Av Helga Eggebø, forskar 1 ved Nordlandsforskning
Publisert 28. april 2025 kl. 13:06
I 2020 skreiv eg om fagfellevurdering i denne spalta, og peika på at akademisk kritikk – i form av side opp og side ned om alt som er feil med manuset – sjeldan er til særleg hjelp i det vidare arbeidet. Eg slo eit slag for meir ros og mindre krass kritikk i fagfellevurderingar, og delte konkrete tips til framgangsmåte.
Dei siste fem åra har eg halde fram med fagfellevurdering og pusla for meg sjølv med å utvikla sjangeren.
Det første punktet på lista er å gjenfortelja innhaldet i manuset med eigne ord: «Slik eg les teksten, er føremålet å [sett inn], og analysane er baserte på [sett inn data og metode]. Hovudargumentet i artikkelen, slik eg les han, er [sett inn].» Dette er verken ris eller ros, men å visa korleis teksten ser ut frå mitt perspektiv. Erfaringsmessig er dette anerkjennande i seg sjølv. Fagfellen har lese og forstått kva eg vil seia! (Foreldra mine forstod meg aldri, men denne fagfellen forstår meg.) Å bli spegla, i form av eit slik resymé, er gjerne til stor hjelp. Dersom hovudargumentet ikkje var klinkande klårt for forfattaren sjølv, har du hjelpt til. Dersom du har misforstått, skjønar forfattaren kva hen må jobba med å få fram.
Denne strategien er eit svært godt alternativ til å skriva: «Hovudargumentet i teksten er uklårt. Det er faktisk eit mysterium for meg kva som er poenget i denne teksten, sjølv etter å ha lese han grundig to gonger.» Å gje slike tilbakemeldingar er latskap. Då har du ikkje prøvd å forstå. Då har du ikkje grave fram argumentet som vakar mellom dei uklåre setningane.
Etter resymeet prøver eg å koma med nokre konkrete forslag til kva som kan gjera teksten betre. Ikkje slik: «For at denne teksten skal bli bra nok, må du seriøst skjerpa deg på punkt x, y og z.» Heller: «Dersom eg skulle jobba vidare med denne teksten, ville eg vurdert å gjera x eller y.» Dersom det meste er knallbra, fokuserer eg på ros. Eg treng ikkje finna på innvendingar for å verka smart sjølv.
I fjor gjorde eg ei fagfellevurdering av eit manus for eit engelskspråkleg tidsskrift. Forfattaren var sjølv ein del av den gruppa hen forska på, og det er mangelvare innanfor det aktuelle fagfeltet. «Ingenting om oss utan oss» har vore eit viktig slagord på funksjonshemmingsfeltet, og det har overføringsverdi til studiar av migrantar, urfolk, skeive og så bortetter.
«Eg treng ikkje finna på innvendingar for å verka smart sjølv.»
Utfordringa var at det aktuelle manuset trong ein solid revisjon for å få det til å funka som vitskapleg artikkel. Eg kladda ned alle innvendingane mine, men skjøna fort at dette vart kjipe greier. Tenk om denne fagfellevurderinga vart spikaren i kista som fekk denne personen til å flykta frå akademia? Tenk om eg vart ei portvakt som stengde døra for folk og perspektiv som fagfeltet treng? Tenk om eg vart ein sånn som snakka fint om mangfald i akademia, men i praksis reproduserte ein kultur som favoriserer kvite, streite, ikkje-funksjonshemma middelklassefolk?
Det er ikkje den rolla eg ønskjer å ha. Derfor snudde eg på spørsmålet. Kva om tilbakemeldingane mine var akkurat det denne personen trong for å kjenna at hen har ei viktig rolle i fagfeltet, og krummar nakken og gjer den tunge jobben med å skriva ein artikkel som blir akseptert som vitskapleg?
Eg dikta opp ein retorisk situasjon der tilbakemeldinga mi var heilt avgjerande for å vera eller ikkje vera i akademia. Denne oppdikta situasjonen gav meg retning og energi i skrivearbeidet. Du har ein unik posisjon som forskar i dette feltet. Det er nokre ting eg ville jobba vidare med, men det trur eg blir kjekt!
Det fine med å vera fagfelle er at det ikkje er eg som skal koma med dommen. Eg formidlar sjølvsagt tilrådinga mi til redaksjonen, men eg legg mesteparten av arbeidet i å vera til hjelp for forfattaren. Eg øver så lenge eg lever.