Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Fleire kvinner i ungt akademi

Med 14 nye medlemmar planlegg Akademiet for yngre forskarar å trappe opp aktiviteten ytterlegare.

Illustrasjonsfoto: Aksel Kjær Vidnes

Leiar i AYF, Anders Schomacker, kan ønske 14 nye medlemmar velkommen i organisasjonen. Foto: E. F. Baardsen

Etter årets inntaksrunde er 14 nye medlemmar tekne opp i Akademiet for yngre forskarar. Totalt er ein no oppe i 34 medlemmar, av dei 40 som er målet. I dei to åra som er gått sidan Akademiet for yngre forskarar vart etablert på initiativ frå Det Norske Videnskaps-Akademi, har organisasjonen vore ei tydeleg stemme i den forskingspolitiske debatten. Dei har teke opp spørsmål som psykisk helse, midlertidigheit, mobilitet, og forskingskvalitet. I denne andre inntaksrunden var 70 prosent av søkarane kvinner, med den konsekvensen at Akademiet no har 62 prosent kvinner og 38 prosent menn. På sikt er målet ein jamn kjønnsbalanse, og ei meir spreidd geografisk samansetting. I dag er Osloregionen overrepresentert, men organisasjonen er nøgd med at ein no har fått medlemmar frå høgskular, sidan alle medlemmane frå første opptak var tilsett ved universitet eller forskingsinstitutt. Akademiet for yngre forskarar var i år for første gong tilgodesett med ein eigen post i statsbudsjettet, på 2,1 millionar kroner.

Pentagon truer med å kutte støtte til 30 universiteter over Kina-samarbeid

Forskningsinstituttet Norce felt for diskriminering for å avvise russisk søker

Å få forskningsmidler tidlig i karrieren har større betydning for kvinners videre forskerkarriere enn for menns, viser en ny studie.

Tidlig finansiering styrker kvinnelige forskere

Doktorgradsutvalg: – Vi skal se på kontraktslengden

Få unge forskere vil anbefale andre å velge en karriere som forsker

Aasland ber universitetene vurdere skjermforbud

Tusenvis av studenter klager på sensur – flertallet får samme karakter etter klage

Nokut varsler Høyskolen Kristiania om krav på 155 millioner kroner

Lukk meny