Kan eit godt prosjektakronym auka sjansane dine til å vinne forskingsmidlar?

PETIT: I ein redaksjon kan det bli mange e-postar å ta stilling til i løpet av ein dag. Men innimellom er det noko som skil seg ut.

«Med dette inviterer vi til todagarskurset SHINY UNICORNS (Skikkeleg god Hjelp med akronym som sIkrar deg forskiNgsmidlar, siteringar, nobelprisnominasjonar og Ynvitasjonar til gjesteforskaropphald ved UNIversitet som både ligg på topp 10 på The Times Higher EduCation si rankingliste og på same tid ligg på Bali, frå nO av og fRam til peNSjonsalder) i våre lokale på Lysaker.»

Ring, ring.

– Du er komen til eit ikkje nærare spesifisert norsk forskingsforvaltingsorgan, kva kan eg hjelpe deg med?

– Ja, hei, det gjeld dette SHINY UNICORNS-kurset. Kven er målgruppa?

– Det rettar seg først og fremst mot forskarar på alle nivå. Det er jo eit faktum at berre om lag 0,037 prosent av søknadane om forskingsmidlar når opp i konkurransen. Det mange enno ikkje er klar over, er at eit dugeleg prosjektakronym aukar denne sjansen til nær 86 prosent.

Ser det bra ut i Comic Sans? Kan det uttalast av både deltakarar i kliniske studiar og av statsrådar?

– Og kva er eit godt akronym?

– Det er engelsk. Så må det sjølvsagt skape positive assosiasjonar. BEST og SMART er klassikarar, men litt oppbrukte. IMPACT er på veg inn. For litt sidan hadde vi ein som prøvde å selje inn infrastrukturprosjektet sitt under akronymet FLABB-e. Patetisk. Du forstår kvifor det trengst kurs.

– Men kvifor er akronym så viktige?

– Mellom oss sagt, så har omstilling og effektivisering ført til at ingen har tid til å lese søknadar lenger. Difor har vi gått over til å berre vurdere akronyma, rangere dei etter eit intrikat poengsystem der ein mellom anna får ekstrapoeng dersom ordet har ei vag tilknyting til fagfeltet, eller dersom nokre av bokstavane faktisk finst i prosjekttittelen, og så tildele midlar utifrå det.

– Er ikkje det litt… tvilsamt?

– Eg forstår ikkje spørsmålet.

– Ja, altså, bør ikkje kvaliteten på søknaden vere avgjerande?

– No tykkjer eg du insinuerer at det ikkje er nokon samanheng mellom kvaliteten på søknaden og på akronymet. Vi meiner tvert imot at eit akronym gjev eit indirekte mål på omtrent alt vi er interesserte i å vite. Inneheld det eit morosamt ordspel? Spelar det på ein fagleg referanse som berre dei mest innvigde vil fange opp? Ser det bra ut i Comic Sans? Kan det uttalast av både deltakarar i kliniske studiar og av statsrådar? Kan du lage eit akronym som scorar høgt på alt dette, har du heilt opplagt det som skal til for å skrive ein god søknad.

– Kva er din eigen favoritt?

– HEART. Ikkje berre gjev det varme assosiasjonar, det gjev også to og ein halv milliard treff på Google. Dermed vil ingen finne prosjektet ditt, du slepp brysame spørsmål og kan konsentrere deg om forskinga.

 

*Frykteleg, Akronym-indusert TIlstand av Grundig Utmatting og Energitap