Universitetslektor lurer: Should I stay or should I go?
LUKK

ChatGPT:

Universitetslektor lurer: Should I stay or should I go?

Av Gunvor Sofia Almlie, universitetslektor i teknologi og samfunn, Universitetet i Agder

Publisert 17. april 2024 kl. 08:56

Gunvor Sofia Almlie underviser i akademisk skriving. Brått fekk ho ein brysam konkurrent.

Så er vi der, eg og han. På den plassen der vi veit at det ikkje er nokon veg tilbake. Noko skjedde, og vi må ta val. Det rista i fundamentet vårt. Han meinte det var på tide med ei ny ei. Ei som er effektiv, fancy og framoverlent. Yngre er ho også, sjølvsagt. Dei er som regel det.

Men det som er så irriterande, er at ho er smart også. Ho hugsar absolutt alt. Og ho kan det meste. Alt frå kakeoppskrifter til fagartiklar til fine dikt. Kakeoppskrifter kan ikkje eg akkurat skryte på meg. 29 svarte bokstavar på ein kvit bakgrunn kan ho gjere meisterverk av. Det kan eg òg, sjølv om ho er raskare og flinkare. Men det ho ikkje kan, og som eg kan, er å sjå på dei svarte bokstavane og byrje å grine. Og grininga kan få meg til å endre meg og omgjevnadene mine. Andre bokstavkombinasjonar kan få meg til å le. Dei kan også få meg til å gruble på ein tanke i fleire dagar. Dei kan til og med få meg til å endre mine handlingar og val til å gjere noko som ikkje er logisk, fornuftig og innlært. Bokstavkombinasjonane skaper verda mi. Ei verd som berre er mi. Som berre eg har opplevd, eller kanskje saman med nokre få andre menneske. Dei skaper noko som ikkje eksisterer, men som eg og dei rundt meg kanskje likevel kan realisere til noko heilt nytt og unikt. Tenk at berre 29 rare bokstavar greier det!

Bokstavkombinasjonane kan altså vekke kjenslene mine. Og kjenslene kan vere sterke. Eg kan hyle, brøle riste, koke … Ho nye har ikkje kjensler i det heile tatt. Ho held seg roleg og fatta i alle situasjonar. Ho snakkar høfleg og glatt om verdas verste hendingar. Akkurat som om ho ikkje skjøner alvoret. Det er det som er så rart. Ho kan så mykje, men skjøner så lite. Synd at han lar seg lure av akkurat det.

Men tilbake til grunnvollane som rista. Dei har eigentleg rista ei god stund lenge før ho kom. Han har alltid likt bokstavkombinasjonane mine, men kjenslene har han ikkje akkurat møtt meg på. Han vil helst at vi skal snakke sånn glatt, høfleg og kjenslekaldt. Han seier slike ting som ‘publish or perish’, men helst berre fordi det tek seg godt ut å gjere det. Og bokstavkombinasjonane bør helst appellere til fornuft og ikkje kjensler, meiner han. Og prøv å ikkje støyte nokon. Ho er så irriterande god på å ikkje støyte nokon, ho nye.

Yngre er ho også, sjølvsagt. Dei er som regel det.

Men ok, ho kan no få lov å få litt plass. Ho og eg kan dele litt på han. Eg og han har faktisk aldri vore såkalla ‘eksklusive’. Det berikar forholdet vårt at vi er fleire. Men ho er så morosam, underhaldande og attraktiv at ho har ein tendens til å ‘kapre rommet’. Og det er ingen som greier å setje ho på plass. Eg blir meir ho som sit usynleg i hjørnet og berre observerer galskapen. Eg trur kanskje det var slik huldra oppførte seg også i si tid, sånn sett er det ikkje så mykje nytt under sola.

Men i mange forhold som finn seg sjølve på randen, er det ofte ein tredjepart involvert: barna. Eller for hans og min del er dei jo blitt ungdommar. Korleis skal det gå med dei? Kven skal spegle kjenslene deira? Kven skal støyte og provosere dei nok til at dei handlar, tenker annleis og skaper unike løysingar? Kven skal gjere dei robuste nok til å takle problema som kjem til å kome? Problema som ho ikkje eingong kan førestille seg enno. Ho godsnakkar jo berre med dei! Kven skal lære dei å lage bokstavkombinasjonar som skaper ei verd for dei sjølve som er uperfekt, men personleg, nær og opplevd? Bokstavkombinasjonar inspirerte av kjensler og tankar som det var vanskeleg både å føle og tenke. Bokstavkombinasjonane kan endre heile verda. Ho nye, ho endra mi verd, men berre fordi ho eksisterer. Ikkje fordi ho har nytt innhald å kome med.

Ho nye heiter ChatGPT, forresten. Kva i alle dagar er det for slags namn? Høyrest ut som endå ein blikkboks frå Star Wars. Akademia og ChatGPT? Seriøst altså! Eg synest mitt namn passar betre saman med hans. Eg heiter Gunvor Sofia.

Les også: