Norsk forsking er på god veg til å nå målet om full open tilgang i 2024.

Men Thomas Dahl støytte på ein ny betalingsmur.

Prisen for open tilgang

Tekst: Kjerstin Gjengedal

Foto: Geir Mogen

– Då vi fekk artikkelen vår godkjent hos eit renommert tidsskrift, svara eg ja på spørsmålet frå dei om eg ville at artikkelen skulle gjerast ope tilgjengeleg, fortel Thomas Dahl, professor ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.

Han la ut privat for publiseringsavgifta på 30 000 kroner, i visse om at han ville få utgifta dekt frå NTNUs sentrale publiseringsordning, slik han hadde fått fleire gonger tidlegare.

Men denne gongen var det ikkje så enkelt. Sidan sist var systemet lagt om, og han måtte no søke hos Universitetsbiblioteket. Der fekk han beskjed om at tidsskriftet ikkje var inkludert i publiseringsavtalane biblioteket har inngått. Dahl vende seg difor til fagseksjonen, deretter til instituttet og til slutt til fakultetet med søknad om å få publiseringskostnadene dekt frå ulike ordningar.

Mot eit nytt landskap

Ein skal ha tunga beint i munnen når ein prøver å sette seg inn i kva reglar som gjeld for publisering og finansiering. Er tidsskriftet ope? Er det dekt av ein publiseringsavtale? Tillèt det eigenarkivering? Har institusjonen eit publiseringsfond? Norsk vitskapleg publisering er i ein overgangsfase, og enno veit vi ikkje kva modell(ar) som vil vere rådande når all offentleg finansiert forsking skal vere ope tilgjengeleg etter 2024.

Biblioteksjef ved NTNU, Sigurd Eriksson, fortel på generelt grunnlag at NTNUs publiseringsordning dekkjer både tilgang og publisering gjennom dei ulike nasjonale «publiser-og-les»-avtalane som institusjonen er med i. I desse avtalane betalar institusjonane både for abonnement («les») og for at eigne forskarar kan publisere ope i dei same tidsskrifta («publiser») på ein og same gong. I tillegg dekkjer ordninga open publisering utanom avtalane når visse kriterium er oppfylte. Ei rad institusjonar har tilsvarande ordningar.

– Overgangen frå å betale for lesetilgang til å betale for publisering følgjer av nasjonale retningsliner og NTNUs strategi for open vitskap, og er ei ønskt utvikling. Det som ikkje er ei ønskt utvikling, er at enkelte av dei nasjonale overgangsavtalane med forlaga har gjeve ein prisauke som er mykje høgare enn den normale prisstiginga, seier han.

Open tilgang til forsking

  • Etter 2024 skal all offentleg finansiert norsk forsking vere ope tilgjengeleg.
  • Tidsfristen er sett av Koalisjon S (den såkalla cOAlition S), ei samanslutning av europeiske forskingsfinansierande organisasjonar der Forskingsrådet deltek. Den er ein del av koalisjonens Plan S for open tilgang.
  • Overgangen medfører at forfattarbetaling no er blitt den dominerande forretningsmodellen hos forlaga.
  • Koalisjon S og andre aktørar arbeider no med å finne fleire og betre måtar å finansiere vitskapleg publisering på.

– Sjekk finansiering

Dei nasjonale overgangsavtalane med dei største forlaga inneheld kvotar på kor mange artiklar forskarane kan publisere ope. Blir kvoten fylt, må det anten betalast ekstra for å publisere meir, eller ein må avstå frå å publisere hos forlaget. Kvotane er baserte på historiske tal for publiserte artiklar, men auka publiseringsvolum har ført til at fleire institusjonar har brukt opp kvotane sine lenge før året er omme.

Publiseringsordningane er ikkje nødvendigvis meint å vare. Ordninga Forskingsrådet har for å hjelpe institusjonane med å finansiere publiseringsavgifter, har den siste utlysinga i år. Universitetet i Oslo avvikla publiseringsfondet sitt i 2018. Frå 2019 er det dei store publiser-og-les-avtalane som er den viktigaste finansieringsmåten Universitetet i Oslo (UiO) har for open publisering, fortel Karin Sofie Ytterlid, seniorrådgjevar for open forsking ved universitetsbiblioteket.

– Når ein skal publisere i eit ope tidsskrift utanfor avtalane, bør ein sjekke om ein har finansiering til det. Nokre forskingsfinansiørar dekkjer slike publiseringsavgifter gjennom prosjektmidlar. Ved UiO veit vi også at mange kan få støtte frå einingane dei er tilknytte. Men det er mange kanalar å velje mellom, og ein lang hale av utgjevarar og tidsskrift som ikkje er dekt av avtalane, seier ho.

Ytterlid meiner difor det er viktig å hugse at eigenarkivering i institusjonsarkiv også er ein måte å oppfylle kravet om open tilgang på.

– Så det er mange vegar til open tilgang, men mange av forskarane opplever nok at det er vanskeleg å navigere mellom dei, sjølv om vi har mykje informasjon på nettsidene og kan rettleie i prosessen, seier ho.

Vision care, Glasses, Smile, Skin, Lip, Chin, Outerwear, Organ, Neck, Sleeve

– Publiser-og-les-avtalane har gjort at forskarane våre kan publisere fleire artiklar ope, men har ikkje endra på forretningsmodellen, seier Karin Sofie Ytterlid. Foto: Universitetet i Oslo

Kritiserer regelrytteri

Då Thomas Dahl, etter å ha blitt send frå den eine eininga til den andre, bad NTNU sentralt oppklare om det verkeleg skal vere slik at tilsette sjølve må finne finansiering til open publisering, fekk han til svar at det ikkje er NTNUs politikk. Dahl har likevel lite til overs for den byråkratiske detaljstyringa av midlar som han opplever at arbeidsgjevaren står for. Han peikar på at den aktuelle artikkelen var basert på forsking frå fleire avslutta prosjekt, som til saman hadde skaffa NTNU inntekter på meir enn 15 millionar kroner.

– Det paradoksale er at eg ikkje brukte alle prosjektmidlane, og institusjonen får dessutan pengar fordi vi publiserer i tidsskrift som gjev publikasjonspoeng. Men når det då er snakk om å dekkje uventa publikasjonskostnader, blir det handsama isolert, ein ser ikkje heilskapen, seier Dahl, som meiner det burde vere større rom for fleksibilitet i denne typen situasjonar når tilsette i god tru handlar i tråd med det dei forstår som institusjonens politikk.

Betalingsmur for å forske

Då kampen for open tilgang til forsking for alvor tok til, var noko av bakgrunnen at prisane på tidsskriftabonnement var blitt så høge at dei truga med å knekke bibliotekbudsjetta. Tanken var at ved å vri betalinga frå abonnement til publisering ville ein få open tilgang utan større utgifter enn før. Men slik vart det ikkje. Dei kommersielle forlaga, som i starten protesterte sterkt mot open tilgang, oppdaga snart at forfattarbetaling er ein vel så lukrativ forretningsmodell.

Noko av grunnen er at det ikkje er reell konkurranse i tidsskriftmarknaden. Ein forskar som treng ein publikasjon i eit bestemt tidsskrift for å auke sjansen til å få eit professorat, kan ikkje berre velje eit anna.

I takt med at forfattarbetaling er blitt den dominerande forretningsmodellen, ser vi ein ny betalingsmur reise seg, åtvarar Gunnar Sivertsen, forskar ved NIFU: muren som hindrar folk i forske i staden for å hindre dei i å lese.

Sivertsen publiserte nyleg ein studie av dominansen til forfattarbetalingsmodellen. Han og medforfattarane estimerer at dei største utgjevarane globalt no tener meir enn to milliardar amerikanske dollar årleg på forfattarbetaling.

Flash photography, Sky, Building, Travel, Horizon, Wood

– Vi ser at dei forlaga som satsar på forfattarbetaling, veks mest når det gjeld tal på publiserte artiklar, seier Gunnar Sivertsen. Foto: Lina Christensen

Forlaga er blitt pådrivarar

– Det interessante er at dei landa vi har studert, har til dels ulik nasjonal politikk for open tilgang til forsking, men resultatet er mykje det same likevel. Vi konkluderer med at sjølv om alle dei aktuelle landa aktivt har stimulert til open publisering, så er det bransjen sjølv som har hatt styringa med korleis det skjer. Forlagsbransjen er blitt ein veldig pådrivar for open publisering, medan dei for berre nokre år sidan vart skulda for å stå i vegen, seier han.

Sivertsen peikar på paradokset i at open tilgang mellom anna var meint å hjelpe forskarar i det globale sør med å få tilgang til publikasjonar dei ikkje hadde råd til å abonnere på. No blir dei same forskarane i staden hindra i å bidra til forsking.

– For første gang i forskingshistoria ser vi at ein no må ha statleg finansiering for å kunne forske. Sivertsen fryktar at dei viktige ideane og forskingsbidraga frå folk utanfor akademia som ikkje har forskingsfinansiering, berre vil bli sjeldnare – stikk i strid med til dømes EU-planane for open vitskap.

– Fem prosent av dei norske artiklane i internasjonale tidsskrift er utan forfattarar ved institusjonar som får statlege midlar til forsking. I tillegg kjem at den nye føresetnaden om at institusjonane skal betale, medfører ein overdriven tillit til at det alltid er dei best kvalifiserte som blir tilsette eller får forskingsmidlar, seier han.

Den vitskaplege publiseringa aukar, og særleg hos forlag som krev forfattarbetaling. Denne fliken av informasjonsoverfloda er frå Gunnerusbiblioteket ved NTNU.

Dei kostnadsbasert tidsskrifta

Biblioteksjef Eriksson ved NTNU har ikkje noko enkelt svar på korleis økonomien i den vitskaplege publiseringa kan gjerast berekraftig.

–Men vi må få ein kostnadsbasert finansieringsmodell. Korkje dei store overgangsavtalane eller forfattaravgiftene er baserte på det faktiske kostnadsnivået, og når prisane aukar sterkt frå år til år, er det ei veldig konkret utfordring.

Også forskingsfinansiørane i Koalisjon S (sjå faktaboks) er svært opptekne av korleis ein kan løyse finansieringa. Eitt mogleg spor er dei såkalla diamanttidsskrifta, altså tidsskrift som er gratis både for lesarar og forfattarar.

–Det er ein god og berekraftig veg å gå. Diamanttidsskrift er baserte på dei faktiske kostnadene ved publisering, og det finst ulike publiseringsplattformer tilgjengeleg, seier Eriksson.

Når korkje lesarar eller forfattarar skal betale, må driftskostnadene dekkjast på andre måtar. Våren 2021 kom ei kartlegging av diamanttidsskrifta, tinga av Koalisjon S. Av dei kring 29 000 slike tidsskrift ein kunne finne, kjem nær halvparten ut i Europa, mange av dei er små og nasjonalt orienterte, gjerne drifta av fagmiljø, institusjonar eller vitskaplege selskap på ei blanding av luft, kjærleik og dugnadsinnsats. Men artikkelvolumet i slike tidsskrift har gått ned i takt med at volumet i tidsskrift med forfattarbetaling har gått opp. No har Koalisjon S i samarbeid med andre aktørar lansert ein handlingsplan for å støtte slike tidsskrift.

Diamant open tilgang

Det kan kome godt med, for diamantane kviler ofte på utrygg grunn. For eit par år sidan førte til dømes eit dekanvedtak ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium ved Oslomet til at diamanttidsskrifta som var drifta av fagmiljø ved fakultetet, brått mista all støtte. Tidsskrifta var i si tid blitt etablerte i tråd med planane til den dåverande høgskulen om å auke publiseringa på vegen mot å bli universitet.

Eitt av tidsskrifta måtte leggje ned. Eit anna, metodetidsskriftet Reconceptualizing Educational Research Methodology, driv framleis. Redaktørarbeidet er basert på «solidaritet og ideologi», som ein av redaktørane, Ann Merete Otterstad, uttrykkjer det, og med hjelp frå biblioteket til å finne ut av det tekniske.

– Vi har lært undervegs og jobbar kollektivt med alt frå å registrere artiklar som kjem inn, sende dei til blind-vurdering, følgje dei opp og publisere. Vi følgjer alle krav til eit akademisk tidsskrift og byrjar kjenne oss profesjonelle, men det har teke mykje tid, seier Otterstad.

Tidsskriftet er engelskspråkleg, og redaksjonen på fem består av fire frå Noreg og ein brite, der sistnemnde av og til tek språkvasken fordi det ikkje finst pengar til å kjøpe tenester utanfrå.

– For vår del gjev tidsskriftet ein veldig god inngang til internasjonalisering og til å rekruttere til forskingssamarbeid, og eg tykkjer det er merkeleg at ikkje fakultetet ser den større samanhengen og prioriterer å satse på det, seier Otterstad.

portrettfoto av Nina Karlstrøm

– Publiser-og-les-avtalar medfører at forskarar ikkje treng å tenkje på forfattarbetaling, for det er dekt av avtalane, seier Nina Karlstrøm. Foto: Sikt

«Bibliodiversitet»

Medan diamanttidsskrifta driv på ulike former for eksistensminimum i den eine enden av publiseringslandskapet, sit altså store kommersielle forlag og sopar inn forfattarbetaling som aldri før i den andre. Akkurat no pågår ein ny runde med forhandlingar om avtalar med dei store forlaga – minus Elsevier, som det vart inngått ny avtale med i vår. Nina Karlstrøm, seksjonsleiar i kunnskapssektorens tenesteorgan Sikt, fortel at medan den førre forhandlingsrunden handla om å vri avtalane frå abonnement til publiser-og-les, så er merksemda denne gongen retta mot å gjere avtalane betre.

– Forhandlingsprinsippa seier mellom anna at det ikkje skal vere avgrensingar på kor mange artiklar forskarane kan publisere ope, og at avtalane ikkje skal vere kostnadsdrivande, seier ho.

Dermed skal neste avtaleperiode vonleg unngå problematikken med oppbrukte kvotar.

Dei nye avtalane vil framleis vere overgangsavtalar og dermed ikkje gjelde lenger enn den magiske datoen 31. desember 2024.

– Hadde eg svaret på kva publiseringsmodell vi sit att med etter overgangsperioden, kunne eg nok tent gode pengar, seier Karlstrøm.

Sjølv trur ho ikkje vegen vidare vil gå i éi retning, men mange.

– I EU blir det snakka mykje om «bibliodiversitet», altså ulike modellar for finansiering og publisering. EU har lansert si eiga publiseringsplattform og har store planar for vidareutvikling, i fleire retningar. Og det er stor interesse for diamantmodellen der akademia styrer publiseringa sjølv.

– NTNU er tydelege på at tilsette skal publisere ope. Då bør ikkje ansvaret for å finne finansiering til forfattaravgift leggjast på den enkelte, meiner Thomas Dahl.

Fryktar auka maktkonsentrasjon

– Mi personlege meining er at det grunnleggjande problemet er at tidsskrifta er eigde av kommersielle forlag. Alternativet kunne vere at dei er eigde av forskingssystemet, og at forlaga konkurrerer om å utføre tenester for dei. Då ville ikkje forlaga kunne diktere prisane. Men vi har all mogleg respekt for at utviklinga er vanskeleg å endre, seier Sivertsen ved NIFU.

Sivertsen er sjølv opphavsmann til den norske ordninga med at nokre utvalde tidsskrift innanfor samfunnsvitskap og humaniora får langsiktig finansiering over statsbudsjettet, etter at han skreiv utgreiinga som ordninga er basert på.

– Det er ein god diamantmodell, som også Koalisjon S tykkjer er interessant.

Likevel peikar han på at det store biletet er at dei tidsskrifta som no ikkje er opne, typisk er mindre hum-sam-tidsskrift som er avhengige av abonnement for å støtte opp under dei små redaksjonelle ressursane sine.

– Dersom desse tidsskrifta må leggje ned etter 2024, sit vi att med dei store internasjonale forlaga vi har konsortieavtalar med, pluss dei nye «gull»-forlaga som Frontiers og MDPI. Og då har vi berre forsterka skeivheita og maktkonsentrasjonen i publiseringssystemet, seier Sivertsen.

Og dei 30 000 kronene? Dialogen mellom Dahl og NTNU munna ut i at instituttet vart oppmoda om å finne ei løysing. Enden på visa er at Dahl og medforfattaren no har fått tilbod om å bruke av annuum – ei form for personlege driftsmidlar – til å dekkje publiseringsavgifta. Spørsmålet om kva løysing som vil fungere best mogleg for flest mogleg, står med andre ord framleis ope.

– Open publisering var ein føresetnad fordi forskinga var finansiert av Forskingsrådet. Tidsskriftet eg publiserte i, er nokså nytt, forskardrive og ikkje-kommersielt. Eg sit sjølv i redaksjonsrådet.
Nils Fearnley Forskingsleiar, Transportøkonomisk institutt
– Vi valde eit ope tidsskrift frå lista over dei som er inkluderte i publiseringsavtalane våre. Vi har fond som kan dekke publiseringsavgift om det trengst, men denne gongen var det dekt av publiseringsavtalen.
Åse Høisæter Seniorrådgjevar, Noregs geotekniske institutt
– Vi har ikkje økonomi til å delta i publiseringsavtalane, og denne gongen fann vi ikkje pengar til å kjøpe fri artikkelen. Men eg sende, som eg alltid gjer, siste versjon til publisering i vitenarkivet vårt.
Tor Håkon Jackson Inderberg, Forskar 1, Fridtjof Nansens Institutt

Kva veg til open tilgang valde du for den siste artikkelen din?

Les også

Kvart år arrangerer Raudekrossen kurs på Finse i leiing av søk- og redningsaksjonar i vinterfjellet. Her leitar deltakarar etter ein person i eit snøskred. Foto: Heiko Junge / NTB