Korleis kan kunstig intelligens brukast i akademia?
LUKK

Kunstig intelligens

Korleis kan kunstig intelligens brukast i akademia?

Av Av: Kjerstin Gjengedal. Foto: Paul Sigve Amundsen

Publisert 8. februar 2024

Medan vi ventar på KI-revolusjonen.

Fakta
Generativ kunstig intelligens

Generativ KI er ei form for KI som skapar nye data, til dømes tekst, bilete eller datakode, som liknar strukturen i datasettet den er trent på.

Dei siste åra er ei rekkje generative KI-verktøy som utfører oppgåver formulerte i naturleg språk, blitt allment tilgjengelege. Desse verktøya er baserte på store språkmodellar som igjen er trente på store mengder tekst. Denne teksten handlar hovudsakleg om slike verktøy.

Nyleg kunne Språkrådet kunngjere at årets ord i 2023 var «KI-generert». Kåringa reflekterer at generativ kunstig intelligens (KI) har vore den store snakkisen sidan tekstroboten ChatGPT, det mest kjende av desse verktøya, vart sleppt laus på internett før jul i 2022. Innanfor akademia har debatten hovudsakleg handla om studentane og korleis dei kan hindrast i å bruke KI til å fuske. Men kva med dei tilsette?

Den vanskelege intelligensen

– Så, er det kunstig intelligens du vil snakke om, eller er det ChatGPT? spør Pinar Heggernes. Ho er prorektor ved Universitetet i Bergen (UiB) med ansvar for utdanning og digitalisering, men ho er også professor i informatikk og forskar på algoritmar. Dessutan leier ho styringsgruppa for samarbeidsplattforma for KI ved UiB.

For faktum er at KI har prega akademia i tiår allereie. Det har vore eit forskingsfelt i seg sjølv, og har med tida fått stadig fleire praktiske bruksområde, frå å stille diagnosar frå medisinske bilete, berekne forma til eit protein, eller optimalisere kraftproduksjonen i ein vindmøllepark.

Etter at ChatGPT kom, kan ein få inntrykk av at alt som tidlegare heitte algoritmar, stordataanalyse eller maskinlæring, no har fått merkelappen kunstig intelligens.

– No snakkar alle som om dette er nytt, men vi har drive på med det sidan 1980-talet, seier Pinar Heggernes om språkmodellane som ligg bakom ChatGPT og venene hens.

Pinar Heggernes

– Då ChatGPT kom, trudde mange at den veit kva den snakkar om. Vi har brukt mykje tid på å informere.

Pinar Heggernes

– Men no har ein tilgang til mykje meir digitale data enn tidlegare, og dermed har teoriane fått praktisk nytte. Vi har nokså brått fått tilgang til ei mengd nye verktøy, som er blitt gode til å kommunisere på menneskeleg språk, slik at ein får inntrykk av å snakke med eit intelligent vesen.

Heggernes meiner det beste hadde vore om vi ikkje brukte ord som tenking, læring og intelligens om det som eigentleg er avanserte statistiske verktøy som, etter å ha blitt trente på store datamengder, justerer sin eigen aktivitet i møte med ny input. Men ho innser at den kaviaren neppe kan puttast tilbake på tuben.

– Fordi ordet intelligens blir brukt, kan det verke overveldande, men for meg er dette berre ein del av digitaliseringa.

Generative snarvegar

Inntrykket frå det siste året er at det er nokså uklart kva som eigentleg skal vere rolla til akademia i den KI-revolusjonen som tilsynelatande er rett rundt hjørnet. Kva er det meininga at den jamne tilsette skal bruke dei generative KI-verktøya til?

– Brukarkontoane til UiB-tilsette ligg hos Microsoft, og gjennom dei har vi tilgang til tekstroboten Bing Chat og til siste versjon av biletgenereringsverktøyet DALL-E, fortel Heggernes.

– Når eg til dømes skal halde eit foredrag, likar eg å byrje med å lage eit bilete. Det kan fungere godt som utgangspunkt for foredraget.

Ho tek oss med bort til skrivebordet og viser fram eit bilete ho har fått laga til eit foredrag ho skal ha for ordførarar på Vestlandet. Bing Chat (som teknisk sett nyleg vart omdøypt til Copilot) tolkar vestlandske ordførarar er eit slags ting av dresskledde menn i ring rundt eit generisk nordisk trehus på ein holme i ein fjord, rikeleg forsynt med norske flagg.

Slik kan ei forsamling av vestlandske ordførarar sjå ut, skal ein tru biletgenereringsverktøyet DALL-E.

Det er altså lett å sjå at KI-genererte bilete kan eigne seg godt som inngang til eit foredrag, om enn kanskje ikkje heilt på den måten teknologiselskapa har lova. Men verktøya kan sjølvsagt gjere andre ting også.

Vi finn Andreas Hadsel Opsvik i fjerde etasje på HF-bygget i Bergen, der han nett har flytta inn for å bli kommunikasjonsrådgjevar ved det nyetablerte Senter for digitale forteljingar.

– Eg brukar dei mellom anna til å samanfatte store tekstmengder, seier han.

– For å finne ut kva for delar av denne rapporten eg bør vite meir om, til dømes. Hadde eg vore student no, ville eg sikkert ha brukt det som ein studieteknikk.

Korleis veit du om KI-en gjer ein god jobb?

– Eg meiner at ein ikkje skal publisere KI-generert tekst direkte, men dersom ein gjer det, bør det markerast.

Andreas H. Opsvik

– Nei, ein må alltid sjekke. Det er inga erstatning for eigen innsats. Men det som er moro med Bing Chat framfor den gratis nettversjonen av ChatGPT, er at han kan søke på nettet. Ber du Bing Chat skrive ein faktaboks, til dømes, så brukar han søkeresultata i den genererte teksten og legg til kjeldetilvisingar.

– Opplyser du om at du har brukt KI i den ferdige artikkelen?

– Eg ser at slikt blir markert i journalistikken, men eg har ikkje gjort det sjølv, for eg har alltid bearbeidd teksten mykje etterpå. Eg meiner at ein ikkje skal publisere KI-generert tekst direkte, men dersom ein gjer det, bør det markerast, seier Opsvik.

KI på prøvestadiet

Nyleg undersøkte Institutt for samfunnsforsking kva haldningar nordmenn har til generativ KI. Om lag ein fjerdedel av respondentane svarte at dei har brukt slike verktøy, høgare utdanna i større grad enn lågare utdanna. Flest brukte det til å finne informasjon og bearbeide tekst, men fleire oppgav også at dei brukte verktøya for å teste dei.

Opsvik er ein typisk teknologiinteressert brukar som gjerne prøver seg fram med ny teknologi for å finne ut korleis det fungerer. Verktøy som kan gjere taleopptak om til tekst, har allereie vore tilgjengeleg lenge, men ein må framleis gå nøye igjennom den transkriberte teksten for å rydde opp i feil. Han har også prøvd seg fram med bilete, men førebels fungerer det ikkje godt nok til å erstatte fotoarkiva han har tilgang til.

I den grad ein kan snakke om ein KI-revolusjon, så ligg revolusjonen i at alle no har tilgang til verktøya, meiner han. Den store produktivitetsgevinsten har ikkje heilt materialisert seg.

– Eg håpar jo heller ikkje på at maskinene skal ta over jobben min. Men eg ser for meg at slike verktøy kan gjere det lettare å til dømes flytte informasjon frå eitt system til eit anna, eller løyse IT-problem ved hjelp av naturleg språk, utan at ein treng å kunne programmering, seier han.

Men dei same eigenskapane som gjer det enkelt å kommunisere med systema, kan også gjere det enklare å sno seg rundt hindringar og tryggleikstiltak.

Fryktar fuskefella

– I starten handla alt om fusk, seier Sehoya Cotner, utdanningsforskar og avtroppande leiar for bioCEED. Ho har ført oss vel gjennom labyrinten som Institutt for biovitskap ved UiB er blitt, og fram til sitt eige kontor. BioCEED er eit senter for framifrå utdanning i biologi, som no er under avvikling etter at finansieringsperioden gjekk ut ved årsskiftet.

– Det var ei slags kjensle av «oss mot dei», lærarar mot studentar.

– KI-verktøy eignar seg godt som utgangspunkt for å diskutere kritisk tenking med studentane.

Sehoya Cotner

Utdanningsforskarane ved UiB fekk det snart travelt med å undersøke kva rolle generativ KI kunne spele i læring. Tidleg i 2023 undersøkte Cotner og nokre kollegaer kva studentar og tilsette ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiB tenkte om dei nye verktøya. I oktober gjorde dei ei ny undersøking, denne gongen mellom biologistudentar i heile landet.

– I februar var få studentar uroa for at KI-verktøya kunne by på etiske utfordringar, eller for at dei kunne reflektere skeivheiter i materialet modellane er trente på. I oktober hadde slike omsyn funne vegen inn i debatten, seier ho.

Det same gjaldt spørsmålet om ein kan lite på informasjonen frå modellane. Sidan dei er statistiske verktøy som berre er laga for å produsere tekst som ser plausibel ut basert på treningsmaterialet, kan dei fabrikkere både informasjon og kjelder. Dette var studentane langt meir merksame på i oktober-undersøkinga.

– Og vi spurde om det vi meinte var viktig, nemleg: Korleis meiner du desse verktøya best kan brukast i utdanning, på ein måte som er rettferdig, og som støttar læringa di? Det gjennomgåande inntrykket var at studentane er forvirra. Dei fryktar å gjere noko feil og bli skulda for fusk. Og dei ber om å få opplæring i korleis verktøya kan brukast effektivt. Det må vi hugse. Vi ser på studentane som «digitalt innfødde», men vi tilsette må framleis vere dei vaksne i rommet, seier Cotner.

Likevel er ho imot sentral regulering, som mange har teke til orde for.

– For dette er ikkje verktøy med eitt bestemt bruksområde. Det viktige er at kvar enkelt undervisar må vere så tydeleg som råd om kva type bruk som er greitt til akkurat denne oppgåva. Vi likar å snakke om kritisk tenking og om studentane som partnarar i læring, og dette er eit perfekt høve til å ha slike diskusjonar i klasserommet.

Kven skal ha æra?

For Cotner var det ein augeopnar å innsjå at ho måtte meistre KI-verktøya sjølv, før det kunne bli snakk om å rettleie studentane. I året som har gått, har ho prøvd seg fram.

– Eg har brukt dei til omsetjing, og som debattpartnar. Det kunne eg godt gjort i undervising. Eg trur det er vanskeleg å endre meining i debatt med eit anna menneske, for ein vil ikkje tape andlet. Den faktoren forsvinn når du diskuterer med ei maskin. Det er noko eg gjerne skulle undersøke, seier ho.

Det siste året har debatten gått om kva som skal reknast som fusk når studentar brukar KI, men kan tilsette bruke verktøya på måtar som ville bli rekna som fusk dersom studentane gjorde det?

– Veldig godt spørsmål, seier Cotner.

Ho fortel at ho i ein prosjektsøknad ville ta med noko om arbeid med «studenten som partner» i høgare utdanning i Europa. Sjølv er ho frå USA og kjenner best til den amerikanske konteksten.

Ho bad KI-verktøyet Elicit, som finn og samanfattar informasjon i forskingsartiklar, om å skrive eit par avsnitt om dette, med kjeldetilvisingar.

– Og det fekk eg, men så vart spørsmålet: Korleis inkorporerer eg det i søknaden? Mange seier at ein skal oppgje om ein har brukt KI-verktøy, men det gjev lite meining om bruken ikkje er spesifisert. Vi oppgjev jo ikkje at vi har brukt automatisk stavekontroll på tekstane våre. Dette er ein type samtale vi godt kan ha med studentane våre også, seier ho.

Hovudbry om personvern

I desember oppmoda den amerikanske forskingsfinansiøren National Science Foundation forskarar som brukar generativ KI til å lage søknader, om å informere om korleis verktøya er blitt brukte. Fagfellane som skal evaluere søknadene, fekk på si side forbod mot å bruke KI-verktøy i evalueringa, fordi ein då gjev frå seg fortruleg informasjon. I november etablerte EU-kommisjonen ei eining som skal lage retningsliner for bruk av KI i forsking. Ei undersøking utført av tidsskriftet Nature viste at om lag éin av seks forskarar allereie brukar KI i søknadsskriving.

Personvern og faren for å fôre treningsdatasetta til kommersielle verktøy som ChatGPT med sensitiv informasjon har skapt hovudbry for institusjonane, som dei har løyst på ulike vis. Universitetet i Oslo (UiO) la først ned forbod mot å bruke verktøyet i undervising. Seinare har dei løyst problemet ved å lage ein eigen applikasjon, som har fått namnet GPT UiO. Den er basert på ChatGPT, men brukarane – både studentar og tilsette – loggar seg inn med si institusjonsinnlogging, og UiO kontrollerer dataflyten.

Dermed vonar eg det kan bli brukt meir i undervisingsopplegg, seier Dagfinn Bergsager på telefonen. Han er underdirektør for IT i forsking, formidling og utdanning ved UiO.

– No trur eg vi har fått på plass nokså god støtte for å bruke generative KI-verktøy i undervising. Neste steg blir å bruke dei i forsking, seier Dagfinn Bergsager. Foto: Lin Stensrud/UiO

– Førebels trur eg det er der det er mest å hente for oss, for roboten gjer jo mange feil, og det er dumt i forsking.

Likevel er målet at GPT UiO skal bli meir nyttig også i forsking, og at ein skal kunne bruke det på sensitive forskingsdata, noko som førebels ikkje er lov. I desse tider får UiO-studentane tilgang til Bing Chat gjennom Microsoft, og det er knytt stor spenning til kva Microsoft kjem til å gjere vidare med Copilot, og kva det vil koste institusjonane å få tilgang. Førebels legg UiO opp til å bygge vidare på GPT UiO.

I januar 2024 hadde GPT UiO fått 15000 brukarar, ifølgje Bergsager. Men dei har ikkje oversikt over kva tekstroboten blir brukt til.

– Men vi har fått nokre tilbakemeldingar på at det blir brukt i administrative prosessar, og til å skrive nynorsk, som han er god på. Vi har eit transkriberingsverktøy også, som er mykje brukt, men det er dårleg til å skrive nynorsk. Då tipsar vi folk om å ta den transkriberte teksten og køyre han gjennom GPT UiO for å få han på nynorsk.

Sjølv brukar han roboten til alle slags småting, fortel han.

– For meg har GPT-en eigentleg teke over for Google.

Også UiB er i ferd med å lansere si eiga ChatGPT-løysing til bruk i undervising, sidan Copilot berre gjeld for tilsette.

Biletgeneratoren DALL-E har problem med å tenkje seg at ein prorektor kan vere kvinne. Likevel er slike verktøy på full fart inn i arbeidslivet.

Revolusjon eller hype?

Det er ikkje første gong at ein ny teknologi er spådd å endre heile samfunnet til det ugjenkjennelege. Det same skulle nanoteknologi, «virtual reality», heimerobotar og blokkjeder gjere. Vi veit enno ikkje om spådommane frå dei største entusiastane slår til denne gongen, eller om alle KI-oppstartsselskapa som no struttar av investorkapital, går under eller blir kjøpte opp dersom dei store gevinstane uteblir. Men kva skal vere akademia si oppgåve i dette biletet? Er KI først og fremst noko ein skal forske på, noko som skal forbetre undervisinga, eller noko som skal effektivisere sjølve forskingsprosessen? Eller kjem alle fordelar til å drukne i ei flodbølgje av KI-genererte, falske forskingsartiklar? Vi hoppar tilbake til Heggernes ved UiB.

– Innanfor naturvitskap og medisin vil eg seie det er vanskeleg å gjere grensesprengjande forsking utan å bruke maskinlæringsmetodar, seier ho.

– Då Nikolai Astrup som digitaliseringsminister la fram den nasjonale strategien for KI i 2020, sa han at vi ikkje lenger kan utdanne yrkesgrupper som ikkje har noko forhold til KI.

På eit vis er ho glad for at ChatGPT har gjort at alle no veit kva KI er.

– Samstundes er det litt dumt at folk no trur at det berre handlar om desse generative verktøya, KI er jo så mykje meir.

Norske universitet og høgskular, sjølv når dei slår ressursane sine saman, har lite å stille opp med mot dei store amerikanske teknologiselskapa som har nærast uavgrensa ressursar å bruke på KI-utvikling.

– Men det same kan seiast om medisinsk industri. Berre fordi det finst ein stor kommersiell industri, tyder ikkje det at vi ikkje skal drive med forsking sjølve. Og det er viktig at ulike land har sine eigne strategiar. I Noreg legg vi vekt på openheit, etterrettelegheit og ytringsfridom, og det må også gjelde arbeidet vårt med KI, seier ho.

Det slår meg at universitetsstrategiar er akkurat den typen generisk tekst som tekstrobotar er veldig gode på å produsere. Er det aktuelt å setje ut den neste strategiprosessen til ChatGPT?

Heggernes ler.

– Eg spurde faktisk ChatGPT for moro skuld kva som må til for at UiB skal bli eit betre universitet enn UiO. Han gav meg eit veldig diplomatisk svar som gjekk ut på at dei begge er gode universitet som bør samarbeide for det felles beste.

Kva rolle har generativ KI i arbeidskvardagen din?