EU vil støtte dei forskardrivne tidsskrifta
LUKK
Annonse
Annonse

EU vil støtte dei forskardrivne tidsskrifta

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 11. oktober 2022 kl. 16:44

Kven skal betale for open publisering av forsking? EU ser no på korleis ein kan støtte institusjonelle tidsskrift som ikkje krev forfattarbetaling.

For eit par år sidan mista alle dei fem tidsskrifta som var utgitt av fagmiljø ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium ved Oslomet plutseleg all støtte etter eit uventa dekanvedtak.

Eitt måtte leggje ned, andre lever vidare som dugnadsprosjekt der redaktørane gjer alt arbeid, med noko teknisk rådgjeving frå biblioteket.

Eitt av tidsskrifta, Nordisk barnehageforsking, fann ein annan modell.

Gratis for lesarar og forfattarar

I overgangsprosessen mot open tilgang til forskingsresultat, er forfattarbetaling blitt den mest dominerande forretningsmodellen for open publisering. I ein reportasje i Forskerforum frykta Gunnar Sivertsen ved NIFU at dette berre flyttar betalingsmuren, slik at ein no ikkje betalar for å lese, men for å forske.

Men det finst ein stor underskog av tidsskrift som ikkje krev betaling av korkje lesarar eller forfattarar, såkalla diamanttidsskrift. Dei aller fleste av dei er kjenneteikna av at dei er små, gjerne nasjonalt eller regionalt innretta, og eigd av institusjonar som står for finansieringa. Dei har ofte små redaksjonelle ressursar og usikre rammer. Slik som dei fem tidsskrifta ved Oslomet.

Barnehagediamant fann ny heim

Då støtta frå Oslomet forsvann, låg Nordisk barnehageforskning nede ein periode, men det var sakna i barnehagesektoren, som hadde bruk for tidsskriftet. I 2021 vart det relansert. No er det to senter for barnehageforsking som deler på redaktørarbeidet, FILIORUM– Senter for barnehageforskning ved Universitetet i Stavanger (UiS) og BARNKunne ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Begge sentera er finansierte av Forskingsrådet med ei forventing om at vi skal vere bidragsytarar til barnehagesektoren. Vi gjekk saman og søkte Forskingsrådet om å få omdisponere nokre midlar vi ikkje hadde fått brukt som planlagt under pandemien, og det fekk vi, seier Elin Eriksen Ødegaard, professor ved HVL og den eine av dagens to hovudredaktørar.

– Tidsskriftmodellen vi har landa på, er berre berekraftig så lenge våre to forskingssenter får romsleg tildeling av midlar, seier redaktør Elin Eriksen Ødegaard. Foto: Mari-Louise Uldbæk Stephan.

Dei ønskte seg teknisk og administrativ hjelp frå ein profesjonell aktør, og sette drifta ut på anbod, som gjekk til Cappelen Damm.

– Samtidig har vi laga ein langsiktig plan for å heve ambisjonane for tidsskriftet og få det registrert i fleire internasjonale databasar slik at det får større spreiing, seier ho.

Men det tyder ikkje at tidsskriftet er redda ein gong for alle. Dei to forskingssentera har finansiering til midt i 2023, og då kjem alt an på om tildelinga blir vidareført.

– Vi er optimistiske, fordi vi meiner vi har svart på oppdraget frå Forskingsrådet, men vi er også litt urolege fordi vi veit at både Forskingsrådet og sektoren elles går økonomisk trongare tider i møte, seier Ødegaard.

UiT kartleggjer institusjonstidsskrift

Jan Erik Frantsvåg, rådgjevar for open tilgang ved UiT – Norges arktiske universitet, er ein av dei som lenge har interessert seg for diamantmodellen for publisering. Han var med på å lage ei utgreiing av situasjonen for denne typen tidsskrift internasjonalt, på oppdrag frå EU og Science Europe. Denne utgreiinga dannar bakteppet for EU-prosjektet Diamas, som skal undersøke situasjonen for institusjonell publisering.

– Tidsskrift som blir publiserte av institusjonar, er ofte av diamant-typen, og det er den modellen vi vil konsentrere oss om i prosjektet, for det er mange av dei, seier Frantsvåg.

– Vi skal sjå på korleis ein kan få opp kompetansen og finansieringa i slike tidsskrift.

Han legg til – berre halvt i spøk – at dei fleste institusjonelle diamanttidsskrift truleg berre finst fordi økonomiavdelingane ved institusjonane ikkje har oppdaga dei.

Mykje utdatert informasjon skapar problem for Plan S-krav

Det er eit stort arbeid som må gjerast, for førebels har ingen heilt oversikt over utgjevarane av desse tidsskrifta. Det er tidsskrifta sjølve som er registrerte i databasar som Directory of Open Access Journals (DOAJ), men det er den teknisk-administrative utgjevaren som er interessant i dette prosjektet. Det er altså ikkje kvaliteten på innhaldet ein er uroa for, men kvaliteten på forlagsverksemda, og den er det mykje vanskelegare å finne detaljar om.

– Informasjonen om utgjevaren som står oppført i DOAJ, ofte feil eller utdatert. Til dømes står tidsskrifta ved Oslomet oppført under fleire ulike utgjevarar i registeret, fordi Oslomet har bytt namn mange gonger. Informasjonen var korrekt den gongen han vart lagt inn i registeret, og sidan har ingen oppdatert det, illustrerer Frantsvåg.

I neste omgang spørst det korleis ein kan støtte tidsskrifta, finansielt og med kompetansebygging. Slike tidsskrift har potensiale til å drive profesjonelt og effektivt til lågare kostnad enn dei kommersielle, sidan ein ikkje treng høge profittmarginar.

– Tidlegare har vi funne at når diamanttidsskrifta ikkje oppfyller krava i Plan S, så kjem det ofte av svikt på nokre tekniske område som ikkje kostar så mykje, men som fordrar at dei som driv med det, veit kva dei gjer. Så kompetanse er viktig. Krava i Plan S kan kanskje sjå strenge ut, men handlar i røynda om god publiseringspraksis, slik som løysingar for lagring og gjenbruk, seier Frantsvåg.

Må synleggjere kostnaden

Men dersom institusjonell forlagspraksis skal bli meir effektiv enn i dag, føreset det synleggjering av ein del kostnader som i dag er usynlege, peikar han på. Og det er der økonomiavdelingane kan skape krøll.

– I dei fleste slike tidsskrift gjer redaktørane alt sjølve. Sidan dei er fagpersonar og ikkje forleggjarar, gjer dei middelmådig arbeid som ein fagtypograf kunne gjort betre og billegare. Men ein kan ikkje leige inn slike tenester, for då må det betalast fakturaer, og det får ein ikkje pengar til.

Måten systemet fungerer på, fører altså ifølgje Frantsvåg til at institusjonelle tidsskrift nyttar kostbar intern professorarbeidskraft til oppgåver som kunne vore utført betre og meir effektivt av andre, fordi ein då unngår at arbeidet blir synleg som ein kostnad i rekneskapen.

– Slik sløsar ein med ressursar, seier Frantsvåg, som trur ein fint kunne finansiert profesjonelle tenester til all institusjonell forleggjarverksemd for ein sum som tilsvarar det institusjonane årleg betalar for publisering i Elsevier-tidsskrift.

Leitar etter økonomiske alternativ

Kartleggjinga av dagens situasjon, som blir leia frå UiT, skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med å finne ut korleis diamantmodellen kan gjerast økonomisk berekraftig.

– Ein må innsjå at skal institusjonell publisering bli effektivt, må ein synleggjere nokre kostnader. I Diamas-prosjektet skal vi sjå på korleis slike tidsskrift kan støttast finansielt, men førebels har vi ikkje noko godt svar på det.

Så dersom tidsskriftet Nordisk barnehageforskning nok ein gong står utan finansiering i 2023, kva kan ein gjere? Elin Eriksen Ødegaard tillet seg litt fri spekulasjon:

– Eg trur neppe at HVL eller UiS ville finne det tenleg å finansiere eit tidsskrift for resten av barnehage-Noreg med sine interne midlar. Vi i redaksjonen er motiverte for å halde fram, men eg tenkjer at då må det bli gjennom eit spleiselag, til dømes at forskarar betalar for publisering gjennom sine institusjonar, for kva andre moglegheiter finst? Kanskje kunne ein utvida det institusjonelle spleiselaget til resten av Norden, for det er jo eit nordisk tidsskrift. Eller søkt Nordisk ministerråd om pengar?

  • Les også: