn til å velje den amerikanske modellen kan ha vore at ved å peike på ein tredjepart kunne ein unngå rivalisering mellom dei store produsentane av forsking og utdanning i Europa, seier Ole Våge.

Dosent er noko anna enn docent

Medan utdanningsgradene er samordna, er ikkje stillingstitlane det. Ei stilling som fyrsteamanuensis har tilsvar i mange europeiske land, men omgrepsinnhaldet er kulturelt betinga og gjerne lovregulert. Tydingane er ikkje hundre prosent identiske. Til dømes kan krava til kompetanse og kor mykje ein skal undervise, variere.

Dei to språkekspertane kjenner ikkje til forsøk på europeisk harmonisering på dette feltet, men ei viss utvikling har det vore.

– I Storbritannia har dei brukt «professor» som den øvste tittelen, og med «reader», «senior lecturer» og «lecturer» på plassane under. Dette er til dels i endring. Ved Cambridge endra dei i 2021 til eit system som vi kjenner frå USA, og som er meir attkjenneleg for oss. Framleis er «professor» på toppen, men under kjem «associate professor» – som meir eller mindre tilsvarar fyrsteamanuensis – og «assistant professor», seier Kristiansen.

I Sverige og Finland står tittelen «docent» sterkt. Det er hakket før professor og tilsvarande til fyrsteamanuensis. På norsk tyder dosent noko anna, så der opnar vi ei ny dør, seier Våge.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge er terminolog i Helsedirektoratet. Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve. Foto: Moment og NHH

Sjølvstendige spanjolar

Den døra trur eg vi skal gå gjennom i ei seinare spalte. Høyr heller kva Våge seier om dei spanske professorane:

– På spansk heiter professor «catedrático», medan tittelen «profesor titular» nok svarar til vår fyrsteamanuensis. I omtale av dei spanske titlane har autonomi gjerne vorte vektlagd, og i større grad enn dei norske, har eg inntrykk av.

– Er dei spanske professorane friare enn dei norske?

– Eg veit ikkje, men omtalen av tittelen vektlegg i alle fall ei anna side ved stillinga, seier Våge.
– Det reflekterer ulike organisasjonskulturar. I Noreg har vi flatare struktur. I ein del andre land har nok professorane større fridom og meir makt, seier Kristiansen.

– Eit døme på dei meir opphøgde professorane i andre land har eg frå då eg var med i eit tidsskrift og skulle kontakte fagfellar i Tyskland eller Austerrike. Då måtte eg gå gjennom sekretærane deira, seier Våge.

– Slik er det på konferansar òg. Nokre har med seg heile grupperingar av studentar og assistentar. Vi nordmenn vandrar aleine, seier Kristiansen.

– Trass desse nyanseskilnadene i stillingane: Burde titlane ha vore samkøyrde i Europa?

– Å endre eller ta frå nokon ein stillingstittel skal ein vere varsam med. Titlane ber med seg så mykje historie og status. Derfor tykkjer eg det er oppsiktsvekkande at eit tradisjonsrikt universitet som Cambridge har endra titlane. Det var lettare å endre på gradssystemet. Studentane er i dette løpet berre ein stutt periode seier Våge.

– Men ville ei endring ha vore ynskeleg?

– Kanskje ikkje. Vi klarar oss med at vi har ulike ord på ulike språk, men at innhaldet er om lag det same. Det kan vel fyrst og fremst verte eit problem dersom ein er usikker på om titlane i ulike språk har ulike krav, seier Våge.

Postdoktor, sjanselaus mot postdoc og postdok

Det dukkar ikkje ofte opp nye stillingstypar i norsk akademia. Postdoktor er eit unntak, og denne tittelen har vi òg henta frå utlandet. I Forskerforum skriv vi fortvila «postdoktor», som er sjanselaus i utbreiing mot «postdoc» og «postdok», med eller utan punktum etter.

– Og så har vi innstegsstillingar, som tilsvarar det amerikanske «tenure track». Det tok langt tid før vi fekk den norske termen, og mange liker framleis å bruke tenure track, seier Kristiansen.

Våge har sjølv ei fagleg stilling, men utanfor akademia. Tittelen er seniorrådgjevar.

– I den statlege tradisjonen i Noreg har ein seniorrådgjevar ei tydeleg rolle i forvaltingsapparatet – du skal utøve politikken. Men tittelen passar kanskje ikkje like bra for dei som skal produsere kunnskap. Når eg møter representantar frå det offentlege helsevesenet i utlandet, er det vanlegare å betone faget og kalle det noko slikt som «medisinsk ekspert», fortel Våge.

– Misunner du dei som har ein meir fagleg betona tittel?

– Ja, delvis. Tittelen min er grå og inkjeseiande.

  • Les meir: