Her er dei beste skrivetipsa frå forskarane
LUKK

Her er dei beste skrivetipsa frå forskarane

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 4. januar 2018 kl. 20:07

Norske forskarar skriv fleire artiklar enn nokon gong. Kva er trikset for å få skrivinga unna?

– Det er ikkje noko eg gler meg til, seier ph.d.-student Marie Pontoppidan.
– I starten gjorde eg det fordi eg måtte. No har eg i tillegg ei von om at nokon kanskje kan lese og få nytte av det.
Ho har mastergrad i meteorologi og forskar no på regional modellering ved Uni Research i Bergen, og det ho snakkar om, er vitskapleg artikkelskriving. Artiklar er den viktigaste valutaen i forskingssystemet. Verda blir om lag to millionar forskingsartiklar rikare kvart år, og norske forskarar publiserte nesten 13 000 av dei i 2015, ifølgje den siste indikatorrapporten frå Forskingsrådet. Vekstraten er mellom dei høgaste i Europa. Dette er, ifølgje styresmaktene, ei god utvikling. Det kan ein sjølvsagt stille spørsmål ved, men det er ikkje ærendet vårt her. I staden spør vi: Når systemet er som det er, korleis innrettar dei seg, forskarane som sit og skriv alle desse artiklane? Og ikkje minst, kven prøver dei å nå?

Les også: Forskningsartikler har blitt vanskeligere å lese: – Skriv så «bestemor» kan forstå det 

Marie Pontoppidans skrivetips: • Oppsøk akademiske skrivekurs og andre skrivegrupper tidleg i karrieren. • Organiser innhaldet og strukturen i teksten du skal skrive, før du startar å skrive han.

Om å lære å skrive
Lynn Nygaard er forskar og spesialrådgjevar i vitskapleg publisering ved Fredsforskingsinstituttet (PRIO), og held jamleg kurs i akademisk skriving for PRIO-forskarar og andre. Hennar erfaring er at forskarar flest lærer å skrive gjennom osmose – ein skal liksom berre suge det opp frå omgjevnadene.
– Den rådande ideen er at kan du faget ditt, kan du også skrive om det. Rett nok var det endå verre før: Då fekk du berre tildelt ein pc med beskjed om at ver så god, set deg ned og skriv i ein heilt annan sjanger enn du lærte på skulen. Men framleis kjenner mange seg dumme fordi dei ikkje knekker skrivekoden med ein gong, seier ho.
– Eg trur eg berre lærte av å sjå på andre sine artiklar, stadfestar Glen Peters, forskingsleiar ved CICERO senter for klimaforsking, der han forskar på internasjonal utsleppsfordeling og handel, mellom mykje anna. Han kan skryte av å vere ein av Noregs «highly cited researchers», som vil seie at han over ein tiårsperiode har produsert ei rekkje artiklar som er mellom dei éin prosent mest siterte innanfor feltet sitt, slik Web of Science måler det.
Marie Pontoppidan er om lag halvveges i doktorgradsperioden og er snart klar til å sende inn den første av tre artiklar ho må skrive for å få graden godkjend. I fjor tok ho tak og melde seg på eit firedagars skrivekurs i regi av den nasjonale forskarskulen for klimaforskarar.
– Ein får jo råd frå rettleiarane, som er med på å skrive. Men om ein ikkje oppsøker eit kurstilbod, ser eg ikkje heilt korleis ein skal få til å skrive desse artiklane, seier ho.
Det var ikkje mykje trening å få før doktorgraden.
– Eg tykkjer vi skreiv relativt lite. Vi måtte skrive nokre rapportar og slikt, men eg sakna tilbakemeldingar. Du får ein karakter, men den seier ingenting om kva som er bra eller dårleg. Så det kjem veldig bardus på når ein skal skrive ei masteroppgåve.

Les også: Hun brukte a-endinger i forskningsartikkelen. Da fikk hun denne tilbakemeldingen. 

Stian Suppersberger Hamres skrivetips: • Skriv om noko som har interesse for fleire enn berre akademikarar. • Vitskaplege artiklar blir oftast betre når ein samarbeider med andre, gjerne frå andre disiplinar. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

I same by sit Stian Suppersberger Hamre og forskar på migrasjon og mobilitet i mellomalderen, mellom anna ved å analysere skjelettmateriale frå arkeologiske utgravingar. Resultata presenterer han både i artikkel-, kronikk-, og endåtil i bokform.
– Eg har aldri teke noko skrivekurs, men eg har det meste av utdanninga mi frå Australia og England, og der var heile undervisinga basert på at vi skulle skrive korte oppgåver på 1500 ord eller så. Eg skreiv nok ein 18–20 slike i året, seier Hamre.
Ein viktig lærdom vart han innprenta frå dag éin: Skriv kort og presist.
– Då eg tok grunnfag her i Noreg, gjekk oppgåveskrivinga ut på at ein måtte produsere eit visst minimum av tekst. I utlandet var det i staden maksgrenser. Kort og presist er framleis mi viktigaste retningsline.

Om vanskane ved å skrive
Hamre brukar mykje tid på å flikke på språket i samarbeid med medforfattarar.
– Det ligg veldig mykje tid bak dei få sidene som blir publiserte. No er ein artikkel gjennom så mange prosessar at når det først kjem ut, er det som regel greitt. Men det blir aldri bra første gongen, og ikkje andre gongen heller. Innhaldet skal jo vere det viktigaste, men du får ikkje fram noko innhald om språket er dårleg.
Han trøystar seg med at han blir flinkare.

 Les også: – Det vitenskapelige språket er og blir engelsk.

– Når ein les noko ein skreiv for lenge sidan, og som ein trudde var bra … Eg orkar ikkje å bla langt i masteroppgåva mi. Sjølv doktoravhandlinga ville eg nok gjort annleis i dag.
Peters ved CICERO har derimot gripe seg sjølv i å lese gamle artiklar og tenke: Jammen var eg smart den gongen!
– Tidlegare hadde eg meir tid til å pusse på språket. No er det berre snakk om å bli ferdig og få det ut. Antakeleg gjer det at kreativiteten og kvaliteten på det ein skriv, går ned. Dessutan er timinga viktig. Du kan bli refusert frå gode tidsskrift fordi du var tidleg ute med ideen, og feltet var ikkje klart for å ta imot. Når du meiner at rette augneblinken er inne, kan du ikkje bruke eit ekstra år på å perfeksjonere, du må få det publisert.

Om å tvile på seg sjølv
På kursa ho held, opplever Nygaard at mange trur skriving går ut på å produsere eit dokument, som ein skriv éin gong, når forskingsprosjektet er slutt. Og at det vil bli lettare for kvar gong.
– Så lurer dei på kva dei gjer feil sidan det ikkje blir rett første gongen. Mange forskarar tenkjer eigentleg ikkje på seg sjølve som skrivarar, og så byrjar dei å tvile: Kva er gale med meg, eg har jo så mykje å seie, kvifor blir det ikkje bra, det eg skriv? Er eg kanskje ikkje eigna til å drive med dette? Mykje av arbeidet mitt går ut på å fortelje folk at nei, du gjer det ikkje feil, det er berre vanskeleg.
Særleg forskarar innan naturvitskaplege og teknologiske disiplinar har ein tendens til å skilje mellom forsking og skriving, fortel ho. Forskinga er spennande, skrivinga er eit nødvendig vonde.

Lynn Nygaards skrivetips:
• Set av 30–60 minutt kvar dag til å skrive. Ikkje vent til du har åtte ledige timar.
• Hugs at skrivinga òg er eit tankeverktøy. Det meste må skrivast om att.
FOTO: ERIK NORRUD

– Ja, det høyrest kjent ut, seier ph.d.-student Pontoppidan.
– Eg skulle gjerne ha sloppe å skrive. Men ein må publisere resultata, elles er det jo ingen vits, og på feltet mitt er det no eingong artiklar som gjeld. For meg er det slik at eg først må ha noko å skrive om. Så eg startar skrivinga seint i forskingsprosessen. Når eg då først startar, dukkar det gjerne opp ein masse nye ting eg vil undersøke, så det er ikkje gjort over natta.

Les også: Jeg skriver på norsk med høye ambisjoner

Ho brukar mest tid på strukturen og språkføringa.
– Det er noko med å greie å halde seg til det eg skal i dette avsnittet, og når eg byrjar på neste avsnitt, skal det helst vere ein fin overgang, og alt skal ha ein god flyt som gjer at lesaren forstår kvar eg vil. Det er veldig vanskeleg, og når ein jobbar med noko over lang tid, blir ein heilt blind og gløymer kva lesaren veit og ikkje. Ein tykkjer sjølv at det ein skriv, er klinkande klart, og så kjem det ein lesar utanfrå og forstår ingenting.

Om motivasjon
Når statsrådar og rektorar skryt av høge publiseringstal, gløymer dei som regel å nemne kva alle artiklane skal vere godt for. Det er vanskeleg å skaffe tal på i kor stor grad artiklar blir lesne, men vi veit at dei fleste artiklar sjeldan eller aldri blir siterte, sjølv i dei mest prestisjetunge tidsskrifta. Og at ein artikkel er sitert, vil ikkje seie at nokon har lese han.
– Presset til å publisere mange artiklar, på kostnad av alle andre former for produktivitet, har auka enormt det siste tiåret, utan at det verkar som ein har tenkt særleg kritisk over kva for funksjon artiklane skal fylle, seier kurshaldar Nygaard.
Studiar av sidevisingar og deling av artiklar gjennom det akademiske referanseverktøyet Mendeley viser at i den grad artiklar blir lesne, er det doktorgradsstudentar som les mest. Professorar les nesten like lite som lågaregradsstudentar.
Om ingen les artiklane dine, korleis skal du då motivere deg til å skrive dei?
– For meg står det om ein doktorgrad, så eg må berre få tinga mine publisert, seier Pontoppidan.
– Men når eg først må leggje så mykje arbeid i det, og eg gjerne vil halde fram i faget, så hadde det jo vore kjekt om nokon ville lese det. Og særleg hadde det vore kjekt om eg blei sitert.
Ingen av forskarane våre legg skjul på at dei skriv fordi dei må. Men alle prøver å finne djupare meiningar med det.
– Det har jo ein verdi å få ut bitar av ny kunnskap som nokon kan bygge vidare på, slik at ein får eit betre bilete – det vonar eg, i alle fall, seier Suppersberger Hamre.
– Og samstundes gjeld det å prøve å bygge ein akademisk karriere så ein kanskje endar i ei permanent stilling. Skrivinga har sin funksjon, ein kan ikkje berre slutte å skrive.
– Eg finn motivasjon i ein kombinasjon av at eg likar å skrive, og at nokon kan bruke det eg skriv, seier Peters ved CICERO.
– Gjer du ei oppdaging, vil du gjerne ha namnet ditt på det. Eg vil gjerne vere den første til å sjå noko nytt. Og eg blir motivert av å sjå at arbeidet mitt har innverknad, i form av siteringar, medieomtale og deling på sosiale medium. Så det er litt deprimerande, det du fortel meg om at så mykje forsking ikkje blir lesen.
For å nå ut skriv både han og dei andre i ulike format. Peters er svært aktiv på Twitter, og han har etter kvart skrive mange bloggpostar.
– Då når du andre lesarar og kan vere mindre formell. Ein av grunnane til at eg gjer det, er at eg har mange idear som eg berre ikkje har tid til å skrive artiklar om. Ein bloggpost tek éin dag å skrive, og ein slepp alle korreksjonane og referansane.
Av og til held ikkje motivasjonen til å skrive artiklar heilt fram til målstreken, fortel Nygaard. Nokre har høg sjølvtillit og produserer jamt eller stigande utover i karrieren. Andre gjer berre det dei må, og når dei har fått professorat, fyller dei tida med undervising, rettleiing, paneldeltaking – med kva som helst anna enn å skrive.
– Og nokre blir rett og slett lei av fagfeltet sitt, kanskje er dei blitt for einspora, eller feltet kan ha blitt akterutsegla av samfunnsendringane. Ein god forskar må kunne forandre seg med tida.

Om å ønskje seg lesarar
Forskerforums stikkprøver tyder på at forskarar ikkje har særleg klart for seg kven dei skriv for.
– Eit fellestrekk for akademiske skrivarar er at dei skriv til pc-en sin, ikkje til ein lesar. Dei er ikkje så opptekne av å velje tidsskrift basert på målgruppe, men meir opptekne av om teksten er passe lang. Dei ser på artikkelen som ein nøytral rapport om det dei har forska på, og tenkjer ikkje på kven lesaren er, og kva vedkomande treng å vite, seier Nygaard.
Det hjelper neppe at det er uvanleg å få tilbakemelding frå lesarane, anna enn tørr statistikk om nedlastingar og siteringar – om du er så heldig å få nokon.
– Ofte er det viktigare at noko blir publisert, enn kva innhaldet er. Slik fungerer systemet, og eg ser inga snarleg endring på det, seier Suppersberger Hamre.
– Det hender at nokon deler det på Facebook, eller at noko eg har skrive, blir kommentert i andre artiklar seinare. Om eg ser at nokon i det heile har vore inne og sett på artikkelen, er det oppløftande.
Heller ikkje Peters, som altså er i den heldige situasjonen at han ofte blir sitert, skriv for eit spesielt publikum.
– Men no for tida føretrekkjer eg å skrive kortare tidsskriftartiklar. Det kjem delvis av at eg tykkjer det er slitsamt å lese artiklar. Du må gjennom så mykje unødvendig tekst for å kome til poenget. Mange artiklar startar med å skildre ting som allereie er kjende. No likar eg ikkje lenger å skrive metodedelen, for den er akkurat den same som i dei tidlegare artiklane mine. Eg kunne berre vise til dei. Men då kjem fagfellevurderarane og seier: Kan du skildre metodane dine?

Glen Peters’ skrivetips:
• Skriv først ned alt du tenkjer. Deretter kan du organisere, sortere og forbetre.
• Finn ei innramming som kan koplast til aktuelle og relevante diskusjonar, slik at du skapar kontakt med folk.
FOTO: ERIK NORRUD

Om å vite kva som er viktig
Publisering og skriving er dessutan mykje meir taktisk enn mange tenkjer på, hevdar Peters. Å drive god forsking er viktig, men ikkje nok.
– Det betyr noko kven du er. Om du er ein ung ph.d.-student med eit ukjent namn, er det vanskelegare å få merksemd. Så må du tenkje på kva tidsskrift du skal prøve deg på, korleis redaktøren kan respondere, korleis du bør presentere materialet. Du må rett og slett tenkje på strategien.
Suppersberger Hamre tykkjer det som skjer etter at artikkelen er publisert, er minst like viktig som artikkelen sjølv: Når han prøver å gjere funna frå dei gamle skjeletta tilgjengelege for eit større publikum.
– Har du først utretta noko du tykkjer er fornuftig, bør du jo prøve å spreie det. Men skal dei populærvitskaplege formata vere truverdige, så må du ha ein akademisk artikkel i botnen. Det er der detaljane blir gjennomgått, og det kjem fram kor bra arbeidet eigentleg er.
Det er ph.d.-studenten Pontoppidan samd i.
– Dei vitskaplege artiklane mine blir jo ikkje lesne av mannen i gata, så dersom ein vil at samfunnet skal få noko att for pengane, så er populærvitskapleg skriving vel så viktig, meiner ho.
PRIO-forskar Nygaard har ein draum om at systemet skal kunne gje rom for å utforske andre typar sjangrar og språk når ein skal publisere forsking.
– Sjølv om eg jobbar mykje med å hjelpe folk med artiklar, så tykkjer eg det er bra å tenke kreativt om korleis ein best kan kommunisere forskinga si, og kven som treng å høyre om det. Kanskje hadde det vore betre å lage ein film?
Men publiseringskrava gjev ikkje mye rom for slikt.
– Så skriv ein i staden endå ein artikkel som ikkje blir lesen. Det tykkjer eg er trist, seier Nygaard.

Les også: