Målet eg sette meg, var å skriva 30 minutt på artikkelen kvar dag.
LUKK

Målet eg sette meg, var å skriva 30 minutt på artikkelen kvar dag.

Av Helga Eggebø, forskar 1 ved Nordlandsforskning

Publisert 19. april 2023 kl. 11:03

Legg lista lågt nok, oppfordrar gjesteskribent Helga Eggebø.

Akademia er ikkje akkurat ein bransje som er kjend for at lista ligg lågt. Det som elles blir rekna som «lang høgare utdanning», er berre eit opptakskrav til forskarutdanninga, og berre dersom du oppnådde ein av to toppkarakterar, vel å merke. Etter tre til fire år med forskarutdanning kvalifiserer du i prinsippet til jobb som førsteamanuensis, men i dei fleste tilsettingsprosessar ligg lista mykje høgare enn det, og i praksis kvalifiserer ein ikkje til anna enn ei ny mellombels tilsetting. Sjølv som professor er du knapt noko anna enn ei grå mus dersom du ikkje leiar store EU-prosjekt, håvar inn midlar frå Forskingsrådet, tilset ein haug med folk i kvalifiseringsstillingar på prosjekta dine og publiserer i dei mest prestisjefylte internasjonale tidsskrifta.

Sjølv som nasjonal forskarkjendis med ERC consolidator grant» er det alltid ein skare av amerikanske forskarar som er uendeleg mykje meir suksessrike enn deg. «The sky is the limit», som dei seier på den andre sida av Atlanteren.

Ei stund går det gjerne bra å strekka seg mot himmelen, halda tempoet oppe, henga med og koma seg over lista som ligg stadig høgare. Men for mange av oss vil det før eller seinare skje noko som gjer at det ikkje går an å halda fram sånn. Fødselsdepresjon, skilsmisse, barn som ikkje vil gå på skulen, langcovid, eller kanskje er det berre den endelause straumen av nedbrytande tilbakemeldingar, som for mange i bransjen nyttar arbeidstida si til å utarbeida, som har fått deg ned i kneståande.

Livet har eit stort repertoar av kjeppar i hjula. I alle tilfelle vil det vera umogleg å ikkje ramla av lasset ei stund, og det er ikkje så lett å koma seg opp på hesten igjen når han galopperer så fort som akademia.

Då gjeld det å leggja lista lågt nok. Slik at ein ikkje riv ho med verken leggen eller panna, men kjem seg over med god margin. Legg lista på golvet dersom det er det som skal til. Det er betre å ha ekstremt låge mål og greia dei, enn å mislukkast med det som berre skulle mangla. Bittelittegranne meistringskjensle gjev meir energi til neste dag enn tankar som kvernar på alt du burde ha gjort, men ikkje greidde i dag heller.

Før 2022 hadde eg «skrivetid» i to timar kvar morgon mellom 0800 og 1000. Dette vart det ganske mange artiklar og kronikkar av. Men i fjor stilte livet med kjeppar i hjula, eg ramla av lasset, mista tråden i skrivetida og kom meg ikkje opp på hesten igjen. Eg hadde ei skisse til manus som vart liggande som ein verkebyll heile det året.

Etter nyttår kvinna eg meg opp for å ta opp tråden igjen, og då visste eg av erfaring at det var viktig å leggja lista lågt nok: Målet eg sette meg, var å skriva 30 minutt på artikkelen kvar dag. Eg sette klokka på nedteljing.

Himmelen er ikkje målet. Det må vera grenser. Tydelege grenser.

Første veka kom eg meg over den lista tysdag til fredag med grei margin. Det var sjølvsagt ikkje mykje eg hadde fått skrive, men eg var i gang igjen. Det blir uendeleg mykje meir tekst av litt skriving kvar dag enn av inga skriving.

Eg synest eg har vore råflink så langt! Eg har skrive kvar dag. Eller, i praksis har eg ikkje skrive kvar dag. Men eg innbiller meg at eg skriv kvar dag, og eg har ein rutine. Lista ligg lågt nok til at eg greier å ta opp tråden igjen når eg ramlar av lasset. Og jo fleire gonger eg mister tråden, jo meir trening får eg i å ta opp tråden igjen. Det er det eg skal bli god på, å ta opp tråden.

Dei 30 minutta med skrivetid er som basso continuo i barokkmusikken: Cembalo, cello og fagott speler ein grunnrytme som går og går i eit jamt tempo. Melodilinjene til fiolinen, fløyta og oboen går og går, dei også, gjennom kanon og repetisjonar, korte tema som kjem om att og om att i nye variasjonar. Løpa har ein jamn rytme som får det til å høyrast lett ut sjølv når fingrane må røra seg uforståeleg fort. Det er sjølvsagt umogleg å ikkje ramla av lasset frå tid til annan. Då gjeld det å ta opp tråden igjen ved neste repetisjon. Korte dansesatsar som avløyser kvarandre, blir til saman ein vakker suite. Eg elskar barokkmusikk!

Teksten er inspirert av mentorgruppa mi i Team Jacksons skrivekurs og Concerto Copenhagen si tolking av h-mollsuiten til J.S. Bach.

  • Les meir frå Helga Eggebø: