Langtidsplanen: Kokar alt ned til dyrefôr?
LUKK

Mål og meining:

Langtidsplanen: Kokar alt ned til dyrefôr?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 31. juli 2023 kl. 10:05

Korleis skal ein forstå forholdet mellom måla i Langtidsplanen? Kan dei brukast til å formulere eit forskningsprosjekt?

Eg gløymde å spørje Marita Kristiansen om ho er krenkt av måla i langtidsplanen. Eg er iallfall, skriv Kjetil Brottveit.

Kanskje ryddigheitsmanien min er eit nervøst trekk, men eg har òg eit djupt ynske om å forstå langtidsplanen som regjeringa la fram i fjor haust. Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som seinare vart vedteken av Stortinget, skal peike ut den overordna retninga for perioden 2023–2032, men Gud hjelpe den som tek planen på alvor som kompass.

Tidleg i dokumentet kjem tre sett med målsetjingar. Det er kjedeleg å lese, men må til om de skal skjøne noko av denne spalta:

«De overordnede målene er:

  • styrket konkurransekraft og innovasjonsevne
  • miljømessig, sosial og økonomisk bærekraft
  • høy kvalitet og tilgjengelighet i forskning og høyere utdanning

De tematiske prioriteringene er:

  • hav og kyst
  • helse
  • klima, miljø og energi
  • muliggjørende og industrielle teknologier
  • samfunnssikkerhet og beredskap
  • tillit og fellesskap

(…) Norge deltar allerede i EUs samfunnsoppdrag, og nå lanserer regjeringen i tillegg to nasjonale samfunnsoppdrag på prioriterte områder:

  • bærekraftig fôr
  • inkludere flere barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv»

Dei ryddige dyra

Ærendet mitt er å sjå på korleis desse tre listene med kvart sitt namn (utheva av meg) fungerer saman. Og eg vil avgrense oppgåva. Kan hende det finst gode eller dårlege utdjupingar av punkta – og tilhøvet mellom dei – lenger ut i dokumentet, men dette ser eg i så fall bort frå.

Eg hoppar til konklusjonen: Dersom eg skal skjøne korleis ulike sett med omgrep heng saman, må eg kunne sjå dei føre meg grafisk. Eg kan takle fleire nivå dersom under- og overordninga er tydeleg: Det generelle er øvst, og så vert det meir og meir spesifikt nedover, som i biologisk klassifisering. Inndelinga av dyreartar er frå toppen: liv, domene, rike, rekkje, klasse, orden, familie, slekt og art. Det er heile ni nivå, men det er oversiktleg. Ein kan setje opp heile systemet i pyramideform. Eit anna grafisk døme er firefeltstabellar, eit kjent verktøy i blant anna sosiologi. I eit enkelt koordinatsystem med to aksar får vi fire ruter, som A1, A2, B1 og B2.

Respekt for samfunnsoppdrag!

Passar og linjal er ikkje nok til å begripe langtidsplanen. Eg prøver å vere venleg innstilt og startar med å lese «overordnede mål» som nettopp overordna, noko som grip inn i alle «tematiske prioriteringer». Til dømes skal då utdanning og forsking i «helse» (tematisk prioritering) vere prega av «høy kvalitet og tilgjengelighet» (overordna mål). Men det klussar seg til. Eit anna overordna mål er «miljømessig, sosial og økonomisk bærekraft», og ei tematisk prioritering er «klima, miljø og energi». Er meininga at vi skal undervise og forske på klima og miljø på ein miljømessig berekraftig måte?

Og så kjem «målrettede samfunnsoppdrag», forklåra som «nyskapende og ambisiøse prosjekter der forskning kobles sammen med andre virkemidler for å løse konkrete problemer innen en gitt tidsfrist». Slike kjenner vi alt frå EU-systemet som «missions». Det er berre to av dei, og ved fyrste augekast tenkjer eg: Ok, dette er sjefane, viktig og internasjonalt, dette kjem over alt det andre, respekt! Men så er dei ikkje av ein slik art (som «liv» eller «domene», for å ta dei mest overordna i dyreverda). Det eine verkar svært spesifikt. «Bærekraftig fôr» er ikkje noko du lett kan bruke som overskrift på ynskte tyngdepunkt i romanske språk eller sivilingeniørstudium i maskin. Det framstår snarare som ein underkategori av (andre) enkeltfag.

Hjernen min er ikkje fleksibel nok til å skjøne langtidsplanen.

Jakt på relevans

Det andre samfunnsoppdraget er av ein heilt annan og meir generell art: å «inkludere flere barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv». Er det ein slags metakategori for heile feltet? Iallfall overlappar dette samfunnsoppdraget med domenet langtidsplanen verkar innanfor – forsking og (i dette tilfellet) utdanning. Inkluderer dette samfunnsoppdraget å forske og utdanne på ein inkluderande måte, eller skal inkluderinga skje i ein annan silo ved sida av (høgare) utdanning?

Portrettfoto av Marita Kristiansen
– For å forstå omgrepa kognitivt innanfor eit felt treng ein å kunne sjå føre seg forholdet mellom dei. Her er det vanskeleg å finne kva koplingar som finst mellom omgrepa og omgrepssetta, seier Marita Kristiansen. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

– Kan du hjelpe meg, Marita Kristiansen? Orsak at du slepp til fyrst no.

– Dette er midt inne i det vi jobbar med som terminologar. For å forstå eit fagfelt må ein forstå relasjonen mellom omgrepa. Døma med pyramide og firefeltstabell er kjempegode. Pyramiden med klassifisering av dyr ville vi ha kalla generiske omgrepssystem med over- og underomgrep. For å forstå omgrepa kognitivt innanfor eit felt treng ein å kunne sjå føre seg forholdet mellom dei. Her er det vanskeleg å finne kva koplingar som finst mellom omgrepa og omgrepssetta.

– Tenk deg at ein verkeleg skal bruke punkta, til dømes til å utvikle eit forskingsprosjekt som er i tråd med langtidsplanen. Når Forskingsrådet kjem med ei utlysing, sit du som forskar og skal prøve å skrive deg inn i måla til eit program for å gjere søknaden relevant. Eg har prøvd nokre gonger, og det er vanskeleg. Her er det endå vanskelegare, sidan forholdet mellom måla er så uklåre.

– Korleis?

– Ein skulle tru at dei overordna måla låg øvst og dermed skulle gjennomsyre dei tematiske prioriteringane, som ligg på eit lågare nivå. Men det er vanskeleg å få det til å henge saman: «Tillit og fellesskap» verkar som eit overgripande mål og skulle ikkje ha hamna som ei tematisk prioritering, for det kan ikkje gå nedanfrå og opp. I så fall skulle eit tematisk mål som «hav og kyst» òg ha gjennomsyra dei overordna. Det vert absurd.

– Korleis kunne ein ha rydda?

– Dersom ein hadde halde fast ved nokre overordna mål, kunne det ha utkrystallisert seg tematiske underordna mål som inneheldt trekk frå det overordna pluss noko meir spesifikt. Eit alternativ til eit slikt hierarki kunne ha vore å tenkje prosess: Noko skal leie til noko anna.

Kokar alt ned til dyrefôr?

Temaet i denne spalta går rett inn i arbeidskvardagen til Kristiansen. Ho arbeider med systematisering av omgrep i termbasar, som den nasjonale termportalen ved Universitetet i Bergen. Då er ho avhengig av ryddige strukturar.

– Når vi registrerer omgrep og termar i ein base, må vi ha ein god datamodell i botnen. Han som er datautviklar i termportalen, gjer det i tråd med standardar, slik at ulike system kan utveksle data. Det er ikkje meininga at termportalen berre skal liggje der for seg sjølv. Det vi matar inn der, skal kunne verte levert vidare, til dømes til Nasjonalbiblioteket. Omgrep som er brukte i langtidsplanen, kjem òg til gå inn i slike system. Då må det vere eit avklåra forhold mellom omgrepa.

Men vi gløymde ein ting i sorteringa i stad. På toppen (eller botnen, kva veit eg) kjem òg dei store samfunnsoppdraga. Korleis kunne dei ha passa inn? Spalta får slutte med eit lite hjartesukk frå Kristiansen:

– Samfunnsoppdraget «bærekraftig fôr» er svært konkret, og enormt mange fagområde fell utanfor. Eg tilhøyrer humaniora og språkvitskap, og ein langtidsplan burde ha vore relevant for meg òg som forskar. Kva kan vere mitt samfunnsoppdrag?

  • Les meir: