EU slår ned på forfattarbetaling
LUKK

Vitenskapleg publisering:

EU slår ned på forfattarbetaling

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 29. mai 2023 kl. 12:31

Målet om open publisering utan avgifter får støtte av EUs forskingsministrar.

Open publisering utan sperrefrist eller andre restriksjonar, bør vere norma for offentleg finansiert forsking, heiter det i fråsegna om open vitskap som vart vedteken i EUs ministerråd tysdag.

Forskingsministrane som var samla i Brussel har notert seg at eskalerande kostnader ved forfattarbetaling gjer at det blir mindre offentlege midlar att til å finansiere forskinga. Rådet oppmodar medlemslanda om å støtte modellar for vitskapleg publisering som er gratis både for lesarar og forfattarar, såkalla «diamant» open tilgang. Mellom anna ber dei om at EU sin eigen publiseringsplattform, Open Research Europe, må bli brukt meir aktivt.

I tillegg blir medlemslanda og EU-kommisjonen bedne om å investere i ikkje-kommersiell infrastruktur for publisering av forskingsresultat og -data, utvikla på grunnlag av opne standardar og programvare slik at ein unngår å låse seg til proprietære løysingar som ikkje snakkar saman.

Farvel til tidsskrifta?

Den tyske nevrobiologen Björn Brembs, som lenge har vore ein av dei som tydelegast har teke til orde for nettopp slike investeringar i offentleg infrastruktur for publisering av forsking, skriv på kortmeldingstenesta Mastodon at denne passasjen nesten ordrett svarar til forslaget han og likesinna kollegaer har lagt fram tidlegare.

«Kan dette bli paradigmeskiftet heile rørsla for open forsking har venta på?» spør han.

Brembs og fleire andre har lenge argumentert for at ei satsing på open og offentleg eigd infrastruktur vil gjere at ein ikkje lenger har bruk for tidsskrifta.

Fråsegna frå Rådet er ikkje juridisk bindande, men peikar ut ei tydeleg retning for EU-kommisjonen og medlemslanda framover. Medan det lenge har vore eit krav at forsking som blir finansiert med EU-midlar skal publiserast med open tilgang, har det ikkje vore lagt føringar på korleis publiseringa skal skje, noko som har lagt vegen open for modellar der forskarar må betale store summar for å få artiklane publisert.

Betre handtering av opphavsrett

I den omfattande fråsegna om open forsking løftar Ministerrådet også fram behovet for endring i måten forsking blir vurdert på. Dei applauderer den europeiske avtalen om reform av systemet for forskarvurdering som var klar i fjor, og som er signert av mange norske institusjonar.

Rådet gjev også eit nikk til ordningane som fleire institusjonar har innført, der forfattarar deler opphavsretten med institusjonane, som så kan publisere forskarane sine artikler i til dømes vitenarkiv, utan at forfattaren først må forhandle på eiga hand med tidsskriftforlaget. Rådet ber medlemsstatane om å leggje til rette for at institusjonar har kapasitet til å handtere spørsmål om opphavsrett, og at forskarar får betre kunnskap om konsekvensane av å overdra opphavsretten sin til eit forlag.

Sektoren er allereie godt i gang med arbeidet på mange av punkta i fråsegna. Forskarvurdering er eitt døme, «diamant» open tilgang eit anna, utvikling av infrastruktur eit tredje. Når desse ulike initiativa no får tydeleg støtte frå høgaste politiske hald i EU-apparatet, vonar mange at det vil føre til fortgang i arbeidet.