Korleis skrive titlar med schwung til akademiske artiklar?
LUKK

Korleis skrive titlar med schwung til akademiske artiklar?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 18. oktober 2022 kl. 20:13

Lovnad om innhald: Marita Kristiansen raudnar når ho ser på cv-en sin.

I førre nummeret av Forskerforum melde vi ei debattbok av Petter Snekkestad: Museale tilstander – en konservativ kritikk av norsk museumstenkning. Bokmeldar Siri Lindstad siterte dette partiet: «Den kritiske kulturarvforskningen er alltid på vei mot et godt sted – en bevegelse towards noe flott. Et iøynefallende trekk ved litteraturen er titlenes rekke av frodige verb: Negotiating, Re-thinking, Reconsidering, Re-staging, Decolonizing, Disturbing, Deconstructing, Destabilizing. Monumentalizing har vært populær de siste årene.»

At slike engelske ing-ord i titlar er eit fenomen, gav meg ei vag aha-oppleving. Kvifor er dei så populære? Ein rask sveip er nok til å finne to andre døme: I høve Skeivt kulturår 2022 har Universitetsbiblioteket i Bergen no utstillinga Decriminalizing History. Ein medlemsorganisasjon for økonomar og studentar heiter Rethinking Economics Norge.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

MARITA KRISTIANSEN er førsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

OLE KRISTIAN VÅGE er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve.

– Negotiating og re-staging: Kva er det for slags ord?

Våge: Dei kallast verbalsubstantiv, og på engelsk er det ikkje eit nytt fenomen å bruke dei i titlar. Då eg var ph.d.-stipendiat og ny i forskingsfeltet, var det slik ein rett ofte skreiv titlar i språkvitskap: verbalsubstantiv og metaforar. Ein tittel på ein artikkel eg skreiv – om terminologien innan oppdrettsnæringa – har båe delar: «Harvesting the Blue Field.» Det spelar på oppdrettsnæring som ei ny form for landbruk.

Kristiansen: Eg kjenner det òg frå mi verd – artiklar og føredrag i språkvitskap. Eg kom inn i ein tradisjon for kolossalt lange og tunge titlar. Med verbalsubstantiv trong ein ikkje så mange ord. Den fyrste tittelen min i denne stilen er frå år 2000. Eg kjende meg in og moderne i språket!

– Kom an, få høyre på titlane.

Kristiansen: Eg har skrive artikkelen «Finding financial terminology in Norwegian newspapers». Ein norsk versjon heiter «På jakt etter norske finansuttrykk». Det fungerer ikkje på same måten! Ein annan heiter «Looking back to move forward. Challenges related to deceitful parallel texts and slippery terms.» Titlane skulle framleis vere lange og tunge, men med ein stutt tittel fyrst for å gjere det spennande.

Våge: Ja, det eg sa om Harvest var berre fortittelen. Så kom den lange!

– Å ja?

Våge: Framhaldet er «Spanish and Norwegian Terminology of Aquaculture.»

– Kvifor er slike titlar så populære?

Våge: Kanskje det er eit uttrykk for at dei har noko appellerande ved seg, og at forskarar har ein sams smak? Men det er òg noko meir grunnleggande her. Ved å bruke verbalsubstantiv betonar ein at det er ein stendig prosess som går føre seg. Retorikaren Anders Johansen seier at språket er tenkingas reiskap. Ved å bruke nye ord, metaforar og formuleringar kan vi få fram ny kunnskap. Skal ein skape ny kunnskap, må han tre fram gjennom språket, i alle fall for ein del vitskapar.

Kristiansen: For å forklåre bruken kan vi òg gå tilbake til vitskapsteoretikaren Thomas Kuhn og tankane hans om paradigme og dynamikk i kunnskapen: å kome inn på eit felt og ta ein plass. Dersom du skal leggje fram noko på ein konferanse, vil du gjerne framstille ditt eige som noko nytt i høve til andre ting.

– Men dersom alle skriv slik, skil ein seg ikkje ut?

Våge: Nei, mange møter nok seg sjølv i døra etter kvart.

Kristiansen: Eg raudnar noko når eg ser på cv-en min, for eg har mange av desse titlane, og eg kjenner meg noko meir allergisk mot det no. Eg, som er påverka av klarspråk, tykkjer forma med verbalsubstantiv kombinert med dei lange vedhenga kan verte pompøs og sjargongaktig. For å ta dømet «harvesting», som eg òg har brukt, i ein tittel om å fange nyord: Ing-forma signaliserer at ein går vidare frå det gamle og finn ut noko nytt. Når ein i tillegg legg inn eit ledd som re- eller de-, som i re-thinking eller de-staging, ligg det òg ein slags kritikk mot det gamle der og ei sterkare markering av det nye. Ein kan kalle det identitetsbygging eller ei sosiologisk etablering av eit nytt forskingsfelt. Når det er tøffe krav til å levere og å konkurrere om forskingsmidla, så gjeld det å ta plassen.

Våge: Å leggje til re- eller de- fyrst, som i de-constructing eller re-thinking, er på eit vis å skape røyndom. At ein grip til språket og bruker slike metaord for å skape ein ny røyndom er kjempeinteressant.

– Kan ing-forma brukast til å gje inntrykk av rørsle sjølv om ho ikkje er der?

Kristiansen: Ho kan jo det, om det er reelt eller ikkje. Det ligg i ing-formas natur: Det som skjer kvar dag, skal ikkje ha ing-form. Ein bruker det om akkurat no, og kan dermed implisitt påstå at «her skjer det noko». Men ein kan vanskeleg ha rethinking og redesigning kvart år. Slike ord kan verte oppbrukte, iallfall innanfor same fagområdet.

Våge: No arbeider eg forresten med artikkelen «Achieving term consistency».

Kristiansen: Den tittelen trur eg du må revurdere!

– Re-considering the title!

Våge: Ein kan ende opp med ei språkleg tredemølle der alle dekonstruerer i takt. Kva var det han heitte att, den tittelen eg nettopp såg? Jo, her var han: «Deconstructing deconstruction».

  • Les også: