Ny koalisjon vil ha meir nyansert forskarvurdering
LUKK
Annonse
Annonse

Karriere:

Ny koalisjon vil ha meir nyansert forskarvurdering

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 18. november 2022 kl. 10:12

Fleire norske forskingsinstitusjonar går inn i eit europeisk samarbeid om å endre måten forskarar blir vurderte på.

I går gjekk fristen ut for å signere «Agreement on Reforming Research Assessment», ein europeisk avtale om reform av systemet for å vurdere forskarar og forsking, dersom ein ville delta på oppstartsmøtet i konsortiet som skal følgje opp avtalen. Ei rekkje norske institusjonar har signert avtalen på tampen, og går dermed inn i koalisjonen CoARA.

Noreg langt framme

Det har lenge vore openbert at dei tinga som gjev karrieremessig utteljing i akademia – først og fremst publisering av artiklar i prestisjetunge tidsskrift, og innhenting av eksterne forskingsmidlar – ikkje speglar det mangfaldet av aktivitetar ein gjerne vil at forskarar skal medverke til. Difor har det i mange år pågått eit arbeid internasjonalt for å endre på kva som skal vektleggast ved til dømes tilsettingar og tildeling av prosjektmidlar. San Fransisco-erklæringa om forskarvurdering kom for ti år sidan, og no føreligg altså den europeiske avtalen som mellom andre European University Association og Science Europe står bak. Den konstituerande generalforsamlinga finn stad 1. desember.

Samstundes har Universitets- og høgskulerådet (UHR) drive eit nasjonalt arbeid med reform av evalueringsregimet for forskarkarrierer. Ein rettleiar for vurdering i akademiske karriereløp vart lansert i 2021, og det er etablert eit nasjonalt nettverk, NOR-CAM-nettverket, der institusjonane kan dele erfaringar om korleis dei implementerer vurderingsrammeverket.

– Det viser seg at Noreg har vore tidleg ute med dette arbeidet, og no kjem det altså ein parallell europeisk prosess. Dersom ein allereie har byrja å arbeide med NOR-CAM, som mange institusjonar har gjort, så er det veldig lett å signere den europeiske avtalen, seier seniorrådgjevar i UHR, Ragnar Lie.

– Noreg har vore tidleg ute med dette arbeidet, og no kjem det ein parallell europeisk prosess, seier Ragnar Lie. FOto: UHR

– Saman med Nederland og Finland er vi eitt av landa som har vore tidlegast ute, og no verkar det som det er stor interesse ved institusjonane for dette arbeidet, og kanskje har vi greidd å avmystifisere kva det inneber å signere den europeiske avtalen.

Open forsking eit kriterium

I Nederland har universiteta og forskingsfinansiørane gått saman om eit nasjonalt program for å endre måten forskarar blir evaluerte på, slik at fleire aktivitetar kan bli meritterande. Ei rekkje universitet har innført eigne lokale variantar av programmet.

– Vi kjem uansett til å følgje opp arbeidet med NOR-CAM, og nokre institusjonar har spurt seg om vi eigentleg treng det europeiske arbeidet når vi allereie har det nasjonale. Men poenget er at dei styrkar kvarandre, og det er ein stor fordel for Noreg at det europeiske arbeidet har kome så langt som det har gjort. Til dømes vil det vere mindre behov for å forklare ny vurderingspraksis for internasjonale medlemmar i vurderingskomitear og liknande, seier Lie.

Ei rekkje norske institusjonar har signert den europeiske avtalen i timane før fristen for å delta på det første møtet i koalisjonen gjekk ut 17. november.

– UiT er opptekne av talentutvikling, og har dette som ein del av vår strategi, seier prorektor Camilla Brekke.

Prorektor for forsking og utvikling ved UiT Noregs arktiske universitet, Camilla Brekke, fortel at dei særleg kan medverke når det gjeld å insentivere open vitskap, som UiT har arbeidd med i mange år.

– Hos oss har open vitskap og open publisering meir og meir kome inn som forventing og krav til forskarane, og det går lenger enn berre publisering – det inkluderer til dømes opne data. Søker du opptak til doktorgrad hos oss, forventar vi at du har ein datahandteringsplan, seier ho.

Fagmiljøa skal dra prosessen vidare

Også Brekke peikar på at det nasjonale reformarbeidet som skjer gjennom NOR-CAM-nettverket gjer det enkelt for norske institusjonar å slutte seg til den europeiska avtalen.

– Det viktige framover er arbeidet som skal skje ved institusjonane. Vi må ta omsyn til mangfaldet av oppgåver som ligg til ein forskar, og nettopp difor er vi med på dette arbeidet.

Ragnar Lie i UHR meiner det er viktig å understreke at reformarbeidet tek høgde for at institusjonar og fagområde er ulike og at same modell ikkje vil passe alle. Både NOR-CAM og den europeiske avtalen er eit fleksibelt rammeverk.

– Vi ser at innanfor dette rammeverket er det rom for å arbeide med vurderingsmåtar som passar dei ulike fagområda, til dømes at kunstfaga vil ha behov for andre typar dokumentasjon av faglege resultat og kompetanse enn dei naturvitskaplege faga der den klassiske fagartikkelen dominerer. Men dette er jo nettopp det som no skal utviklast, og her er det fagmiljøa som skal dra prosessen vidare, seier han.

  • Les også: