– Brått er Noreg i førarsetet med å utvikle fagterminologi på eige språk
LUKK

Det siste ordet:

– Brått er Noreg i førarsetet med å utvikle fagterminologi på eige språk

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 19. mars 2024 kl. 09:31

Termportalen er lansert på nett. Kva skal til for at denne samlinga med fagord vert eit godt verktøy?

Då kantarellane blenkte på det mest blingete og dei blå snart skulle vinne valet, lanserte Universitetet i Bergen (UiB) Termportalen. Der kan ein søkje etter tilrådde norske faguttrykk og kva dei tyder. Materialet er samla frå mellom anna fagordbøker og termbasar frå ulike fag. Vidare har termgrupper på spesialiserte felt, som celle- og molekylærbiologi, diskutert og kome fram til eigna termar. Språkrådet har teke initiativet til og delteke i nokre av gruppene.

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet finansierer portalen, og regjeringa har heilt frå Hurdalserklæringa sagt at dei vil prioritere norsk fagspråk. Ifølgje den ferske tiltaksplanen for utvikling av norsk fagspråk vil regjeringa «leggje til rette for vidare utvikling og bruk av Termportalen».

– Brått er Noreg i førarsetet når det gjeld å utvikle fagterminologi på eige språk, seier Marita Kristiansen, som sjølv arbeider med Termportalen. Ole Våge, som elles utviklar terminologi for helsesektoren, leiar fagrådet for Termportalen.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge er terminolog i Helsedirektoratet. Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve. Foto: Moment og NHH

Termportalen normerer ikkje

Kven bestemmer så over fagorda?

Språkrådet normerer orda i allmennspråket, og i siste instans bestemmer Kulturdepartementet. Fagspråket er ikkje normert på same måte. Fagspesialistane fastset kva som er det ønskte faguttrykket. Vi kan ha konkurrerande termar, og ein av funksjonane termgruppene har, er å verte samde. Det er eit mål å redusere talet på synonym i fagspråket, for dei kan gjere kommunikasjonen forvirrande, seier Kristiansen. Ho presiserer at portalen er under oppbygging, og at innhaldet vert større etter kvart.

Termportalen er både eit fagmiljø og ein digital infrastruktur som skal gjere termane mest mogeleg søkbare. Eitt mål er å utvikle godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, men Termportalen normerer ikkje termar. Det finst nokre unntak: Institusjonen Standard Norge fastset og normerer termar på nokre felt. Når det gjeld helseterminologi, som Ole Våge vel kan stadfeste, avgjer Direktoratet for e-helse kva som skal vere termen. Valet har ikkje formell normeringsstatus, men ein standardiserande funksjon. Det same gjeld når Utanriksdepartementet omset forskrifter og direktiv frå EU og EØS: Når dei norske termane dei har valt, kjem inn i norske rettskjelder, vert dei normgivande.

– Er det inga utveksling mellom termane som kjem inn i Termportalen, og dei offisielle ordbøkene?

I ein ideell situasjon er det dialog mellom fagmiljøa og dei som normerer. Det er ein glidande overgang mellom fagspråk og allmennspråk, og det kjem mange faguttrykk inn i allmennordbøkene. Men då går diskusjonane og normeringane som regel på eit anna nivå: Kva kjønn skal ordet ha? Kva endingar? Nye termar bør følgje stave- og bøyingsmønster som alt eksisterer.

Den korporative kanalen

– I og med at ulike institusjonar kan ha kvar sine tradisjonar for faguttrykk, er det viktig at til dømes både NTNU og UiB er representerte i slike terminologigrupper?

Ja, eller dei ulike institusjonane kan vere med i ei større referansegruppe. Dersom fagfolk frå andre institusjonar stiller seg bak terminologien, får han større legitimitet, seier ho.

Våge arbeidde i Språkrådet då dei starta med å setje saman terminologigrupper:

– Vi la vekt på spreiing av deltakarar etter til dømes geografi og kjønn. Det er fagfolk som eig fagspråket, og éi gruppe kan ikkje representere heile faget. Direktoratet for e-helse (der Våge arbeider no, red.mrk.) er eit statleg myndigheitsorgan, og utviklinga av termar er meir formalisert. Eit eige redaksjonsutval med representantar frå sektoren kjem med retningsliner.

– Du har tidlegare fortalt om termarbeidet som Tidsskrift for den norske legeforening gjer på helsefeltet. Dei har ei liste med eigne tilrådde termar. Skjeler de til dette?

– Absolutt. I direktoratet har vi eit tett samspel med kva Gruppe for medisinsk fagspråk har kome fram til. Vi forvaltar fagspråket saman med andre, seier Våge.

– At organisasjonar påverkar politikken, vert på fint kalla «den korporative kanalen». Finst det ein slik kanal i språkpolitikken òg?

– Ja, men utan kommersielle interesser! seier Kristiansen.

Presisjonskrav

Kristiansen seier at ei god domeneinndeling er ein av føresetnadene for at Termportalen skal verte vellykka.

– Etter kvart som det veks fram fleire termbasar i portalen, må søkjefunksjonen klare å skilje. Dersom ikkje kan dei som slår opp eit uttrykk som «stad» – som er ein term i mange fag – få altfor mange treff.

Vitskapleg tilsette er ei viktig målgruppe, og ikkje minst studentane, som er dei komande spesialistane.

– Målet er å byggje ei bru mellom forskinga og det norske samfunnet. Som verktøy og søkjereiskap bør det vere ein god ressurs for språkbrukarar generelt og til dømes journalistar, seier ho.

Korleis oppretthalde presisjonen for eit så slumsete folkeferd? Eg spør Våge, som utviklar termbasar primært for helsepersonell:

– Men det er eit poeng å ha termar, ord og vendingar som er forståelege for pasientar og andre, til dømes brystkasse i staden for thorax. Ein føresetnad er at termane er like presise.

Då er siste ordet sagt.

  • Les meir: