Statsbudsjettet 2020:

‒ Urimeleg fordeling av forskingsmidlar til fylka

Av Johanne Landsverk

Publisert 31. oktober 2019

Fylka som slår seg saman, vil få mindre forskingsmidlar enn fylka som står aleine. – Urimeleg, meiner Jenny Følling (Sp).

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å auke løyvinga til regionale forskingsfond (RFF) frå 183,3 millionar kroner i 2019 til 189,1 millionar i 2020. – Her i RFF Vestlandet har vi fått mange gode prosjektsøknader som vi må avvise, så sjølv om tilskotet aukar litt, kunne eg ønskt meg meir, seier Jenny Følling (Sp). Ho er fylkesordførar i Sogn og Fjordane og avtroppande styreleiar for RFF Vestlandet, som er eitt av sju regionale forskingsfond i Noreg (sjå faktaboksen). I kvart av fonda har minst to fylkeskommunar tidlegare samarbeidd om bruken av midlane. Men med ny fylkesstruktur vil kvart fylke få sitt eige forskingsfond og forskingsmidlane bli fordelte på elleve fylkeskommunar. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit forslag til ny forskrift for dei regionale forskingsfonda som skal tre i kraft 1. januar 2020. Ifølgje departementet skal den einskilde fylkeskommunen sjølv velje modell for styring av tilskotsordninga, men Forskingsrådet skal framleis spele ei viktig rolle som kvalitetssikrar i behandlinga av søknadene.

Straffar samanslåing

Fakta
Regionale forskingsfond (RFF)
• skal styrke forskingsevna til regionane gjennom tilskot til forsking og
innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats

• har i dag sju fondsregionar: Vestlandet, Agder, Innlandet, Hovudstaden,
Oslofjordfondet, Midt-Noreg og Nord-Noreg

• vil frå 1. januar 2020 bli elleve forskingsfond, eitt for kvar ny fylkeskommune

I dag blir 5 prosent av midlane sette av til fondsregion Nord-Noreg, medan 95 prosent deretter blir fordelte mellom fondsregionane. Halvparten av desse midlane blir fordelt etter talet på fylke i fondsregionen, den andre halvparten etter folketalet i desse fylka. No foreslår departementet å justere fordelingsmodellen slik at 60 prosent av midlane skal fordelast likt mellom dei nye fylkeskommunane og 40 prosent etter folketalet.

Følling reagerer på at dei fylka som Stortinget har vedteke å slå saman, blir straffa i den nye fordelingsnøkkelen.

– Når potten skal fordelast på fylka, vil dei som slår seg saman med andre, få mindre enn før. Det er urimeleg om vi i Sogn og Fjordane, som no blir slått saman med Hordaland, kanskje får 18 millionar av midlane, medan Rogaland, som står att aleine, får 16 millionar. Dette rimar dårleg med at dei nye fylkeskommunane skal få overført fleire og sterkare verkemiddel. Så eg stiller spørsmål ved heile fordelingsnøkkelen, seier ho. 

– Bra for Nordland

Iselin Marstrander, administrerande direktør i Nordlandsforskning, har derimot stor tru på den nye organiseringa. I dag har dei tre nordlegaste fylka eitt felles forskingsfond, men dette blir no splitta opp, slik at Nordland får sitt eige fond og Troms og Finnmark eit anna.

– Slik det har vore fram til no, må dei som styrer fondet, bli einige om støtte til forskingsprosjekt i tre svært ulike fylke. Når Nordland får sitt eige fond, vil ein kunne prioritere forsking i eigen fylkeskommune på ein heilt annan måte, meiner ho.

Nordlandsforskning er blant dei som tidlegare har fått støtte av det regionale forskingsfondet i Nord-Noreg. Marstrander er svært positiv til det som no skjer:

– Eg trur den nye innretninga vil vere mykje betre designa for næringslivet her i Nordland, seier ho. 

Forslaget til forskrift er no ute til høyring med svarfrist 12. november.