Vil premiere open publisering
LUKK

Vil premiere open publisering

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 17. oktober 2017 kl. 10:24

EU er i ferd med å utvikle eit rammeverk for å gje utteljing til forskarar som publiserer forskinga si med open tilgang.

EU-kommisjonen har dei seinare åra vore ein sterk pådrivar for open tilgang til publisert forsking, open deling av forskingsdata og utbygging av infrastruktur for forsking og datadeling, såkalla «Open Science». No har ei arbeidsgruppe sett på moglege nye måtar å vurdere forskarkarrierar på, som premierer open publisering og datadeling.

Sjølv om det tilsynelatande lenge har vore semje om at offentleg finansiert forsking så langt som råd bør vere tilgjengeleg for alle, har det i praksis vist seg vanskeleg å få til. Ei viktig hindring er at forskarar oftast blir vurderte ut i frå kvar dei har publisert forskinga si, noko som helst favoriserer det eksisterande publiseringssystemet. Det har difor vorte tydeleg at dersom ein meiner alvor med å ønske seg eit ope forskingssystem, må ein gjere noko med måten forskarkarrierar blir evaluerte på. Med det for auge har EU-kommisjonen bede om råd frå ei arbeidsgruppe om korleis ein kan sikre at publisering i opne kanalar, og andre aktivitetar som kjem inn under «Open Science»-paraplyen, gjev utteljing for forskarane.

Les også: Må tenkje nytt om vurdering av forsking

I rapporten peikar arbeidsgruppa på at sjølv om behovet for meir varierte vurderingsmåtar kanskje er størst for forskarar som er i starten av karrieren, så må endringar i vurderingssystemet gjelde i alle stadium av forskarkarrieren dersom ein skal ha von om å verkeleg få til eit opnare forskingssystem. Gruppa forslår ei lang rekkje vurderingskriterium, der ein kan plukke dei som er relevante for situasjonen. Kriteria spenner frå publisering i opne kanalar eller i vitenarkiv, til å delta i offentleg debatt om forsking, delta i forskingsprosjekt med eit større spekter av samarbeidspartnerar, eller å arbeide for opne forskingspraksisar frå ein leiarposisjon.

Kriteria blir presenterte som eit rammeverk som kan leggast til grunn for evalueringssystem i ulike samanhengar, både på individ- og institusjonsnivå. Meininga er at dei skal kunne tilpassast ulike karrierestadium. Ein forskar som er i startfasen, kan få utteljing for å lære om «Open Science»-aktivitetar, ein meir etablert forskar kan få utteljing for å delta i, eller setje i gang, slike aktivitetar, eller for å gje støtte og mentorering, eller vere med å utvikle institusjonelle praksisar.

Bygge ned barrierar

Arbeidsgruppa legg vekt på at vurderingsinstrumentet må brukast med omtanke. Ein forskar som søker ei stilling i akademia etter mange år i industrien, kan til dømes ikkje målast på akademiske publikasjonar. Ein del av målet med vurderingsinstrumentet, er å bygge ned slike barrierar som hindrar forskarar i å arbeide på tvers av sektorar og disiplinar. Gruppa konkluderer med at implementering av desse vurderingskriteria må gå hand i hand med ei kulturendring i akademia og i forskingsråda når det gjeld kva som er verdifulle aktivitetar for forskarar. Dei tilrår at implementeringa av nye system blir nøye overvåka og forbetra undervegs. Også viktige forskingspolitiske målsettingar på nasjonalt nivå og på EU-nivå kan måtte reviderast for å inkludere fleire kriterie, påpeikar dei.

I tillegg til kriteria for vurdering av forskarkarrierar, foreslår gruppa eit rammeverk som institusjonar kan bruke for å sikre at opne forskingspraksisar har tilstrekkeleg institusjonell tyngde bak seg.

For å vere betre rusta til å implementere planane om «Open Science», har EU-kommisjonen også lansert ei nettside som samlar informasjon om trendar og utvikling innanfor opne forskingspraksisar. Nettsida overvakar ei lang rekkje indikatorar som gjeld open publisering, akademisk kommunikasjon og datadeling. Verktøyet ligg føre i betaform og vil vere fullt operativ neste år.

Rapporten om evaluering av forskarar er til behandling hos den europeiske Open Science Policy Platform, som har til oppgåve å rådgje kommisjonen om korleis ein best kan implementere opne forskingspraksisar.