Eg skal skriva fleire fanbrev
LUKK

Eg skal skriva fleire fanbrev

Av Helga Eggebø, forskar 1 ved Nordlandsforskning

Publisert 22. februar 2024 kl. 12:13

«Eg skal skriva minst eitt fanbrev i månaden», lovar gjesteskribent Helga Eggebø.

Eg har akkurat sendt ein e-post til ein vilt framand professor for å skryta av ein av tekstane hennar: «Det var jammen kjekk lesing! (…) Veldig fin og gjenkjenneleg tekst, som eg likte utruleg godt!» Eit akademisk fanbrev i digital form. Slike har eg bestemt meg for å skriva fleire av i 2024.

Eg har tidlegare hevda at det er «rom for meir ros i akademia», og i år har eg tenkt å trappa opp roseinnsatsen. Ikkje berre når eg blir beden om å fagfellevurdera, men også når eg har lese eller høyrt noko eg syntest var inspirerande. Det er fort gjort og kostar lite, men det kan bety veldig mykje.

For nokre år sidan kom eg over ein tekst i eit tidsskrift som fekk meg til å tenkja – og nesten ropa høgt for meg sjølv på kontoret – at ja, her trefte du spikaren på hovudet! Det der var eit jysla godt poeng! Eg søkte opp forfattaren, og etter å ha ruga litt på det sende eg ein entusiastisk e-post og spurde om ho hadde skrive meir om akkurat dette.

Forfattaren av teksten vart skikkeleg glad for e-posten og delte eit manuskript som ho jobba med til doktorgradsavhandlinga. Dette vart starten på ein fagleg dialog som har gått føre seg både på e-post og samtale på skjerm over ein kopp kaffi. Me har prata om arbeidet vårt, tipsa kvarandre om litteratur, kommentert kvarandre sine tekstar og til og med prata litt om livet. Skikkeleg fint, inspirerande og nyttig!

Eg trur ikkje ho hadde fått slike fanbrev så veldig ofte – kven har vel det – og ho har fortalt meg kor overraskande og utruleg motiverande det var å få skryt av ein framand person heilt ut av det blå. Då ho hadde disputert, sende ho meg ein kopi av avhandlinga i posten og eit foto av ein stolt doktor som poserte med blomar i hendene og rettleiarane rundt seg.

Då eg sjølv var ferdig med doktorgraden, kjendest det som om eg berre hadde sendt nokre tekstar ut i det store ingenting, og at absolutt ingen brydde seg. Fire–fem år seinare, på ein konferanse, opplevde eg at ein av hovudtalarane takka meg for avhandlingsarbeidet og sa at det var den eine artikkelen min som hadde inspirert han til å skriva boka han hadde presentert. Eg vart heilt «månebedotten», som me seier i Rogaland. Hadde arbeidet mitt verkeleg hatt betydning på fagfeltet?

Frå tid til anna dumpar det ei melding inn på Messenger eller i e-posten frå nokon som berre ville seia at dei likte ein tekst eg har skrive. Det er utruleg motiverande at andre får noko ut av skrivinga mi. Det er verkeleg ved til bålet, bensin til skrivemotoren.

Når sant skal seiast, trur eg ikkje eg er den einaste som set pris på ros. Det må bli meir av sånt i 2024. Eg skal skriva minst eitt fanbrev i månaden. Januar er i boks, og no er det berre å samla på fagleg entusiasme og senda rosen direkte til forfattaren.

Kanskje eg til og med skal spandera på meg å vera ein skikkeleg raring og senda eit handskrive fanbrev ved høve? Sirleg løkkeskrift med fyllepenn på tjukt papir. Det kunne vore noko å få i posten, eller kva?

  • Les meir frå Helga Eggebø: