Dei som lagar fagspråket
LUKK

Dei som lagar fagspråket

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 2. januar 2023 kl. 09:57

Korleis seier ein «quorum sensing» på norsk? Møt fagpersonane som lagar det norske fagspråket.

– Det er interessant at svenskane har valt «regulering», seier Tom Kristensen, og held fram:

– Det er ikkje så dårleg, for då slår du to … altså, «quorum sensing» er, for det første, at bakteriane finn ut kor mange av slektningane deira som er i nærleiken, og for det andre at dei regulerer gen-ekspresjonen sin, genuttrykket, utifrå kor mange dei er.

– Dei kan ikkje seie kor mange det er, men om konsentrasjonen er høg eller låg, skyt Dag Helland inn.

– Dei tel nok ikkje, nei, seier Kristensen.

– Men tenkjer de då at omgrepet er å regulere eller å registrere? spør Ann Helen Langaker.

– Det er reguleringa som er det viktige, seier Kristensen.

– Regulering er jo responsen, seier Helland.

– Og det er den som er viktig. At når det blir mange nok bakteriar, så blir nye gen uttrykte.

– Men er det ein eigen term for det? For det er litt vanskeleg å omsetje «sensing» til «regulering», peikar Langaker på.

Språkmakarane

Forskerforum er fluge på veggen i eit lite møterom på Universitetsbiblioteket i Bergen, der termgruppa for celle- og molekylærbiologi er samla til det første fysiske møtet sidan før pandemien. Dei som er med: Tom Kristensen, professor emeritus i biokjemi ved Universitetet i Oslo; Dag Helland, pensjonert professor (han har innvendingar mot «emeritus») i bioteknologi ved Universitetet i Bergen; Ann Helen Langaker, seniorrådgjevar ved seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning i Språkrådet; Veronica Fitzpatrick Blihovde, overingeniør ved Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap ved NMBU og redaktør for tidsskriftet til Norsk biokjemisk selskap (med frå Austlandet via skjerm). Gruppa tel også to fråverande medlemmar, Erik Boye og Gyrid Nygård.

Det er etter kvart godt kjent at universiteta og høgskulane har ansvar gjennom lova for å ta vare på og vidareutvikle det norske fagspråket. Og alle er samde om at fagspråkutvikling må skje i fagmiljøa – men korleis?

Terminologi-møte på HF-Biblioteket i Bergen. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Må reagere raskt

Termgruppa for celle- og molekylærbiologi arbeider med akkurat det. Fleire slike fagspesifikke termgrupper har kome i stand det siste tiåret, dei fleste på initiativ frå Språkrådet. Ann Helen Langaker har som ei av sine oppgåver å følgje opp språkpolitikken på helsefeltet, mellom anna gjennom ei gruppe for norsk medisinsk fagspråk.

Og sidan molekylærbiologi og medisin har mykje felles språk, deltek ho også i denne termgruppa.

Dagens møte er det første for Dag Helland, som vart rekruttert dagen før etter at instituttet hans vart invitert til å utnemne ein ny gruppemedlem. Både han og Kristensen – som har vore medlem sidan starten – har førstehands kjennskap til den rivande språklege utviklinga fagfeltet deira har vore igjennom dei siste tiåra.

– Det er eit fagområde der det stadig dukkar opp nye engelske termar. Så kan vi håpe at vi greier å vere så tidleg ute at vi får teke tak i dei og erstatta dei engelske termane med gode norske uttrykk før dei engelske rekk å slå rot, seier Kristensen.

Dag Helland
På sitt første termgruppemøte gjer Dag Helland det klart at han vil slåst ikkje berre for det norske fagspråket, men særleg det nynorske. Foto: Paul Sigve Amundsen

Nei til «registrering»

Det er nykomaren Helland som er grunnen til at diskusjonen om «quorum sensing» tek så lang tid. Det er nemleg ikkje første gong gruppa diskuterer dette omgrepet. Eigentleg låg det eit nokså fiks ferdig forslag til norsk term i det fargekoda Excel-arket gruppa brukar til å halde oversikt over kva for omgrep dei skal diskutere på neste møte. Forslaget var «kvorumregistrering».

Men Helland markerer seg som ein aktiv gruppemedlem ved å straks ta dissens på ordet «registrering».

– Kva tyder det eigentleg? Eg kjenner ikkje den molekylære mekanismen her, så vidt eg veit er det fleire ulike mekanismar for korleis ein bakterie kan sanse om han er omgjeven av få eller mange bakteriar, seier han.

Når Langaker legg ut på internett etter hjelp, viser det seg altså at den svenske systergruppa har tydd til ordet «regulering». Og dermed er heile definisjonen i spel.

– Kva om vi går tilbake til forslaga Helene (Bustad, tidlegare gruppemedlem, journ.anm.) har skrive inn, og startar definisjonen med «evna til …», seier Langaker.

– Då må det i alle fall bli «bakteriars evne til». Elles kan det jo vere forskaren eller kven som helst si evne, seier Kristensen.

– Men er det godt å bruke «kvorum»? Kva med dei som ikkje veit kva det tyder? vil Helland vite.

– Slik er det jo med fagspråket, at termane gjeld spesifikke fagområde. Vår oppgåve er ikkje eigentleg å tilgjengeleggjere omgrepet for alle, seier Langaker.

Tom Kristensen
– Problemet med å starte definisjonen med «registrering», er at vi ikkje veit kven som registrerer, seier Tom Kristensen. Foto: Paul Sigve Amundsen

All terminologi på éin stad

Grunnen til at gruppa møtest i Bergen, er at UiB har fått ei rammeløyving for å bygge opp ein nasjonal digital infrastruktur for fagterminologi, Termportalen, der så mange termbasar som råd skal bli tilgjengelege for søk. Dette året har det vore hektisk aktivitet på bakrommet i Termportalen for å lage eit nytt og brukarvenleg søkebilete som er klart til lansering om lag når denne artikkelen kjem på trykk. Termgruppa har fått demonstrert det nye redigeringsverktøyet i Termportalen. Frå no av vil dei som arbeider med å utvikle fagtermar, kunne gjere mykje av arbeidet der.

– Målet er at redigeringsverktøyet skal vere mest mogleg sjølvforklarande, seier Marita Kristiansen, førsteamanuensis og fagleg leiar for Termportalen.

I og med ressursane Termportalen no får tilført, ønskjer ho seg ei mykje større satsing på å etablere fleire termgrupper slik at ein får dekt heile den faglege breidda.

Skal fagspråkutvikling bli meritterande?

Men korleis rekruttere fagfolk?

– Nokre tek kontakt sjølve og har lyst til å kome i gang. Dessutan har Språkrådet og Termportalen saman gjennomført ei spørjeundersøking om fagspråk mellom universitetstilsette denne hausten, der ein mellom anna kunne svare på om ein er interessert i å delta i termarbeid. Der fekk vi ei solid liste med namn, seier Kristiansen.

Som så ofte elles er det insentiv det kjem an på.

– Universitets- og høgskulesektoren har jo fått ei bestilling frå Kunnskapsdepartementet om å få fortgang i dette arbeidet. Det som no blir diskutert, er om fagspråkutvikling skal bli meritterande. Kva for tidspott skal det takast frå, skal arbeidet honorerast? Skal det inngå i vurdering av pedagogisk kompetanse? Der er det framleis nokre grep som må gjerast i departementet og på høgare nivå i sektoren, seier ho.

eit fargekoda Excel-ark som termgruppa brukar for å halde oversikt over kva for omgrep dei skal diskutere
Bergen, Norge 20221202. Terminologi-møte på HF-Biblioteket i Bergen. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Ordet for dagen

«Quorum sensing» blir utsett til neste møte, men i diskusjonen har termgruppa til si overrasking oppdaga at den sentrale termen «genuttrykk» ikkje finst som oppslagsord i termbasen. Langaker legg inn dette oppslaget i Termportalen for å prøve ut redigeringsverktøyet.

– No skriv eg «genuttrykk» som tilrådd term, og «genekspresjon» som synonym, seier ho.

Så skal det lagast ein definisjon. Ofte vil definisjonen starte med eit «overomgrep», som det aktuelle oppslagsordet er ein spesifikk type av.

– Då kan du klikke på overomgrepet og sjå kva det tyder, og så vidare oppover i hierarkiet, seier Langaker.

Men i dette tilfellet finst det allereie brukbare definisjonar både i Store norske leksikon og i den svenske termbasen for molekylærbiologi. Gruppa endar med ein kombinasjon av dei to: «prosess i cella der informasjon i ein gen kjem til uttrykk som genprodukt, slik at cella får bestemte eigenskapar som form eller funksjon.»