Vonar KI kan ta dei kjedelege oppgåvene
LUKK

Vonar KI kan ta dei kjedelege oppgåvene

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 7. mars 2024 kl. 10:47

Tar tekstrobotane jobben min? James Hosea vonar dei teknisk-administrativt tilsette får ein betre kvardag med kunstig intelligens.

Etter at generative kunstig intelligens-verktøy som til dømes ChatGPT vart tilgjengelege for personen i gata, er kunstig intelligens (KI) blitt noko «alle» har eit forhold til. Men, som Forskerforum skreiv i førre nummer, er det førebels ikkje klart akkurat korleis KI kjem til å påverke organisasjonane i kunnskapssektoren. KI får større plass i forskinga, mellom anna med hjelp frå regjeringas KI-milliard. Men kva med administrasjonen?

– Ein spør seg jo: Korleis vil dette påverke meg? Kva er risikoane og moglegheitene? Vil KI ta alle jobbane våre? illustrerer James Hosea, seniorrådgjevar ved Seksjon for utdanningskvalitet ved Noregs handelshøgskole (NHH). Hosea leier Forskerforbundets forening for teknisk/administrativt tilsette (FFTA).

KI i arbeidslivet

KI er raskt blitt del av ein større diskusjon om produktivitet og automatisering i arbeidslivet, ein diskusjon som har gått føre seg i meir enn hundre år, og der det jamleg kjem spådommar om at store delar av arbeidsstyrken vil bli gjorde overflødige av nye former for automatisering. Når KI-verktøy no kan skrive all den generiske teksten som offentlege verksemder produserer kvar dag, kan ein kanskje tenkje seg at mange tilsette vil bli rasjonaliserte vekk.

Hosea legg i staden vekt på behovet for kompetanseheving.

– Generative KI-verktøy er noko nytt og kan verke skummelt, og då blir kompetanseheving viktig. Eg ser det som ein mogleg vinn-vinn-situasjon: Kompetanseheving kan føre til meir interessante arbeidsoppgåver for medlemmane våre og samstundes gjere oss betre rusta til å levere det arbeidsgjevarane treng.

På vårkonferansen til FFTA, som går av stabelen i midten av april, er KI i arbeidslivet tema. Årets konferanse vart fullteikna på få dagar, fortel Hosea.

– FFTA har ingen offisiell politikk på dette området enno, men det er noko vi skal diskutere etter konferansen. Det vil påverke innspelet vårt til Hovudstyret når Forskerforbundet no skal oppdatere politikken sin for teknisk-administrativt tilsette, seier han.

Erstattar ikkje kunnskap

Ved NHH blir dei tilsette oppmoda om å prøve seg med KI-verktøy, fortel han.

– Første gong eg prøvde ChatGPT, var i fjor då eg skulle leie ein paneldebatt om noko eg ikkje er ekspert på. Vanlegvis ville eg ha førebudd meg ved å google etter informasjon. No bad eg i staden ChatGPT foreslå spørsmål til panelet.

Spørsmåla tekstroboten foreslo, var eit godt utgangspunkt, men måtte justerast litt. Det er representativt for erfaringa han har gjort seg så langt: Verktøyet kan spare arbeid i starten, men ein må gå nøye gjennom resultatet og rette opp feil og «hallusinasjonar».

– Det er enklare når ein har bakgrunnskunnskap, så vi treng framleis den spisskompetansen våre tilsette der ute sit med.

James Watt Duncan Hosea er leiar i Forskerforbundets foreining for teknisk/administrativt personale. Foto: Kjerstin Gjengedal

Det veit du, men veit arbeidsgjevarane det?

– Det kan nok variere. Ikkje alle arbeidsgjevarar har oversikt over kompetansen til dei tilsette, seier Hosea.

Samstundes har statlege verksemder eit overordna ansvar for å leggje til rette for systematisk kompetanseutvikling, peikar han på. Og hovudtariffavtalen presiserer at partane skal arbeide for å tilby attraktive arbeidsplassar og hindre utstøyting ved omstillingsprosessar.

– Så rammeverket er på plass.

– Inntrykket mitt er at det førebels blir snakka mykje meir om KI enn det blir brukt.

Gjermund Lanestedt

Etterlyser meir kompetanse

Den siste tida har den eine rapporten etter den andre peika mot at det berre vil bli større behov for ulike former for IKT-kompetanse framover. Sist ute var NHOs kompetansebarometer som vart lagt fram i midten av februar, der eit fleirtal av bedriftene i barometeret ser for seg at KI vil auke behovet for IKT-kompetanse. Samstundes har nær halvparten av bedriftene ikkje teke i bruk KI i det heile.

– Inntrykket mitt er at det førebels blir snakka mykje meir om KI enn det blir brukt, seier Gjermund Lanestedt, dagleg leiar i rådgjevingsselskapet Capto. Selskapet gjev råd om digitalisering og styring til offentlege verksemder.

Lanestedt viser til at det alltid tek lengre tid enn ein trur, før ny teknologi blir teken i allmenn bruk.

– Men at ein del jobbar vil få nytt innhald, er eg ikkje i tvil om. Og nokre oppgåver kan automatiserast vekk: Alt som har å gjere med å sortere og finne fram i informasjon, disponere stoff og sette opp tabellar og slikt. Det gjer eg sjølv. Når eg skal lage ein disposisjon for ein rapport, brukar eg ikkje tid på å tenkje på det. Eg let ChatGPT gjere det for meg, seier han.

Men KI handlar ikkje berre om å automatisere enkle oppgåver. I botn og grunn er KI eit steg høgare på digitaliseringsstigen, der målet er betre databehandling, meiner han.

– Dei siste tiåra har vi samla utruleg store datamengder, særleg i offentleg sektor, og vi har eigentleg ikkje greidd å utnytte dei skikkeleg. Dei ligg der i databasar og filkatalogar. KI er eit svar på korleis vi kan hauste innsikt og verdi av desse enorme datamengdene, seier han.

Må lite på modellen

Men nokre viktige føresetnader må vere på plass for at det kan skje.

– For det første må ein ha orden i sysakene: Kva viser eigentleg datamaterialet vi har, korleis kan det merkast. Eit anna omsyn er kven som har rettar til grunnlagsmaterialet, og korleis ein skal handtere personopplysingar.

I ein artikkel i tidsskriftet Stat & Styring, som Lanestedt skreiv saman med to forskarar frå Universitetet i Agder, kjem dei med nokre råd om korleis offentlege verksemder bør stille seg til KI. Datatryggleik, strukturelle skeivheiter i datamaterialet som KI blir trena på, og manglande transparens i KI-modellane er døme på problem som må takast på alvor.

Dette er jo ikkje trivielle problem. Mangel på transparens er vel ein definerande eigenskap ved KI?

– Ja, og i offentleg sektor er det viktig for rettstryggleiken at ein skal kunne forstå korleis avgjerder blir tekne. Når konklusjonen blir at ein berre må stole på modellen, då inneber det at ein flyttar på nokre grensesteinar, vedgår Lanestedt.

Samstundes er det allereie i dag umogleg for dei fleste å sette seg inn i korleis mange forvaltingsvedtak blir gjorde, peikar han på.

– Eller ta forsikringspremien min, eller pensjonsordninga – det er ikkje mogleg å forstå, men vi lit på systemet likevel. Men «forklarbar KI» er eit stort forskingsfelt for tida, så det er ikkje gjeve at KI-verktøy alltid vil vere like lite etterrettelege som no, seier han.

Systematisk utprøving

Så langt har det vore opp til kvar enkelt tilsett i kunnskapssektoren om og korleis dei vil ta i bruk KI-verktøy. Lanestedt meiner organisasjonane bør prøve seg fram på meir systematiske måtar.

– Lag pilotprosjekt, vurder nytte opp mot utfordringar, dokumenter prosessen. Skal ein sitte og vente, kan ein plutseleg oppdage at alle arbeidsoppgåvene forsvann utan at ein var førebudd, seier han.

– Eg tenkjer meg at teknisk-administrativt tilsette vil få nokre verktøy som gjer delar av jobben enklare. Samstundes er det ikkje slik at styresmaktene tenkjer at no når vi har KI, så kan vi slanke statsforvaltinga i møte med trongare tider. Det er heller slik at KI vil kunne svare på ein del av utfordringane vi får framover.

  • Les meir: