Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Statsbudsjettet: Desse museumsbygga får mest

Museum i Kristiansand, Skien, Elverum og Vadsø får om lag 10 millionar kvar til bygg.

Telemark museum får fordelt over fleire år 45 millionar kroner til eit nybygg i Brekkeparken (biletet). Foto: KBerge/Wikimedia Commons
– Å få bygget Anno Dokumentasjonssenter med fellesmagasin har vært Annos viktigste strategiske prioritet de siste 8 årene. Det er utrolig gledelig at vi nå blir i stand til å oppbevare Hedmarks rike kulturarv på beste måte for fremtiden. Det seier administrerande direktør i Anno Museum Sven Inge Sunde på heimesida til museet. Jubelen ved Anno Museum er stor etter at regjeringa kjem med framlegg om eit tilskot på 11 millionar i statsbudsjettet.

Frå Kristiansand til Vadsø

Regjeringa føreslår totalt sett 285 millionar til prosjekt i kategorien «nasjonale kulturbygg» i 2019. Det går fram av framlegget til statsbudsjett, som kom i dag. Desse museumsbygga får ifølgje ei pressemelding frå Kulturdepartementet mest i 2019:
  • Anno museum 11 millionar.
Løyvinga skal gå til eit dokumentasjonssenter på Elverum – eit nybygg på området til Glomdalsmuseet. Bygget i massivt tre skal løyse behova for fellesmagasin for både Anno museum og Norsk Skogfinsk Museum. Totalbudsjett for prosjektet: 170 millionar kroner.
  • Sørlandets kunstmuseum: 10 millionar.
Museet skal bygge om ein tidlegare kornsilo til nye lokale for å verne og formidle samlingane til museet, ikkje minst ei kunstsamling donert av Nicolai Tangen. Totalbudsjett for prosjektet: 530 millionar kroner.
  • Telemark museum: 10 millionar.
Dette skal gå til oppføring av eit nybygg i Brekkeparken i Skien for å gje museet eit heilårsope museumstilbod og betre arbeidstilhøve for dei tilsette. Totalbudsjettet for prosjektet: 136 millionar kroner.
  • Vadsø kommune/Varanger museum: 10 millionar.
Vadsø kommune har kjøpt det gamle NRK-bygget i Vadsø for å huse Varanger museum. Prosjektet inneber ombygging, slik at bygget mellom anna kan fungere som eit nasjonalt senter for kvensk/norskfinsk kultur. Totalbudsjett for prosjektet: 67 millionar kroner.

18 nye prosjekt

Regjeringa har sett av pengar til i alt 18 nye prosjekt. Desse kjem i tillegg til vidareføring av åtte prosjekt som alt er vedtekne, til dømes det nye Munchmuseet i Oslo. Andre som får støtte i denne runden er mellom anna Bymuseet i Bergen, Norsk Folkemuseum, Mjøsmuseet og Valdresmusea. Heile oversynet er å finne her.

– Samlinga vert skadd kvar dag

Kunnskapsdepartementet har òg ansvar for ei rekkje museum. Blant dei er Vikingskipshuset, som ligg under Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO). UiO-rektor Svein Stølen reagerer sterkt på at det ikkje ligg pengar til vedlikehald av Vikingskipshuset i statsbudsjettet: – Politikerne synes dessverre ikke å ha tatt innover seg hvor dramatisk situasjonen er. For hver dag som går skades samlingen, og uten midler til nødvendig sikring fortsetter den alvorlige ødeleggelsen, seier Stølen i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo. UiO viser til at ein det siste året har oppdaga nye skadar ved både Gokstadskipet og Osebergskipet, og i sommar måtte Gokstadskipet akutt støttast opp. «Uten omfattende sikring vil skipene langsomt brytes ned og til slutt kollapse over dagens oppstøttinger», heiter det i ei kritisk pressemelding frå UiO. Les også:
Frykter at vikingskipene kan kollapse: – Må vurdere å stenge museet for publikum
 

Universiteter jobber med forbud mot KI-briller

Fortsatt nedtur for universiteter og høgskoler

Stefan Schauber og Gunnar Rye Bergersen ved Universitetet i Oslo

Vil forby KI-sensur: – Fem år for sent, sier forskere

Omsorgsansvar og forskerkarriere kan være krevende, perfekt og kaotisk

Omdiskutert professor har sagt opp jobben på norsk universitet

Bernt Hagtvet mener UiB bør granske historieprofessor

Regjeringen vil fortsatt delta i Horisont Europa

Israel ber UiB om disiplinærtiltak mot historieprofessor

Lukk meny