Korleis er det å bruke nynorsk i akademiske samanhengar?
LUKK

Mindretalsmålet:

Korleis er det å bruke nynorsk i akademiske samanhengar?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 18. april 2023 kl. 16:51

– Fordelen med å skrive nynorsk er at ingen torer å røre det, seier Ole Våge.

I to spalter har det handla om at bruk av radikalt bokmål i akademiske samanhengar kan vekkje negative reaksjonar.

Men korleis er det som fagperson å bruke nynorsk? Båe ekspertane våre er nynorskfolk, så då spør eg dei.

Våge: Fordelen med å skrive nynorsk er at ingen torer å røre det! Når eg har skrive kronikkar på nynorsk i dagsaviser, har ingenting språkleg vorte endra, truleg sidan dei fleste ikkje kan nynorsk så godt. Eit døme på at nynorsken kan vere ei ulempe: «Omgrep» er eit ord eg alltid må forklåre. Når eg skal halde ein presentasjon i ein nordisk samanheng, skriv eg «begrep» i parentes.

Kristiansen: Eg kjenner på det same. I dialekten min heiter det «begrep», og «omgrep» kling framandt. Det er attpåtil eit viktig ord i fagområdet mitt, terminologi. Av og til har eg spurt på førehand om det er greitt at eg bruker «begrep». Då har eg fått lov! Eg vel helst formene som ligg nærast dialekten min, som «me» i staden for «vi». Dei einaste gongene eg har vorte retta på, er vel når eg har skrive i kanalane til Språkrådet. For revisjonen av ordbøkene er det fastsett eit sams redaksjonsspråk. Dette språket har ikkje alltid formene eg ville ha valt, men det er gjort for å vere einskapleg.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse. Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Her uttalar dei seg berre på vegner av seg sjølve. Foto: Moment og NHH

Våge: Denne typen uformell sanksjonering og hierarki mellom former finst nok mest i språkvitskapane. I andre disiplinar trur eg det mest er eit spørsmål om ein bruker nynorsk eller ikkje, ikkje kva slags nynorsk. Faget til meg og Marita – terminologi – er normerande. Vi tilrår noko framfor noko anna. Dersom ein vil skrive nynorsk fagspråk, er det nok opnare enn i bokmål kva ord og former ein skal velje. Slik sett kan det nok vere meir krevjande for fagfolk som bruker nynorsk. På bokmål kan ein i større grad følgje straumen.

Kristiansen: Eg som jobbar ein del med å etablere norsk fagspråk under press frå engelsk, ser at det manglar meir på nynorsk enn på bokmål. Det er mange fleire termar å diskutere og etablere.

– Universitetstilsette bruker mange digitale løysingar i kvardagen, til dømes for å undervise eller sensurere. Det er vel lite nynorsk i slike tenester?

Kristiansen: Det er eit problem at mange digitale læremiddel berre er tilgjengelege på engelsk. Dersom dei finst på norsk, er det på bokmål. Dersom dei kjem på nynorsk, er det seinare. Her kan styresmaktene leggje føringar. Den som vinn anbodet, må kunne levere tenesta på både bokmål og nynorsk samtidig. Elles er nokre av systema du siktar til, knapt norskspråklege og iallfall ikkje på nynorsk.

Våge: Språklova som kom i fjor, kunne godt ha vore testa på slike tenester. DFØ (Direktoratet for forvalting og økonomistyring) har ein app, ei løysing for mellom anna å registrere arbeidstid eller søkje om reisegodtgjersle. Denne finst berre på bokmål, og eg har sjølv klaga det inn for Språkrådet. DFØ nektar å lage ein nynorskversjon.

– Den nye språklova styrkjer nynorskens plass. Har dette verka?

Kristiansen: Ja, eg har merka ei haldningsendring i ulike forum. Det er ikkje berre nerdar som meg som legg vekt på at dei nynorske formene og terminologien skal vere med. No er haldninga at «sjølvsagt skal nynorsken med» vorten meir utbreidd. Det har sige meir inn i offentleg forvalting, som i Nav. Det er på veg til å verte meir sjølvsagt og ikkje berre eit ork.

Våge: Men det tek tid. Mitt direktorat syndar big time med nynorsken. Elles gjev digitaliseringa mange moglegheiter. Medan ei nynorsk, trykt ordliste innanfor eit fag kanskje nådde nokre hundre, kan digitale ressursar nå svært mange. Med digitale verktøy er det langt lettare å røkte nynorsk fagspråk. Digitale læreverk kan gjenbrukast. Ein treng ikkje trykkje ei lærebok, men kan lage ein termbase å slå opp i.

Kristiansen: At bokmål- og nynorskordboka på nett har fått felles brukargrensesnitt, er ei positiv endring. Slik er det òg i Termportalen (nasjonal søkjeportal for terminologi utvikla ved Universitetet i Bergen, journ. mrk.). Ein må ikkje leite etter nynorsken, han dukkar opp saman med bokmål. Elles er det framgang når det gjeld omgrepsharmonisering, ein nasjonal standard for kva omgrep og termar ein skal bruke i offentleg sektor, eit arbeid som Digitaliseringsdirektoratet koordinerer. I standarden blir no nynorsk integrert, og dette vil sive ut i det offentlege, til dømes til Brønnøysundregisteret, Nav og skatteetaten.

– Marita, du sa på førehand at du kanskje ville innrømme ei synd. Vert det noko av?

Kristiansen: Ja, då eg jobba med språkpolitikk på Noregs handelshøgskole (NHH) rundt 2010, brukte NHH, som dei fleste universitet og høgskular, for mykje engelsk. Då var eg medviten om å ha fokus på norsk vs. engelsk og ikkje nynorsk vs. bokmål. Eg visste at dersom eg tok til å snakke om nynorsk, kom gardina til å gå ned, og det ville ha vore vanskeleg å få til gode diskusjonar. Eg trur det er eit betre klima for å snakke om nynorsk no.

  • Les meir: