Slik fekk dei tid til å skrive, og betre trivsel på kjøpet
LUKK

Slik fekk dei tid til å skrive, og betre trivsel på kjøpet

Av Helga Eggebø, seniorforskar ved Nordlandsforskning

Publisert 11. oktober 2019 kl. 10:55

Felles skrivetid om morgonen og kaffipause etterpå: Det har vorte metoden mot einsemd og skrivesperre, fortel forskar Helga Eggebø.

Eg skriv mykje. Store delar av jobben min går ut på å skriva rapportar, vitskaplege artiklar, søknader, kronikkar og føredrag. I dei beste skrivestundene er det som om tankane berre flyg ut gjennom hendene og ned på papiret medan eg gløymer både tid og rom. Når eg så les gjennom teksten, er det lett å redigera ferdig eit godt og velskrive argument. Men som regel er skriving ganske hardt arbeid som eg får gjort meir på grunn av disiplin enn inspirasjon.

Sjølv om jobben i teorien handlar mest om skriving, så er der vanlegvis nok av andre oppgåver som tek fokuset og konsentrasjonen vekk frå det krevjande skrivearbeidet.

Som så mange andre i denne bransjen opplever eg at det kan vera vanskeleg å få sett av nok tid til å skriva vitskapelege publikasjonar.

Det er ein krevjande sjanger, og prosessane fram mot publisering er svært langdryge. Derfor er det fort gjort å skyva på dette arbeidet til fordel for ting som er lettare å gå laus på, og som gjerne hastar meir, slik som undervisning, føredrag, søknader, rapportar, møte, feltarbeid og reiser. Dermed blir gjerne artikkelskrivinga nedprioritert i kvardagane sjølv om det bør ha topp prioritet dersom ein tenkjer på institusjonens økonomi og prestisje og eigen karriere.

Eggebø, Helga
– Utan fellesskapet kan det også vera verre å halda motet oppe sjølv, skriv Helga Eggebø.

Skriv litt kvar dag

For å handtera desse utfordringane har eg utvikla ein skriverutine som eg synest fungerer ganske bra. Kort fortalt set eg av den første morgonfriske tida av arbeidsdagen til skrivearbeid, fortrinnsvis artikkelskriving.

Eg veit der er ein del folk som drøymer om å reisa på lange skriveopphald der ein sit i Paris, i Hellas eller på ei hytte og berre skriv. Lange dagar, dag ut og dag inn. Eg synest det høyrest ut som eit skikkeleg mareritt.

Endelause dagar kor ein berre skal skriva og med høge forventningar til alt ein skal få gjort. For min eigen del har eg meir trua på å skriva litt kvar dag alle dagar.

Eg har lese om fleire andre som nyttar same taktikken. Jeffrey J. McDonnell for eksempel, skreiv ein artikkel i Forskerforum om «Eintimesdagen»: «Jeg har utviklet et slags ritual: Jeg våkner tidlig, lager en espresso, og skriver til jeg er tom, eller til distraksjoner som e-post eller dagens tidsfrister og møter begynner å forstyrre. Det varer vanligvis omtrent en time.» Eg har altså ikkje funne på noko eineståande nytt, men eg kan la meg freista til å sitera det engelske uttrykket «Great minds think alike».

Kollektiv skrivetid

No i 2019 har eg teke del i å utvida konseptet til eit kollektivt løft. Me er ein liten gjeng på jobb som har etablert ein felles rutine. Me kallar det «skrivetid» – med påfølgjande «10-kaffi». (Dersom eg dreiv eit framtidsretta firma som skulle kursa folk i konseptet, skulle eg sjølvsagt etablert merkevara «Skrive10».)

Opplegget er slik:

Mellom 0800 og 1000 er det skrivetid (eller 09 til 10 for dei av oss som ikkje er på jobb før det). Når me kjem på jobb, er det berre éin einaste ting på dagsordenen: Skru på datamaskinen, opna det aktuelle dokumentet og skriv tekst.

Regelen er å ikkje opna e-post, ikkje sjekka nyheiter, ikkje sosiale media, ikkje drikka kaffi, ikkje skravla med kollegar, ikkje fylla ut reiserekningar og så bortetter.

Så sant det er mogleg å unngå, planlegg me heller ingen møte før 1000. I skrivetida er der ingenting anna enn meg sjølv og teksten.

Nokre dagar sit eg i ein–to timar og får ikkje skrive særleg brukbar tekst i det heile. Snarare stirer eg mykje av tida på skjermen med hendene tafatt plasserte på tastaturet. Eg prøver meg på nokre nølande setningar og stryk dei ut igjen. På sånne dagar prøver eg å trøysta meg med at stiring på skjermen må til for å få skriva ein annan dag. Stiring på skjermen er også arbeid, men det er frustrerande.

  • Les også:

Fagleg kaffipause

Heldigvis er det ikkje så veldig lenge til klokka er slagen, og så er det tid for eit kvarter felles kaffipause. Det er premien for god innsats. Det blir dessutan mange interessante faglege diskusjonar i kaffipausen etter skriving, fordi det er skrivinga og forskinga ein har i pannebrasken og ikkje morgonrutinane og avisoverskriftene.

Allereie før klokka halv elleve på morgonen er det dessutan på tide å gratulera seg sjølv med god innsats: Det mest krevjande målet for arbeidsdagen er allereie nådd! Det er ei god kjensle å ha med seg inn i resten av arbeidsdagen.

Etter pausen er det berre å gå laus på dei andre oppgåvene som ventar. Lesa og svara på e-post, organisera feltarbeid, lesa gjennom intervjutranskripsjonar, arbeida med ein søknad, møte, fylla ut timelister, gjennomføra datainnsamling, delta på prosjektmøte, gjera mindre krevjande skrivearbeid og så bortetter.

Skriveangst og stress

Korleis har denne rutinen fungert i praksis så langt? Det er ikkje alltid ting går etter planen. Det hender støtt og ofte at ein er nøydd til å gå på møte som andre har lagt til skrivetida. Plutseleg er folk sjuke, på feltarbeid, i møte, heime med sjuke ungar, og så blir det plutseleg ikkje felles kaffi på ei stund. Utan fellesskapet kan det også vera verre å halda motet oppe sjølv. Plutseleg må eg berre nett sjekka e-post om morgonen likevel, eller ordna noko administrative greier, og då er skrivekonsentrasjonen borte som dogg for sola.

I vinter har eg hatt nokre veldig intense månader med mange krevjande artikkelrevisjonar med dødlinjer oppå kvarandre. I den situasjonen har det på ingen måte vore tilstrekkeleg å skriva på artiklane éin–to timar om dagen. I staden for å gratulera meg sjølv med godt arbeid klokka 10, har dagane vore fylte med skriveangst, stress og redsle for å ikkje koma i mål same kor hardt og disiplinert eg arbeider. Men 10-kaffien har likevel vore eit slags haldepunkt i kvardagen – ein liten grøn oase i det eg har opplevd som ei endelaus og einsam ørkenvandring.

Letta ved å sleppa unna

Etter at dei aller vanskelegaste artikkelrevisjonane var gjorde og leverte, hadde eg vondt i armane og var heilt tom for sjølvdisiplin. Eg orka rett og slett ikkje skriva på morgonen, konstaterte eg, og let meg sjølv få lov til å bruka skrivetida på å gjera hjernedøde oppgåver som reiserekningar, arkivering av artiklar, bestilla flybillettar og rydda i dokumentmapper. På ein måte var det avslappande, behageleg og ei stor lette å berre sleppa unna litt.

Men samstundes visste eg at eg måtte skriva litt på den der rapporten i løpet av dagen uansett, og vart eigentleg mest sittande og grua meg til det. Derfor tok det ikkje mange dagane før eg var tilbake i skriverutinen. Eg synest som regel det er verre å grua meg enn å ta fatt på oppgåva. Derfor er det minst krevjande å ta det krevjande skrivearbeidet først, konstaterte eg.

Utan fellesskapet kan det også vera verre å halda motet oppe sjølv. Foto: Paul S. Amundsen

Einsam forskarjobb

Den store nyvinninga i 2019 er at skrivetida no er eit kollektivt prosjekt. For meg har det stor betydning. Eg synest det er mykje lettare å halda på rutinen når eg veit at me er fleire om det. Det krev rett og slett mindre sjølvdisiplin å gjennomføra ein kollektiv rutine enn å vera åleine om det. Sosialt samvær med kollegaer er dessutan ein langt betre premie enn ein einsam kaffipause med nettaviser og Facebook.

Forskarjobben er eigentleg altfor einsam for meg, men kollektiv skrivetid og felles kaffipause hjelper litt. Frå tid til anna spanderer ein av oss wienerbrød til kaffien, og så er det fest!

Den nemnde artikkelen til McDonnell hadde fått den klikkvennlege undertittelen «Slik lykkes du som forsker». Eg gjer som McDonnell og skriv ein time om morgonen, men er eg ein vellukka forskar? Det er ikkje ofte det kjennest sånn.

Ofte samanliknar eg meg med uendeleg mange andre som er mykje meir produktive, strategiske, framgangsrike, viktige, dyktige og vellukka enn eg. Og sjølv om eg får skrive ein artikkel no og då, kva er vitsen? Kven les dei, og kven bryr seg eigentleg? Eg synest ikkje at skrivetida hjelper særleg på slike tankar om min eigen verdi og meininga med (arbeids)livet. Men eg synest rutinen gjer det litt lettare å ha denne forskarjobben.

Trivsel er målet

Trikset for å få gjort krevjande arbeid er å skapa ei kjensle av trivsel og meistring. Det blir meir meistring når lista ligg lågt. Derfor er det nok med ein–to timar konsentrert skrivetid som dagleg rutine. Det blir meir trivsel av fellesskap. Derfor fungerer det med velfortent kaffipause og kollektiv klapp på skuldra.

Alle som har lyst til å ta del i rutinen, anten på Nordlandsforskning eller andre stader, er hjarteleg velkomne til å bli med oss! Eg føreslår at me ikkje har ambisjonar om å bli meir vellukka forskarar av dette, men at målet er å oppleva litt meir trivsel og meistring i kvardagen.

  • Les også: