Den grå amanuensen
LUKK

Den grå amanuensen

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 6. november 2023 kl. 09:57

Professoren har bustete hår og briller. Kven i all verda er amanuensen?

Amanuensis er ei vitskapleg stilling som ligg over vitskapleg assistent, men under fyrstelektor. Amanuensis-stillinga er på veg ut av bruk, men fyrsteamanuensis er høgst levande, som ei stilling eit knepp under professor. Kor kjem desse nemningane frå?

– Amanuensis stammar frå latin. Preposisjonen «a» kan vi omsetje med «frå» og «manus» med hand, altså «frå handa». I Romarriket var amanuensis ein lese- og skrivekunnig slave, som skreiv for meisteren, altså eigaren. Nokre førte òg rekneskap, seier Ole Våge. «Manus» har her altså ikkje noko med fysisk arbeid å gjere, som i manuell.

– Ein amanuensis var ein som sat og skreiv.

Våge understrekar at han er språkmann og ikkje universitetshistorikar, men har funne at ordet amanuensis i Noreg går tilbake til 1800-talet og vart brukt om ein underordna, vitskapleg tenestemann.

– I Knud Knudsens ordbok er ordet forklåra som «skriver, skribent, sekretær». Dette peikar ikkje nødvendigvis mot bruk berre i akademia, men kan hende det er innforstått, seier Våge. Det fyrste dømet han finn på bruk av «fyrsteamanuensis» er frå 1846. Kategorien oppstod som ei opprykksstilling frå amanuensis.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter
for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.
Foto: Moment Studio

Assistent for funksjonshemma

Ordet amanuensis har ifølgje Våge gått frå å vere ein generell skrivar til å ha ei rekkje spesifikke tydingar på ulike språk.

– På engelsk kan amanuensis tyde ein referent også utanfor akademia – ein person som skriv ned noko andre seier, eller kopierer tekst. I akademiske samanhengar kan det vere ein som gjev skrivehjelp til ein funksjonshemma person under skriftleg eksamen.

– På tysk har ordet vorte brukt om ein akademisk assistent, til dømes ein lab-assistent eller forskingsassistent, men ordet har falle ut frå tidleg på 1900-talet, seier Våge. Han fortel om dei ulike bruksfelta for ordet i Norden. På dansk er amanuensis ei mellombels undervisingsstilling. I Sverige er det noko i retning av ein undervisingsassistent eller kollokvieleiar. I Finland er amanuensis ei administrativ stilling – den som leiar administrasjonen til dømes ved eit institutt.

Fotballprofessoren

– Ordet professor er allment kjent, men ein kan ikkje seie det same om (fyrste-)amanuensis. Er det eit problem?

– Orda fungerer innvortes på universiteta, men er lite sjølvforklårande. For utanforståande er dei vanskelege å plassere i høve til andre stillingar i akademia, men kor viktig er dette omsynet? At orda er ein del av nomenklaturen (systematisk ordning av termar, her om stillingar i akademia, journ.mrk.), gjer det vanskelegare å erstatte dei, seier Våge.

– Orda er ikkje nødvendigvis meir kompliserte enn professor, men når dei er lite i bruk allment, lærer vi dei ikkje. Dersom alle konsekvent skreiv fyrsteamanuensis i staden for til dømes ekspert, ville det ha vore ein enorm barriere i starten før det truleg gjekk seg til, seier Våge, som høgttenkjer:

– Kanskje det er vanleg når ein skal presentere ein fyrsteamanuensis – til dømes i Dagsnytt 18 – at ein heller seier at nokon «forskar på» eller er «ekspert på». Professoren kan ein berre kalle professor.

– Drillo er kjend som «fotballprofessor» sjølv om han aldri har vore professor, men amanuensis.

– Han vert nok kalla professor ikkje på grunn av formelle kvalifikasjonar, men sidan han legg vekt på akademisk analyse.

– Amanuensis er stort sett borte som stillingskategori. Er det unødvendig komplisert å kalle det fyrsteamanuensis når «fyrste» ikkje tyder noko lenger?

– Språk er òg historie, og ord ber med seg ein kulturarv. Det finst enno amanuensar. Å kappe vekk «fyrste» sit langt inne, for titlar er òg status.

Noko anna som er forvirrande i dette språklandskapet, er fyrstestillingar og det å ha fyrstekompetanse eller fyrstestillingskompetanse. Det har fyrstelektorane og fyrsteamanuensane, og så langt er det ryddig. Men fyrstekompetanse har òg professorane og dosentane – stillingar som ikkje har «fyrst» i namnet, men er på toppen av det akademiske hierarkiet. «Fyrst» treng ikkje vere øvst.

– Fyrstestillingar og fyrstekompetanse er nok ord som har kome etter fyrstelektor og fyrsteamanuensis. Det viktige har vore å skilje frå lektor og amanuensis, seier Våge.

Ei gåtefull bøying

Amanuensis har eit finurleg bøyingsmønster som liksom understrekar at ordet er for dei innvigde.

– Den vanlege grunnforma er «amanuensis». Men bøyinga av ordet byggjer på den mindre vanlege grunnforma «amanuens», altså «amanuensen» i bunden form og «amanuensar» i fleirtal. Den unormerte forma «amanuensisen» er likevel ganske mykje i bruk, til og med i Forskerforum, Khrono og på heimesidene til Universitetet i Oslo, seier Våge, som tykkjer bøyemønsteret er ei gåte.

– Det er ikkje noko allment mønster som tilseier dette. Så vidt eg forstår, har vi ikkje andre ord med etterleddet -ensis på norsk, så vi har ikkje andre ord å lene oss på.

– At feil former av ordet er såpass mykje i bruk, tilseier dette at vi kan vente oss ei endring av det som er normert?

– Tja. Bøyinga er noko aparte, og når det er såpass vanleg å avvike frå norma, kan ein spørje seg om problemet ligg i at kunnskapen om bøyinga er for låg, eller om det ligg i sjølve normeringa. Generelt er det uheldig at ein må slå opp for å skrive rett.

  • Les også: