– Om alle studentar brukar kunstig intelligens, blir alle fag like
LUKK

– Om alle studentar brukar kunstig intelligens, blir alle fag like

Av Per Anders Todal

Publisert 25. juni 2024 kl. 14:09

I 2003 tok Anders Johansen til orde for ambisiøs og personleg skriving i akademia. To tiår seinare ser det ikkje så lyst ut.

Kva fortel det om den akademiske kulturen når det blir avdekt omfattande plagiat i masteroppgåvene til statsrådar? Kva skjer med skriftkulturen når datamaskinene kan lage avhandlingar for oss? Og kva gjer det med tenkinga vår om vi mistar evna til å lese komplekse tekstar?

Anders Johansen er godt skikka for å snakke om desse emna. Som professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen tidleg på 2000-talet retta han for alvor merksemda mot arbeidsreiskapen sin. «Å skrive er å tenke», skreiv han i boka Samtalens tynne tråd frå 2003. Han skildra skrivearbeidet som sjølve essensen i vitskapleg arbeid, i alle fall i humaniora og samfunnsfag. Skrift er ikkje berre formidling av innsikt, det er i skrivinga vi vinn ny innsikt. Men dette var i stor grad oversett: «Metodelitteraturen berører ikke spørsmålet om hva som skjer når vi skriver», skreiv han.

– Det er ikkje slik at vi først finn ut noko og så skriv det ned. Når vi famlar etter orda, er det ein måte å presse fram forståing på. Vi tenkjer dei nye tankane i sjølve arbeidet med språket, seier Johansen, som sjølv er anerkjend som forfattar: 2008 fekk han språkprisen frå Språkrådet, og i 2020 fekk Komme til orde Kritikerprisen som beste sakprosabok.

Personleg skrift

I 2010 vart Anders Johansen professor i sakprosastudiar, i dag er han 71 år og emeritus.

– I akademia har neppe skrivekunsten fått betre vilkår dei siste 20 åra?

– Eg vart møtt med interesse etter at Samtalens tynne tråd kom ut, og har opp gjennom åra fått ein god del invitasjonar til å halde foredrag om det å skrive.Men at dette er ein viktig del av det vitskaplege arbeidet, er nok underbelyst enno, ja.

I Samtalens tynne tråd tok Johansen til orde for personleg, konkret og stilmedviten skriving som ein måte å kome tettare på problemstillingane og røyndomen på. Men norske forskarar har hatt sterke insentiv for å skrive heilt annleis. Teljekantsystemet frå 2006 premierte publisering på engelsk i internasjonale tidsskrift. Same år var Johansen med på å starte eit professoropprop mot teljekantane.

– Vi som laga oppropet, uroa oss over at forskarar nærast vart pressa til å skrive på engelsk. Når vi ikkje skriv på morsmålet, blir vi fattigare på språklege og intellektuelle ressursar. Ein av våre beste samfunnsvitarar har sagt at han berre har 80 prosent av kapasiteten sin når han skriv på engelsk. Det trur eg mange kan skrive under på, seier Johansen.

– I ditt eige språk kjenner du nyansane og kan skrive langt meir presist og kreativt. Dette er språket du lever i, og det gjev samanheng mellom faglege spørsmål og personleg erfaring.

Formelspråk

Premieringa av kvantitet har òg følgjer for kvaliteten, påpeikar Johansen.

– Når du blir oppmuntra til å publisere mest mogleg, er det naturleg å bruke minst mogleg innsats på språket. Det forenklar produksjonen om du nyttar eit formelspråk som du veit blir verdsett i bestemte fagmiljø. Eg trur dessverre dette gjekk som vi frykta da vi laga oppropet. Teljekantsystemet i si opphavlege form er avvikla, men måten å vurdere forsking på lever framleis.

– Den tenkjande skrivinga du taler for, er vanskeleg å gjere raskt?

– Vitskap er sakte arbeid, om du tek det alvorleg. Det spørst kva du vil med forskinga di: Vil du berre bli publisert, eller vil du skrive noko som kan lesast med utbyte om 20 år? Er du ute etter å avdekke ei sanning, eller er du ute etter publikasjonspoeng?

Ofte er svaret det siste, meiner han.

– Akademisk skriving er ofte formelprodusert: ein teoridel, eit metodekapittel, ei oppramsing av funn. Mykje er rituell knebøying, ikkje ei verkeleg mobilisering av intellektuelle ressursar for å kaste lys over ei sak. Om du har eit ambisiøst forhold til språket, er ikkje fagomgrepa nok. Da må du ty til ditt eige ordforråd.

Fagsjargongen kan òg brukast til å demonstrere kompetanse, seier Johansen. Men dette språket tek bort trykket for å kome tettast mogleg inn på saka.

– Spesialomgrepa kan du sjølvsagt bruke når det ikkje er andre løysingar. Men svært mange ting let seg ikkje verkeleg gripe med det konvensjonelle fagspråket. Vi seier gjerne at fagomgrep er tankereiskapar, men dei er ikkje alltid dei skarpaste reiskapane.

Sandra Borch gjekk av som minister for forsking og høgare utdanning i januar etter at det var avdekt omfattande plagiat i masteroppgåva hennar i juss. Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Maskinskrift

Også sjølve skrivereiskapen påverkar måten vi skriv på, påpeikar Johansen.

– Skriving er manuelt arbeid, og alle skriveteknologiar gjer noko med tenkinga. Kvar metode opnar og lukkar nokre mogleikar. Da eg skreiv på skrivemaskin, vart manusbunkane tjukke fordi eg måtte klippe ut og lime tekst på arket fysisk. Og med skrivemaskin bør du helst tenkje kvar setning ferdig i hovudet. Med datamaskin er det lettare å prøve seg fram.

– Med digital tekstbehandling er det truleg òg lettare å bli freista til å lime inn tekst frå andre?

– Det kan godt tenkjast. Operasjonar som er enkle å utføre, er generelt lettare å ty til. Og når du kopierer og limar inn noko på pc, ser det jo straks ut som ein del av din eigen tekst.

I tillegg kan tekstbehandling ha andre biverknader:

– Lengda på bøkene auka etter at det vart vanleg å skrive på pc. Ein fin typografi kan svekke den kritiske sansen. Før såg manusarka fæle ut, med innskot, overstryking, piler og lappar. Med pc ser teksten ferdig ut med ein gong. Dermed blir det mindre motstand i skrivinga. Det kan i seg sjølv ha uheldige sider, for det kostar noko å skrive ambisiøst.

På andre sida gjev digitalteknologien tilgang til kjelder i eit omfang som før var utenkjeleg. Anders Johansen hadde stor glede av dette da han arbeidde med Komme til orde, eit nesten tusen sider langt verk om politisk kommunikasjon i Noreg frå 1814 til 1913.

– Den boka hadde neppe vore mogleg å skrive utan digitaliseringa av kjelder som Nasjonalbiblioteket har utført. Eg kunne sitje på kontoret og få umiddelbar tilgang på eit enormt historisk materiale, og det gjorde det mogleg å handtere breie problemstillingar.

Avskrift

Kjeldetilgang er éin ting. Å skjøne korleis ein kan bruke kjeldene, er noko anna. I vinter vart det avslørt omfattande avskrift utan kjeldetilvising i masteroppgåvene til forskingsminister Sandra Borch og helseminister Ingvild Kjerkol.

– I denne debatten vart det klart at ikkje alle studentar ser skilnaden mellom å bruke kjelder og å stele arbeid andre har gjort. Det var tydeleg at Kjerkol sjølv ikkje skjønte at ho hadde gjort noko gale. Ho trudde det var slik ein lagar akademiske tekstar.

Problemet er ikkje berre kopieringa, men òg kunnskapssynet som vart vist fram, meiner han.

– Når Kjerkol oppfatta kopiering av tekst som ein legitim metode, tyder det på ei oppfatning av at sanning er noko du finn i autoritativ skrift. Ho snakka om at ho hadde brukt «same metode» som andre, i tydinga «dei same orda». Men metoden avheng jo av oppgåva du skal løyse. Det er difor studentar må skrive metodekapittel, seier Johansen.

– Om kunnskap er identisk med autoritative tekstar, om det er der du finn den eine, rette måten å formulere kunnskap på, gjev slike utsegner meining. Men eg er overraska over kunnskaps- og språksynet som ligg i botnen her. Eg trudde vi levde i ein mogen skriftkultur.

– I eit intervju i Khrono 5. mars sa Sandra Borch: «Jeg tror alle som skriver master henter litt her og der, limer inn i et dokument for så å skrive det til sitt eget.»

– Eg håpar det ikkje stemmer. I så fall er det eit endeleg farvel til grunnleggjande akademiske verdiar. Vi må jo ha som mål å finne ut noko med det vi gjer. Om klipp og lim er så vanleg som Borch hevda, har vi mista fundamentale trekk ved akademisk kultur.

Også i masteroppgåva til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol vart det avslørt omfattande avskrift utan kreditering. Ho gjekk av 19. april. Foto: Lise Åserud / NTB

Robotane kjem

Kyniske studentar fekk ein ny reiskap seinhaustes 2022. Med ChatGPT vart generativ kunstig intelligens allment tilgjengeleg, og juks vart langt vanskelegare å avsløre.

– Å bruke ChatGPT til å skrive akademiske oppgåver er ei sluttføring av den mest konvensjonelle måten å bruke språket på. Kunstig intelligens genererer jo setningane ut frå konvensjonar og det statistisk sannsynlege, seier Johansen.

– Om målet med eit studium er å produsere tekst, er det rasjonelt å late ChatGPT skrive for deg.

– Ja, om det er det du er ute etter. Men om oppgåva skal vere ein kunnskapsprøve, er det meiningslaust å kopiere. Du skal jo vise kva du kan, ikkje kva slag dataprogram du klarer å bruke. Om alle studentar brukar kunstig intelligens, blir alle fag like, seier Johansen.

I tillegg kan kunstig intelligens gjere meir fundamental skade i akademia, fryktar han.

– Brukar du kunstig intelligens til å skrive, forsvinn alt det som ligg bak god skrift: det ordentlege arbeidet med språket, der du brukar heile di levde erfaring til å leite etter ord og vinne ny innsikt. Det er i dette arbeidet du kan kome fram til noko nytt og uventa, ting som berre du kan skrive, fordi du har levd det livet du har levd, seier Johansen.

– Allereie ved å nytte dei ferdige definisjonane og standardspråket på fagfeltet mistar du mykje. Og med ChatGPT forsvinn erkjenninga heilt frå skriveprosessen.

Tapt leseevne

Ein siste dystopi: Storparten av dei språklege ressursane vi nyttar når vi skriv, stammar frå eiga lesing. No er lesinga i sterk tilbakegang, og det fysiske boksalet stuper. «Når den faktiske lesingen av bokstaver på en bokside blir et slags nisjefenomen, er ikke det grunn til bekymring, det er grunn til panikk», skreiv Bernhard Ellefsen i Morgenbladet i september i fjor.

– Om vi les mindre, krympar det språklege arsenalet. I så fall tenkjer vi truleg dårlegare òg?

– Det handlar ikkje berre om lesing. Dei språklege ressursane stammar frå heile livserfaringa vår. Men lesinga utvidar språksansen, og det er i lesinga vi lærer å følgje lange, komplekse resonnement. Dette er dei store ressursane i skriftkulturen. Eg er ikkje sikker på om skjermane kan erstatte det heilt ut, seier Johansen.

– I alle fall kan det aldri erstatte boka om vi berre skrollar og les nokre snuttar her og der. Det er ikkje mogleg å forstå Hegel på det viset. Og om vi ikkje lenger er i stand til å lese originalskriftene til Hegel, har vi fjerna viktige føresetnader for heile den akademiske kulturen.

Anders Johansen har ikkje undervist eller rettleidd på over ti år. Men kollegaer fortel at det har blitt vanskelegare å få studentar til å lese lange tekstar.

– Ved Universitetet i Oslo held Espen Ytreberg kurs for å lære studentar å lese lenge og konsentrert. Det er flott at han tek den jobben, men det er urovekkande om det er naudsynt. Eg vil ikkje vere ein slik som klagar over ungdomen. Men eg har sjølv merka korleis eg ganske fort blir dårlegare til å lese lange bøker når eg brukar mykje tid med skjerm, seier Johansen.

– Mykje boklesing kan nok erstattast med daglegtale, journalistspråk eller lydbøker. Men det finst former for litteratur som berre er mogleg å tileigne seg gjennom fordjuping i eit strevsamt lesearbeid.

– Kva går tapt om vi ikkje lenger klarer å lese slike verk?

– Da vil det snevre inn språket og dei intellektuelle ressursane vi har til rådvelde. Vi mistar ikkje alt. Men vi mistar noko viktig. Kanskje står det om nokre eigenskapar – evne til klargjering, teoretisk fantasi – som til no har gått for å være eminent vitskaplege.

Sandra Borch og Ingvild Kjerkol har fått høve til å kommentere kva Johansen har ytra om dei. Berre Kjerkol har svara:

«Johansens beskrivelse av mitt kunnskapssyn er basert på hans subjektive oppfatning, ut fra hva han har fanget opp i media. Jeg håper norske studenter opplever å bli vurdert objektivt i tråd med formålet for høyere utdanning, beskrevet i universitets- og høyskoleloven.»

Les også: