Har radikalt bokmål ein rettmessig plass i akademiske tekstar?
LUKK
Annonse
Annonse

Har radikalt bokmål ein rettmessig plass i akademiske tekstar?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 20. februar 2023 kl. 17:47

Lovnad om innhald: Når personlege språkval vert synlege, vert òg personen meir synleg.

Sjølvsagt, meinte Irmelin Kjelaas, som i 2017 skreiv ein smått legendarisk kronikk i Forskerforum. Ho reagerte på denne tilbakemeldinga frå ein tidsskriftsredaksjon: «En ting vi stusset litt på var at du bruker ‘ei’, bestemt artikkel, en god del og en god del partisipp med -a ending, som vi vanligvis ikke ser i akademiske tekster».

Kjelaas skreiv, nokså oppgjeven: «De ‘stusset’? Vel, jeg stussa og stusser enda mer. Jeg stusser over at en norsk tidsskriftredaksjon ser så få hunkjønnsartikler og a-endinger at disse framstår som bemerkelsesverdige.»

Ole Våge rår grunnen aleine denne gongen. Han understrekar at dette ikkje er feltet hans, så han kan berre synse.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi (foto: Moment Studio).

– Ja, kva synsar du?
– Eg hugsar godt denne teksten. Eg vart perpleks over den anakronistiske haldninga som kom til uttrykk i kommentaren Kjelaas hadde fått.

Etter kronikken til Kjelaas spurde Forskerforum nokre vitskaplege tidsskrift kva praksis dei hadde. Dei fleste sa at dei tillot alle godkjende former. Arne Skorping, redaktør for Naturen, hadde ei anna line: «Jeg vil ikke godta en nynorskartikkel på ‘Olav H. Hauge-nynorsk’, og jeg tror nok at jeg også ville ha reagert hvis den var skrevet på AKP-ml-språk fra 1970-årene.» I den same artikkelen understreka språkforskaren Stian Hårstad at alle tidsskrift har lov til å ha si eiga husnorm. Dei er ikkje underlagde mållova slik som statlege instansar er.

Korleis er praksisen nokre år etterpå? Våge har teke ein liten sveip over kva språklege retningsliner tidsskrift har:

– Dei fleste oppgjev ingenting. Nokre har vage formuleringar i retningslinene for fagfellar. Bioingeniøren ber dei vurdere: «er språket akseptabelt?» utan at dette er utdjupa. Acta Didactica Norden spør om fagfellane kan ta stilling til om artikkelen «har et godt språk».

– Men det er eit interessant unntak: Tidsskrift for Den norske legeforening (frå no av kalla Tidsskriftet), seier Våge.

Før han fortel om funnet sitt, skyt eg inn at Tidsskriftet har ein svært språkmedviten redaksjon. Dei har mellom anna laga ei ordliste på over tre tusen ord over tilrådde, helst norske, fagtermar. Der står det til dømes: «drop attack, bruk fallanfall» og «ikke bruk cancer ved generell omtale, bruk helst kreft».

Og så kjem oppdaginga til Våge:

– I ein artikkel frå 2019 står det: «Vi har fjernet allmennordene fra Tidsskriftets ordliste og ber nå isteden forfatterne om å følge gjeldende offisiell rettskriving. I praksis betyr det større valgfrihet og rom for individuell språkstil.» Dette er svært klokt skrive, seier han.

I denne artikkelen merkt «Fra redaktøren» står det at husnorma før dette følgde eit moderat bokmål med lite rom for variasjon. Ben, boken, deltager, endrede, frem, trett var tillatne former, men ikkje bein, boka, deltaker, endra eller trøtt. Og vidare: «Mange føler seg ikke hjemme i en slik ‘språklig tvangstrøye’ og blir frustrerte over å få rettet ordformer som er naturlige for dem. Ikke så rart, all den tid formene er i tråd med den offisielle bokmålsnormen.»

Og så kjem sjølve fyndordet der Tidsskriftet òg viser til kronikken til Kjelaas: «Vi ønsker ikke å bidra til å opprettholde oppfatningen om a-endinger og diftonger som uakademiske.»

– Dette er veldig gledeleg og imponerande. Artikkelforfattarane kan dermed bruke heile valfridomen i norsk rettskriving. Tidsskriftet har teke ein posisjon der det er Språkrådet som avgjer rettskrivinga, ikkje ein redaksjon eller ein fagfelle, seier Våge.

– Fleire enn Kjelaas har nok fått negative reaksjonar på radikalt bokmål i akademiske tekstar. Kva kan vere grunnen?

– Reaksjonen ho fekk representerer utdaterte språkhaldningar, og eg lurer på om det kan liggje noko anna bak. Ved å velje markert radikalt bokmål, skil teksten seg meir ut. Når personlege språkval vert synlege, vert òg personen meir synleg. Eit ideal i forskinga er at ho ikkje skal vere betinga av ein person, men av metoden.

– Det høyrast ut som ein god spekulasjon.

– I kva grad artikkelforfattaren vert synleg gjennom språklege val er eit interessant spørsmål, som òg til dømes kan gjelde bruk av personlege pronomen. Språkforskar Trine Dahl og andre i Bergen har forska på praksisen i lingvistikk, økonomi og medisin. I lingvistikk er fyrste personsformene «eg» og «vi» meir brukte enn i dei to andre faga. I medisin løyner forfattaren seg i språket, medan økonomi er i ein mellomposisjon.

– For å vere frekk mot ein språkvitar: Jo mindre vitskaplege fag, jo meir subjektiv kan ein vere?

– Dette har med tradisjonar å gjere. Kor fysisk eller objektivt er forskingsobjektet? I medisin er det relativt stor konsensus. I lingvistikk er det så mange konkurrerande teoriar og paradigme at det kan vere ei ærleg sak å sleppe til eit «eg».

– Korleis tolkar du bruken av pronomenet «vi» i vitskaplege artiklar?

– Ein kan skape pondus. Enkeltforfattaren har eit kollektiv av rasjonalitet bak seg.

– Det ville vere synd om bruk av radikalt bokmål i ein akademisk tekst liksom skulle tyde på at ein er meir subjektiv.

– Det må sjølvsagt vere heilt greitt å velje radikalt bokmål utan å indikere at ein behandlar stoffet meir subjektivt enn objektivt.

  • Les også: